Puppe som notaflæ

Joda, Søren's Anders'en hadde fleire interesser enn brislingfiske. Såleis kunne han ein gong fortelja at ein sommar dei vat  på fiske ved Tysnes møtte han ei fager jente.  "Ho hadde puppe som notaflæ farr" erindra han med eit lurt smil.


Om å få seg kjæreste

Det var ein kar frå Sæbøvik som hadde funne seg kjæreste på folkehøgskulen, eller kveldsskulen som ein kalla det. 

Karen var spent på kva kameratane tykte om jenta, og spurde ka synst de kara? Ho e nå ikkje så galen var svaret. Ikkje så galen...., me e nå ikkje så fine me heller svara hin.


Da dogga i grase farr

Ein skikkelig ufyselig dag med drittvær stod eg i døro inn til gamla bakeriet. Kuling med regn som kom vassrett, det kunne knapt bli surare. Då kom Sørens Andersen forbi. Han låg omlag i 45 grader mot været med bømlahuo godt ne på naso. Uljekle va da ikkje snakk om, men dongeri. Han glytte bort på meg og så kom da : Da dogga i grase farr.

Per Ottar Tofte

 

Sørens Anders’en


Eg byggje ikkje hus for andre sine onga

GULLKODN:

Ein av ungkarane i upsagjengen bygde seg nytt stort hus på Sæbøvikjo. Då fekk han  spørsmål frå ein annan i gjengen..

Sitat: ja, du skal vell finna deg eit kvinnfolk nå og gifta deg ? Svaret kom kontant. Nei, «eg byggje ikkje hus for å  husa andre folks sine onga». 

Men han gjorde da likevel. 

Kanskje var det etter at S.A. viste blåfilm for upsagjengen i kålbingen til odden at han endra syn på dette, for gifte seg gjorde han jo.

POT/FS