5454senior.com over på ny plattform
5454senior.com vil med det første bli migrert over til ny webhotell-leverandør. Forhåpentlegvis vil dette gå bra, slik at følgjarane ikkje vil merka stort til det. Eg har ikkje noko særleg valg, eg lyt væra med på lasset, og billegare blir det nok sikkert heller ikkje hos one.com.
Over 100.000 unike besøk på sida 💥
Siste:
Julemessa i Sæbøvik
Tusen takk til alle som møtte opp i kinosalen på julemessa for å høyra litt om "5454senior" , Halsnøy damekor,om Sæbøvik, Martin Enoksen , båtbygging i Sæbøvik og Larsstø, og konsert med The Tigers.
Frode Sæbø
5454senior.com på Julemessa i Halsnøy Kulturhus 2022
Han va kvikk i dag farr
Heilt sidan mor mi ein haustkveld på 60 tallet bad meg om å ta sauen vår med ut til Sørens Anders'en for den laut til ver, har eg forstått att Anders'en hadde greie på mykje. Eg ankom med sauen, og Anders'en slapp den inn til veren.. Før eg visste ordet av det forkynte Anders'en, " han va kvikk i dag farr ". Jaja, tenkte eg, er det alt så skal til så skjønar eg ikkje kvifor dei voksne heima har snakka så lite om slikt. Men Andersen fekk rett. Jobben var gjort, og lamb blei da.
Ein laurdag ettermiddag kom Anders'en innom på Sjøhuset der Jan Koløy dreiv bensintasjon i Sæbøvik. Som vanleg skulle han henta proviant for helga. Han fann seg to ølflasker og sette dei på disken for å betala. Men klokka hadde passert fem, og Kirsten beklaga at nå kunne han ikkje få øl, ho hadde ikkje lov å selja øl etter kl fem. Andersen treiv flaskene, stakk ei i kvar lomme og gjekk. I døra snudde han seg og utbraut med alvor i stemma, «snakkast på mandag»