FRAKKANE FRÅ HALSNØY

I 1986 skulle Ungdomslaget Ljosglytt på Halsnøy setje opp ein revy. Då blei Jostein, Audun og Hallgeir Tvedten spurt om å bidra med noko musikalsk. Dei forente seg med Roy Faste Særsten på bassgitar og Halvard Michael Sæbø på trommer, og starta  show-bandet som fekk navnet Frakkane. Seinare kom Rune Dahle med på trommer.

Navnet var inspirert av eit praktisk klesplagg som var på veg ut av motebilde på den tida. Vaselina Bilopphuggsers som var svært populære på denne tida vart også inspirasjonskjelda deira. Og heldige var dei som hadde storhumoristen Jostein i familien. Dei plukka ut kjente låtar og laga lokalt tilpassa tekstar på desse.


Dei hadde jamvel eigen maskot, og Leif Sjo (Leif lærar) blei i 1988 tildelt æresmedlemskap og maskot i showbandet fordi Jostein meinte han på ein framifrå måte promoterte og brukte klesplagget gruppa hadde som navn.

Frakkane vart ein knallsuksess. Mange vil nok hugse dei årlege showa dei kjørte. To framsyningar var ikkje nok, på det meste selde dei 3-4 fulle hus på samfunnshuset. Rykta om Frakkane gjekk, så etterkvart vart dei invitert til å opptre i andre bygder, nevner her Strandebarm og Uskedalen. Frakkane spelte også for minst 1000 publikummarar på Varhaug / Bryne der publikum for det meste hadde tilknytning til Halsnøy.

Hovedårsaka til at Frakkane blei så populære var nok fyrst og fremst Jostein, eit naturtalent som sikkert kunne livnært seg på underhaldning om han hadde budd i Oslo. Med sin enorme evne å immitere andre, sceneutstråling, god skuespelar, forteljar mm vart han det naturlege midtpunktet i showa. Frakkane haldt det gåande i 5 år, skreiv eigne tekster og laga og parodiar på kjente norske og internasjonale låtar og artistar. Dei haldt det gåande heilt til 1991, men slutta altså mens leiken var god som dei seier.

På showa parioderte Jostein alt frå Tina Turner, Leonard Cohen til kongen. Audun viste og at han var i slekt m broder Jostein, og gjorde blant anna ein framifrå parodi på revykongen Dag Frøland i pelsfrakk. Om ikkje nok, mange vil også hugse alt arbeidet dei la ned på scenen. På eit show hengte dei opp minst 25 frakkar, på eit anna hang Josten i ein ekte fallsjerm på scenen. Dei brukte minst 100 dorullar til pynt… dette berre for å nevne noko.

Diverre er det ikkje videoopptak av alle karakterane/showa dei framførte, men nokre avisutklipp og nokre snutter vil me dele her.

Også Anki og Maren var med på eit show dei hadde, og sang ein låt som dei kalla «Mjølk e godt»

FRAKKA SHOW

Video: Hallgeir Tvedten

LET`S ROCK

Waterloo frå Øyatun til Grieghallen

Fram mot jul og vinteren vil 5454senior / Liv og røre i Sæbøvik by på bilder videoar og historiar om desse banda som prega ungdomstida på Halsnøy på 70 talet. Både Waterloo og Frakkane var store innan sine sjangerar, og vel kanskje dei i Kvinnherad som har spelt for størst publikum. Waterloo gjorde det skarpt som danseband, og mellom anna vant dei Sunnhordlandsmeisterskapen for rockeband, deltok i NM for rockeband,  og hadde opptreden for 1500 publikummarar i Grieghallen. Så kom Frakkane med sine parodiar, sjølvskrevne og omskrevne låtar og folk gjekk mann av huset for å oppleva desse karane som framkalla lått og  løye. Dei drog fulle hus og spela for 1000 publikumarar, dei fleste med tilknytning til Halsnøy i Varhaug hallen i Bryne. Alt dette vil det komma meir om her på sida, så følg med.......Her kan det bli moro framover.

Allerede nå kan eg by på smakebitar av kva som kjem...

Eventyret begynte med Stratos

 

Omkring 1970 var kulturlivet levande på Halsnøy, og The  Tigers og Big Fiasko hadde kveikt mange unge Halsnøybuar til å satsa på musikk og Rock’n Roll. Gitarist  Alf Ståle Fjelland starta bandet Stratos. Med seg fekk han Harald Eide på sologitar, Rune Dahle på trommer, Roy Faste Særsten på bassgitar og Frøydis Johnsen som  vokalist.

Dei hadde øving på Øyatun, og Alf Ståle skaffa seg motorsykkel, rett og slett for å hente vokalist Frøydis Johnsen ute i «Verdens ende» der ho budde. Det var mange som fekk sans for både MC og musikk når Alf Ståle svinga opp på Øyatun med Frøydis på baksetet. Frøydis starta bokstaveleg talt si reise mot den vokale stjernehimmelen på baksetet på ein Suzuki 100.

Bandet starta i det små, men etablerte seg etter kvart som eit habilt band. Sologitarist Harald H. Eide briljerte med sin Fender Stratocaster, nett lik den som Jimi Hendrix som var hans førebilde hadde. Kven huskar vel ikkje Hey Joe og andre, eller Fenderslåtten av Øystein Sunde. Stundom var Harald skikkeleg i sitt ess og spela gitar med tennene nett som han hadde sett dei store gjera på tv. Dei andre stod ikkje mykje tilbake for gitaristen med Fender gitaren. I 1973 flytta Alf Ståle til Åkrehamn på Karmøy der han gjekk på yrkesskole, svakstrømlinja. Den gangen var det både praksis og teori i fagutdanninga, og på svakstrømlinja blei det bygd både  forsterkarar og høyttalarar huskar eg. Midt i blinken for dei med musikk interesse altså.

Det  blei litt omrokkering i Stratos som følge av at Alf Ståle flytta. Stratos blei til Waterloo, og inn kom Oddemann på gitar og Hallgeir Tvedten på tangent og vokal. Waterloo blomstra som aldri før, og var eit av dei meste ettertrakta dansebanda i Sunnhordland.  Harald H.Eide var med til omkring 1975/76. Harald og Waterloo gjekk då i kvar si musikalske retning. Harald spela videre for seg sjølv under artist navnet «Vela X» Eit navn han seinare har nytta både musikalsk og i forbindelse med si astronomi interesse. Han gav også ut ei LP-plate som «Vela X».

Inn kom Oddgeir Røssland på sologitar, og Waterloo skaut fart som danseband. Merkevara Waterloo, Frøydis og Mercedes var synonymt med dans, musikk og ungdommeleg gleda på Halsnøy i denne tida. Kven huskar vel ikke Waterloo-bussen, som til sist enda som hønsehus ute på Sjo?

Waterloo

 

Året var 1973, og Oddemann og Hallgeir gjorde sin entré i bandet. Nå begynte på mange måtar ei ny tid. Fokus vart meir retta mot dansemusikk og opptredenar. Waterloo var avgårde og spelte til dans mest kvar helg. Det var ei anna tid, ferjo kosta 20 kroner,  og det var mykje farting rundt om kring  i Sunnhordland. Waterloobussen var mest som eit landemerke både på Halsnøy og ellers i Sunnhordland.


Ein gong skulle dei spela ein stad på Bømlo. På ferjo møtte dei eit band frå Stord, og dei kom på snakk, og lurte på kor dei skulle. Det viste seg at Bømlingane hadde dobbel-booka til samme dansen. Banda blei einige om at dei som kom først fram skulle spela. Det vart eit race utan likje og Waterloo bussen låg lenge først i løypa, men sjåfør Oddemann kjørte feil, og då dei kom fram var det andre bandet allerede på plass, og hadde begynt å rigga opp utstyret. Men Waterloo besetningen gjorde ikkje vendereis. Dei tok seg ei velfortjent frihelg på dansegolvet. Frihelgar var det ikkje mange av i denne tida.


Med Oddemann og Hallgeir på plass kom meir  danseopptredenar, og med meir danseopptredenar vart det også behov for større repertoar, og mange nye melodiar måtte øvast inn. Hallgeir var låtskrivar eller den som skreiv teksten på melodiane. Han lytta på kassett og skreiv etter beste evne, det blei halvt norsk og halvt engelsk, og av og til bare meiningslause ord. Han var ikkje så stødig i engelsk fortel han, og mange ganger bare laga han eit ord. Høyrtest det bra ut musikalsk var det greit. Det var med andre ord Hallgeir-engelsk som blei servert i starten.  Og Frøydis stakkar song som bare det. Waterloo musikken slo an, og ingen brydde seg om teksten. Seinare måtte visst Frøydis læra seg å syngja dei samme melodiane på skikkelig engelsk.

Ein kan trygt seia at Waterloo tok skikkeleg av i denne tida og markerte seg med dansevennlig pop/rock som var veldig populær.

 

Ryktet  om det populære bandet, og til dels mykje "hurlumhei" på dansane på plattingen i Ranavik nådde bladet Sunnhordland, som rykka ut til galskapen i Ranavik for å laga eit skandele oppslag ein laurdagskveld.

 

Men slik blei det ikkje, overskrifta vart denne:

 

350 ungdommar, 12 vakter, 3 brannmenn og fin musikk frå «Waterloo»


Elles rapporterte dei om ein kvelandes varm sommarkveld, litt øltørste ungdommar utanfor området, og ingen uro.

 

I ein omtale i Kvinnheringen kan vi mellom anna lese:

 

Fin musikk

Vi var med på ei dansetilstelning med gruppa, og synest at Waterloo framførde mykje fin dansemusikk. Dei spelar ein god del melodiar av dei kjente toppgruppene, som til dømes Gasoline, og dei meistrar godt den saka.

Waterloo har gode vokalistar, og for å tekkja fram ein av dei, så syng Frøydis Sjo svært godt.Ho er og med når ho syng musikken. Elles kan me nemna Oddgeir Røssland som spelar sologitar. Han hadde nokre fine solo-inngrep som gjekk i stil med dei melodiane dei spela.

 

Vi spelar så lenge vi likar å spela sa den smilande Waterloo besetningen  til samme avis.

 


 

Waterloo til Åkrehamn

Det var rett og slett ikkje heilt opplagt at Åkrehamn på Karmøy  skulle verta så populært blant Halsnøy gutane først på 70 tallet. 

Men her var det yrkesskule, og mange reiste til Åkrehamn for å få seg fagutdanning. Yrkeskulen der hadde godt tilbud,og frå Sæbøvik var det vel røyr, maskin og elektonikk linjene som rådde grunnen. Sjølv gjekk eg på maskin,  og delte hybel med Alf Ståle Fjelland som gjekk på elektronikk. Alf Ståle var grunnleggjaren av bandet Stratos som seinare vart til Waterloo, og han fekk ordna det slik at Waterloo fekk spelejobb på dansen i idrettshuset på Åkrasanden.  

Me var ein gjeng på 7 som delte på å leiga eit hus, og me hadde det  fritt og fint. Ein og annan festen var det vel, og laurdagsdansane på Idrettshuset gjekk det gjetord om. Derfor var det mange frå Sæbøvik som ville følgja Waterloo når dei skulle spela i Åkrehamn. Me opna dørane for halve Sæbøvik, og forventningane til dansen med Waterloo var skyhøge


Waterloo med fans ankom med Waterloo bussen, og gitarist Oddemann stilte med den gamle Mercedesen han hadde på den tida. Mercen vart parkert utafor huset. Med så mange yre Halsnøybuar var det vel ikkje til å unngå at me vart lagt merke til, og ein politipatrulje som kjørte forbi fatta interesse for kva som føregjekk. Dei vart budne inn bare for å kunna fastslå at alt var i skjønnaste orden, bare litt " helgaglad " ungdom frå Halsnøy, verre var det ikkje. Men så lurte dei på om dei kunne få ta ein kikk på den gamle Mercedesen som stod utafor. Jaja, me hadde ikkje noko valg, og notatblokka til betjenten vart meir enn full, så kom skrujernet fram, og bilen vart ståande i Åkrehamn utan skilt resten av skuleåret..


Etter å ha svelt nederlaget med bilen måtte Waterloo levera skikkeleg på dansen om kvelden. Og gjett om dei gjorde. Når Harald H. spelte Jimmi Hendrix med bare tennene på stratocasteren og Frøydis tok Karmøybuen til himmels med Janis Joplin og Me and Bobby Mcgee. Ja, då stod jubelen i taket, og Karmøybuar og Halsnøybuar nytte livet i salig dans til langt på natt.

Waterloo spelar ved Øyatun skule 50-års jubileum i 2014

Framført ved 50-års jubileum for Øyatun Skule i 2014

Bilder og audio: Hallgeir Tvedten

Video; Hallgeir Tvedten

I 1975/76 vart det som nevnt eit omskifte i besetningen. På sologitar kom Oddgeir Røssland inn, og det bles ein varm straum med fin og melodiøs pop/rock danse musikk over Sunnhordland og heile Hordaland.

Ein stund på denne tida var også Svein Arvid Møller med i bandet.

Waterloo behaldt alltid den velkjente og populære stilen som gjorde dei til eit av dei store dansebanda i Sunnhordland på 70-talet.

Oddgeir Røssland skreiv også eigne melodiar som dei framførte på dansane, og som ungdommane likte godt.

I 1976 vann Waterloo talentkonkuransen, Talent 76 på Stord, og dei kom på andre plass i ein gruppefestival på Loddefjord Torg i Bergen.

I forkant av Talent 76 på Stord var det stor pressekonferanse der det vart gjort kjent at vinnarane av konkuransen var sikra platekontrakt samt ein sjekk på kr. 500,- som ville bli utdelt på scenen straks vinnar var kåra.

Waterloo vant, og fekk etterpå overrekt kovolutt på scenen. Det viste seg at konvolutten var tom, og då band leiar Hallgeir Tvedten bemerka detta vart det hysja ned. Hendinga fekk stor oppmerksomhet i pressa, det heite seg at sjekken var gløymt på eit hotellrom, men om sjekken nokon gong kom så kom den iallefall seint, og først etter mange spørsmål frå pressa. Platekontrakten let også venta på seg, men i staden skulle dei få opptre i NRK TV i programmet "Ferske fjes".

Ferda til Waterloo fortsette, og i 1977 deltok dei i NM for Rockeband i Grighallen, der dei spelte for 1500 publikummerar. Det er grunn til å tru at dette var den aller største hendinga for bandet.

Waterloo haldt det gåande, dei siste åra utan eigen bil, og då leigde dei transport for utstyret med verdi til goodt over 100.000 kroner.

Dei avslutta i 1979/80, men hadde ein særs vellukka "reunion" på eit 70-tals party i Halsnøy Kulturhus omkring år 2000, og dei spelte også ved Øyatun skule sitt 50-års jubileum i 2014.


Øving,

fv Frøydis Sjo, Røy Faste Særsten, Rune Dahle, Hallgeir Tvedten og framme Svein Arvid Møller.

På scenen under Talent 76 på Stord der Waterloo vant

fv. Roy Faste Særsten, Rune Dahle, Frøydis Sjo, Oddgeir Røssland og Hallgeir Tvedteen


Foto: Hallgeir Tvedten

Strupebandet og ungdomslaget framører Jakob Sande

Haugastovo

Halsnøy Musikklag forberedelsar til 17.mai prosesjon i Sæbøvik.

Halsnøy Musikklag forberedelsar til 17.mai prosesjon i Sæbøvik.

Halsnøy Musikklag øver til 17.mai

Fremst ser me Peder Tofte (Peder bakar) og Peder Sætre (Peder bank) Skarptromma er traktert av ein ung Bjarne Johnsen som nett hadde fått opplæring på tromme av Håkon Berge som var utdanna musikar frå forsvaret. Ved sida av han er det truleg Sigunn Koløy. Den vesle guten ute til høgre er Svein Johnsen.

Halsnøy Kloster i kystpilgrimsleia

Halsnøy Storband

Havnedagane

Halsnøy Storband

Lars Magnes Orkester 2/2

Lydfil: Tor Bjelland
Lydopptak frå 80 åra med Lars Magne , Bjarne, Svein Ove og Tor med gjestevokalist Hans Petter Hansen.
Merk at Lars Magne spelar på eit ekte Ham

Lars Magnes Orkester 1/2

Lydfil: Tor Bjelland
Lydopptak frå 80 åra med Lars Magne , Bjarne, Svein Ove og Tor med gjestevokalist Hans Petter Hansen.
Merk at Lars Magne spelar på eit ekte Hamond orgel.

Tigers, reunion konsert på King Oscar tidleg på 90 tallet. 1 av 3

Opptak: Otto Johsen
Lydfil: Tor Bjelland.
Bjarne, Lars Magne, Edmund, Jan Gunnar og Tor
Tigers spelte på dansar frå 1964 og eit par tre år.

Tigers konsert på King Oscar, 2 av 3

Opptak: Otto Johsen
Lydfil: Tor Bjelland.
Bjarne, Lars Magne, Edmund, Jan Gunnar og Tor
Tigers spelte på dansar frå 1964 og eit par tre år.

Tigers konsert på King Oscar. 3 av 3

Opptak: Otto Johsen
Lydfil: Tor Bjelland.
Bjarne, Lars Magne, Edmund, Jan Gunnar og Tor
Tigers spelte på dansar frå 1964 og eit par tre år.

Halsnøy damekor syng Himmelske Fader i Eid kyrkje 1958

Solist Kjellaug Fjelland
Lydklipp: Tor Bjelland

Halsnøy blandakor. Solo Jørgen Eide 1958

Lydklipp: Tor Bjelland

Halsnøy damekor i Eid kyrkje 1958

Lydklipp: Tor Bjelland
Halsnøy damekor med solistar Kjellaug Fjelland og Aslaug Fjelland Sjo

Bondelagsradioen 1957 i Fjelberg Herad

Framføring ved årsmøtet i bondelaget 1957
Lydfil utlånt av Tor Bjelland
Lydopptak:Bjarne Bjelland
Medverkande: Margarita Bjelland, Bjarne Bjelland, Halvard Sæbø og Alf Tofte

Del denne siden