Over 100.000 unike besøk på sida 💥

Nytt på sida båtar - Diverse maritime videoar

Julemessa i Sæbøvik

Tusen takk til alle som møtte opp i kinosalen på julemessa for å høyra litt om "5454senior" , Halsnøy damekor,om Sæbøvik, Martin Enoksen , båtbygging  i Sæbøvik og Larsstø, og  konsert med The Tigers.

Frode Sæbø

5454senior.com på Julemessa i Halsnøy Kulturhus 2022

Iddisen til Halsnøens Hermetikfabrik  Foto: Jarle Handeland

Iddisen til Halsnøens Hermetikfabrik Foto: Jarle Handeland

Han va kvikk i dag farr

Heilt sidan mor mi ein haustkveld på 60 tallet bad meg om å ta sauen vår med ut til Sørens Anders'en for den laut til ver, har eg forstått att Anders'en hadde greie på mykje. Eg ankom med sauen, og Anders'en slapp den inn til veren.. Før eg visste ordet av det forkynte Anders'en, " han va kvikk i dag farr ". Jaja, tenkte eg, er det alt så skal til så skjønar eg ikkje kvifor dei voksne heima har snakka så lite om slikt. Men Andersen fekk rett. Jobben var gjort, og lamb blei da.

San Francisco, kaptein

Kalle stod til rors midt ute i Atlanteren då kapteinen kom på brua og ville veta kva kurs han styrte.  San Francisco, kaptein var det kontante svaret.

Ein laurdag ettermiddag kom Anders'en innom på Sjøhuset der Jan Koløy dreiv bensintasjon i Sæbøvik.  Som vanleg skulle han henta proviant for helga. Han fann seg to ølflasker og sette dei på disken for å betala. Men klokka hadde passert fem, og Kirsten beklaga at nå kunne han ikkje få øl, ho hadde ikkje lov å selja øl etter kl fem. Andersen treiv flaskene, stakk ei i kvar lomme og gjekk. I døra snudde han seg og utbraut med alvor i stemma,  «snakkast på mandag»

Ein skikkeleg ruskaværs dag med storm og regn, stakk Anders'en hovudet inn i døra på Toftes bakeri og hadde følgjande melding til dei på butikken. «Eg ville berre sei at da dogga i graset farr»

Kalle

Kalle

Bilder og historiar frå Sæbøvik

Eg og håbranden som Gjert Sjo fekk på garn. Foto Haugesunds Avis.

Eg og håbranden som Gjert Sjo fekk på garn. Foto Haugesunds Avis.

Denne sida er tileigna Sæbøvik og omegn, og vil presentera bilder og historiar frå nær fortid.

Motiv frå Sæbøvik

Motiv frå Sæbøvik

Den store brugdefangsten i Sæbøvik
Den store brugdefangsten i Sæbøvik
Den store brugdefangsten i Sæbøvik - Asalneset
Den store brugdefangsten i Sæbøvik -  Asalneset
Den store brugdefangsten i Sæbøvik - Asalneset

Foto serie, "Sæbøvik på sitt beste", foto Zelveste Jostein Tvedten

Sæbøvik på sitt beste
Sæbøvik på sitt beste
Sørens Anders i prat med Arild Koløy
Sæbøvik på sitt beste
Sæbøvik på sitt beste
Sørens Andersen
Sæbøvik på sitt beste
Sæbøvik på sitt beste
Magnus Johnsen
Sæbøvik på sitt beste
Sæbøvik på sitt beste
Johannes Tofte og Henry Johnsen på fisketur
Sæbøvik på sitt beste
Sæbøvik på sitt beste
Fotballkamp på Myro
Foto: Signe Johnsen Rødder.   Smed  Martin Johnsen, og Bakar Peder Tofte, begge 80 år gamle i Haugesunds Avis 1991. To gode venner, begge gode  ambassadører og kjente fjes i Sæbøvik. Smeden kunne fortelja at han hadde vore skiten i 70 år, og bakaren meinte han hadde vore rein lika lenge.

Foto: Signe Johnsen Rødder.   Smed  Martin Johnsen, og Bakar Peder Tofte, begge 80 år gamle i Haugesunds Avis 1991. To gode venner, begge gode  ambassadører og kjente fjes i Sæbøvik. Smeden kunne fortelja at han hadde vore skiten i 70 år, og bakaren meinte han hadde vore rein lika lenge.

Med helsing

Frode Sæbø,