Damene i sentrum

Damene på Larsstø og Sæbøvik

 

Sidan eg budde kloss i vegen over til Larsstø var det jo slik at eg blei godt kjent med damene både på nordsida og sørsida. For det var jo slik at mange av desse sterke og vakre damene som bandt familiane og bygda saman gjekk forbi huset vårt mest kvar dag.

I dag vil eg heidra desse sentrumsdamene som kvar på sin måte sette sitt preg på dagliglivet både til familien, Sæbøvik og Larsstø.

Alltid vanka det eit smil og ei god helsing på vegen. Ja, eg trur det også var slik at alle passa litt på alle, det var vel derfor det gjekk bra med oss ungane, det var alltid nokon som hadde eit auga på oss. Dei kalla seg husmødre den gongen, sjølv om nokon i tillegg til husmorrolla arbeidde på fabrikken. Så dette med dobbeltarbeidande husmødre er ikkje ei ny oppfinning. Den største forskjellen er vel at den generasjonen eg skriv om sjeldan eller aldri klaga over at det var travelt. Eg huskar dei så vel alle saman. Dei var pådrivarar i bygda gjennom engasjement i redningsforeningen, misjon, husmorlag og heilt sikkert mange andre lag og foreningar.

Her er dei frå Larsstø til Dubbedalen og ut til Sjohaugen.

Frå Larsstø finn me  Johanne L. Sjo, eller Hanno i Bråtet, Emma Sjo, Gertrud Sjo, Gudrun Sjo, Karin Sjo, Jorun Sjo, Solveig Fjelland, Kjellaug Fjelland, Johanne Fjelland, Hildur Sjo, Olga Rygh, Helene Rygh, Signe Sjo, Dorthea Sjo, Haldis Sjo, Anny Sjo, Lillen Eide, Alise Sjo, Lisa Olsen, Olga Gundersen, Gunnvor Eide, Soffio i Røyso, Lisebeth Sæbø, Elisabeth Øvrevik, Inga Sortland, Oddveig Johnsen, Petra Kippe, Bergliot Tofte, Klara Johnsen, Millo i svingen, Hanna Krisoffersen, Klara Nilsen Sjo, Andrea Hansen, Helene Hansen, Helene Huglen, Olaug Sortland Ekelund, Karen Johnsen, Hilda Sjo, Mosse Sjo, Agnes i Hagen, Oline (Lino) Johnsen, Ingrid Johnsen, Sæbø jentene (Hanna og Marie), Else Særsten, Madel Koløy. I posten og utover Anna Særsten, Magda Særsten, Margit Særsten, Eli Brakhaug, Mary Tofte, Gunnlaug Fjelland, Annbjørg Tvedten, Alfhild Koløy, Inga Koløy, Sørens Ingrid, Anna Fjelland, Lillemor Sjo, Inga Sjo, Gertrud Sjo, Aslaug Sjo og Gudrun Sjo.

 

Sidan eg ikkje har bilde av alle desse damene, lar eg Gudrun Sjo frå Larsstø representera dei alle med ein historie om korleis livet kunne væra for ei innflytta ung jente frå Vedavågen på Karmøy. Ho er ei av desse damene som eg huskar så godt då ho passerte huset vårt dagleg på veg til Sæbøvik.

Ho gifta seg med Ingvard Sjo og flytta til Larsstø. På den tida var det vanleg at dei for med notaskøyta til Karmøy når dei skulle besøkja familen hennar. Dei hadde fått to barn på denne tida, Oddemann og Gunn Berit.

I fint vær tok dei på veg sørover. Når dei kom til Ryvarden, ville Ingvard ned og sjå til motoren, og «greasa» hylso.  Sidan det var stilt og fint og skøyta låg fint på kurs sørover fekk Gudrun i oppgave å passe roret medan Ingvar var borte frå styrehuset. Ho hadde Gunn Berit i eine armen, og Oddemann leika på dekk.

Men så var det slik at når Ingvard først var i maskinen så ville han gjera sitt fornødne på «sirio», bøtta som var nytta til slike gjeremål. Alt vel, men det tok nå litt tid, og Gudrun var langt i frå komfortabel med to ungar og ansvar for å halde skøyto på kurs sørover.

Sidan dette kom til å ta noko meir tid enn planlagt så kom Englandsbåten fossande på nord. Den laga store bølger, og skøyta skøynte ut, og i maskinrommet velta «sirio» og heile sulamitten fargela maskinrommet. Med Gunn Berit på armen kjempa Gudrun med roret, livande redd for ungane og skøyta som var på veg mot land, og i maskinrommet kjempa Ingvard med sitt. Det varte og det rakk før situasjonen kom under kontroll. Til slutt kom nå Ingvarden opp igjen og fekk skuto på kurs, men sidan den dagen har Gudrun ikkje likt seg på sjøen. Men til gjengjeld har ho fostra dugande sjøfolk og fiskarar som sikkert har både autopilot og toalett ombord.

For nokre dagar sidan traff eg Gudrun på Sæbøvik, og smilet er akkurat det samme som før.

Bildekavalkade med folk og liv i sentrum for litt sida

Bilder: Lars Magne Sjo, Zelveste Jostein m.fl.

T.G.Tofte bakeri colonial, og «nya handelslaget»

Ingrid Fjelberg m/fleire i døra på bakeriet

Småbåtrederia i Sæbøvik på 50-talet

SMÅBÅTREDERIENE I SÆBØVIK.

Det var stor leke aktivitet med småbåter i Sæbøvik på 50 tallet.


De største "Rederne" var følgende, etter antall båter.


Bjarne Johnsen 22 båter.

Sverre Olav Rygh 10 båter.

Reidar Koløy ca. 4 båter.

Leif Bjarne Koløy ca. 3 båter.


Bjarne har 2 båter igjen av flåten: "Rastøy" og "Neptun", resten ble gitt bort, også kanoen Ørn. Byggmester for "Rastøy" er ukjent, "Neptun" Byggmester Magnus Johnsen.


Sverre Olav hadde "Rasten", han fikk den av Olegutten, jeg byttet den til meg mot duer. Vi bytte båter mot duer/kaniner som de fleste av oss hadde. Det var smått med penger til vårpussen, så det forsvant litt egg fra våre foreldres hønsehus, egg ble solgt til butikkene 18 stk. pr. kg. "Svarte penger" ble hvitvasket til spiker og maling.


Det var sjøsetting hver vår. Bjarne sjøsatte ved den gamle kloakken pá Sæbøvik, brukte kanoen "Ørn" til á slepe bátene inn til "Stranda" hos Olav Koløy. Her hadde vi slipp med naust. Naustet var en kasse som vi fikk hos Robert Olsen, slike kasser som han fikk stentøy i, store gode kasser, så bygget vi tak og laget slipp. Det var ikke fritidsproblem. Naustet var så stort at vi kunne sitte inni å spise "Sjokolademus», kjempegode, finansiert med svarte penger.


Vi seilte båtene (drog med bambusstang) langs hele stranden til Klubben, som var Ålesund, vi seilte ikke lenger nord enn til Ålesund., husker ikke hvorfor, kanskje det var der det var fiske. Vi drev med både "fiske", "fraktefart", seilbåter og seiljekter. Leif Bjarne var den som var sterkest på Seiljekter. Han hadde en nydelig Hardangerjekt. Det var stort fremmøte om søndagene når vi var i stranda hos Olav, noe bildene viser Det var ofte hard konkuranse oss rederne i mellom. Det gjaldt kappseiling, fineste,største og beste båtene. Noen stygge triks var det nok, men vi ble alltid venner igjen. Det var jo kjekt à hive stein på konkurentenes båter, noe som kunne bli katastrofalt for den som gjorde det, men det gikk over. Seansen ble filmet av Norsk Bygdekino sin bil nr. 7, men den har ikke vært mulig å oppspore. Dette var litt av det vi guttene drev med på Sæbøvik på 1950 tallet. Det kunne vært skrevet en bok om alt vi fann på, både på godt og vondt.

Upsagjengen sitt møte med sjøloppo

Fiskefestival  og sjølopper

Fiskefestival  og sjølopper

Tida hadde stått stille på Sæbøvik i lang lang tid. Ein rodde ut og fiska, nokon få hadde motorbåt. Men trebåt med djupt skrog skulle det vera, og 6 knop var rekna som god fart.

Så ein søndag føremiddag på 60 tallet vart alt snudd på hovudet. Upsagjengen var som vanleg samla ved sjøhuset til Odden då Jogeir og Bøni kom dragande med ein kvit farkost, ikkje så stor, flatbotna, og laga i eit materiale som heite plast. Ingen hadde høyrt om det, men det kunne umulig halda lenge. Motoren var kvit også. Mercury 20. TJUE hestar, lika mykje som i ei notaskøyte.

Jogeir og Bøni drog båten som dei kalla for sjøloppe ned på Landakaien. Eg høyrer endo lyden av Johannesen når dei plasserte seg ein framme og ein bak, løfta den opp og praktisk talt kasta båten på sjøen utafor kaien. Og den var like heil.. Men det slutta ikkje her.. OVER 20 KNOP.. hallo 20 knop.. Dei var te Sjoøyo før Johannesen forstod kva som føregjekk.

Tida vart aldri meir den samme på Sæbøvik. Med dette var ein ny tidsalder kommen til øya. Tru meg, den vesle sjøloppa fekk meir oppmerksomhet enn nokon annan båt har fått på Sæbøvik, ever.......

Den stolte eigaren Jogeir Sjo og sjøloppa hans er for alltid på kartet nett som Halsnøybåten, Skjoldmøen og Toftevåg.

SJØLOPPER. På øverste bildet trur eg det er Sjøloppo til Jogeir i tet ut på fiskefestivalen. Men det er ikkje den originale motoren, og truleg Arild eller Henrik som fører båten.På bildet under er det Per Fjelberg i si sjøloppe med 45 hk Chrysler som han kjøpte av Magnar Reigstad


Tekst og foto: Frode Sæbø


Ein gong fiskar, alltid fiskar

I dag skriv eg litt om heidersmannen, naboen og slektningen min Per. Han er eit sant produkt av tida eg likar å skriva om. Han vaks opp med foreldre og onklar, alle fangstmenn og fiskarar. Eller som dei sa, me var på skyttri då dei hadde vore på jakt. Eg kan minnest løa til Sørensgutane heilt kvit kledd med alker som dei hadde jakta, og nisekjøt var kvardagsmat. Tenk dåke ei løe midt i Sæbøvik tredd med alker.. Slikt blir det barneminner av. Forresten meinte Sørens Andersen at sosen var nå best når det var alke på bordet.


I stovo til Sørensgutane vart det kvar kveld sydd eller bøtt garn, og Peren lærte tidlig både å bitta og fella garn. Var det ikkje garn gjekk det i å laga hummar teiner eller kalvar til teinene av braka spiler. Vesle Per saug alt dette til seg, og det forma han til den lidenskapelige fiskaren han er den dag i dag. Det er vel ingen som kjenner hummarplassene bedre enn han.


Den første teina til Per var laga av ein gammal Tandberg radio som han monterte kalvar i.


Om våren var han med onklane på notahuset i Laukhedlo. Då var det reparasjon av brislingnøter. sMidt i notadungen, saman med 4-5 vaksne karar sat han og var med og evde (sy eller bitte ) og sette inn bolkar med not. Dei evde med slike nøklar som ein åpna sardineskene med før. Handtaket var klipt av og når ein spissa dei vart dei perfekte til å sy finmaska brislingnøter med med.


Ein dag vart han lei heile notastyret og tok seg ein tur med robåten opp på Liarevågen for å stikka flyndre med eining. Plutseleg såg han noko stort på sanden og rende eininga i. Det viste seg å vera ein ufisk, ein breiflabb som var så stor at den for avgårde med Per og robåten på slep. Karane på notahuset høyrde gaula og måtte rykkja ut for å hjelpa han å få utysket ombord.


Ikkje rart at denne karen fortsatt meir enn gjerne snakkar om fiske og gode gamle dagar.

Leppefisk og sommarkyss

Om sommaren låg me på kaiane og fiska gandaråte med bommullstau, angel og kuhond til agn. Oftast var me på Landakaien, der var det passeleg avstand mellom borda til at me kunne få ned snøret, og om me var heldige opp att ei og anna gandaråte. 

Der låg me då og nistirra ned mellom borda og ned i sjøen under kaien. Her ute ved solaroljestasjonen hadde borda ei heilt spesiell lukt, ei blanding av solarolje eller diesel som ein kallar det nå, kreosot og tjæra.  Ikkje rart då at me vart mest som dopa av alle luktene og synsinntrykka som møtte oss under kaien. I skuggen under kaien var det eit yrande liv med småfisk, krabbe og andre spanande skapningar. Leppefisken var der i stort omfang. Raudnebb, blåstål, gandaråte.. Flotte fiskar med store lepper som lokka fram fantasiar og entusiasme kvar einaste sommar. Lite visste me om kor viktige desse fiskane  var for sjøfaunaen og livet i tarebeltet.  

Nå er dei mest utrydda, og livet i og ved fjorden heldt på å endra seg totalt.

For at lakseoppdrettarane skal få tjena seg søkkrike, og for at du og eg skal få eta lusefri oppdrettslaks vert det drive eit omfattande fiske på desse små leppefiskane som er så viktige for livet i fjorden.

Nå set svoger Thor og lurer på kor det blir av sommarkysset i denne historia. Sanninga er vel at det ikkje handlar om eit kyss, men meir om kjærlighet til livet ved sjøen. Uten liv i fjorden, er det lett å forstå at mykje vil endra seg, mindre kyss og skjærgårdsliv er sjølvsagte resultat. Skal kystkulturen og det det gode liv i og ved fjorden bestå treng vi paradoksalt nok våre venner leppefiskane meir enn nokon gong før.

Urverk på Skato og traktor i slåttegir på Fjelland.

Onkel Gerhard, eller onkel Gilla i Bråtet som me kalla han var ein onkel så god som ein berre kunne drøyma om. Han lærte oss det meste, som å klinka saum nede i naustet der han bygde robåtar, skyta trast med hagle, stia sauene i løa og å setje auregarn i nordsta Skjeljavikjo. Me saug alt til oss, og så hadde han alltid eit kvart søtt på lur. Mmmmm eg kjenner endo smaken av kamferdrops og kandissukker.

Ein søndag fekk Lars Kåre og eg vera med til Skato. Me var ikkje så gamle, og berre det å kjøra drosje like til Høylandsbygd for å handla med "Skaten" var eit storhende som har brent seg fast i minnet.

Ein søndag fekk Lars Kåre og eg vera med til Skato. Me var ikkje så gamle, og berre det å kjøra drosje like til Høylandsbygd for å handla med "Skaten" var eit storhende som har brent seg fast i minnet.

Onkel Gilla

Vel framme vart me innvigde i handel på godt gammalt vis. Der var det både nytt og gammalt, ei spanande verd med den tidas duppedittar.

Pengar og duppedittar skifta eigar, og onkel Gilla og "Skaten" tok kvarandre i hånda, takka for handelen, og begge var vel fornøgde synest eg å huska.

Så bar det på heim med drosje Larsen. Då me kom til Fjelland stod det ein mann i vegkanten, de veit han som jobba på fabrikken på Sæbøvik, Torjes Olaen var det vel han blei kalla og stoppa oss. Han lurte på om Larsen kunne hjelpa han med den nye tohjulstraktoren. Han hadde kjørt ned til sjøen, men klarte ikkje å komme seg opp bakken igjen. Larsen lurte på kva for gir han hadde sett den i. Den stod i andre kunne han fortelja. Då må du prøva med første gir sa Larsen. Nei, det kunne han ikkje, for dei hadde sagt i Haugesund at det var slåttegiret, og han skulle ikkje slå den dagen.

Vossingen og breiflabben

 Å ha masse fagre søstrer er ikkje så lett. Ja, ja søstrene var nå ganske greie. 

Åra gjekk og storesøster Gudveig hadde fått los på svogeren til forpaktaren på "general garden" i Sæbø.  Ein morgon våkna me til at forsmådde Halsnøy gutar hadde strødd ei stripe med samo like frå Sæbø og heim til oss, så alle skulle veta om dei nye turtelduene. Då mamma kom ut for å gå i fjosen tidleg på mandags morgonen var plattingen full av samo, og ei tjukk samo stripe var strødd heilt til Sæbø. Karane hadde lastebil heilt frå Høylandsbygd for å strø.  Mamma kosta febrilsk for å få fjerna samoen frå plattingen før arbeidsfolket som skulle på fabrikken kom forbi. Men ho var for sein og snart stod Olga Rygh, Johanne på Larsstø, Johannesen og fleire og klappa i hendene medan samo drevet stod rundt ho. Ho viste seg ikkje om døro resten av dagen, men Knuten var velkommen.

Han var frå Voss og, og hadde mykje å læra før han kunne setja sjøbein. Første sommaren hadde Knut og Gudveig fått låna djupnagarn og sett dei ute på Kvednafluo. Pappa var godt nøgd, dette lova godt, innlandsfiskaren hadde klart seg godt så langt.

Neste dag skulle garna trekkjast. Gudveig og Knut fekk bra med fisk og stemning var god ombord heilt til ein forvolande stor breiflabb synte seg på ripa. Vossingen som aldri hadde sett noko så skremande stygt vart så forferda at garn og bruk forsvant til sjøs, og det bar på heim så fort gamle Jappen kunne bera dei. Pappa måtte ut og sokna etter garna som kom til rette fortsatt med breiflabben i.

Den gongen var det bare Lars Fjelland ( olje-larsen) som åt breiflabb, og hadde oppdaga at det var ei delikatesse. Alle andre betrakta breiflabb som ufisk ein ikkje trong ta ombord, så Knuten og Gudveig møtte stor forståelse for å ha lempabruket uti att.

Knuten vart forøvrig ein habil sjøfiskar, og har vel lenda meir fisk med stang enn dei fleste borte på hytto i Fjelberg. Alltid Abu snelle, den var best meinte han, og eg trur han hadde rett. Eg føler meg trygg på at han fortsatt held seg til Abu.

Dorry og dans

Sommaren var tid for utedans og båtturar.  Ingenting var gjevare enn utedansane på plattingen i Ranavik. Der samlast me både Halsnøybuar og fastkandskvinnheringar. Festen begynte ofte tidleg på kvelden, og når dansen starta i nitida var me klare som egg.. Dansen gjekk, ofte til musikk frå Waterloo. Ettersom mørkret seig på og beina vart ustødige, men modige våga fleire og fleire seg utpå.  Her var det mykje romantikk i lufta og god stemning. Og når Trude kom som gjest på scenen og song Fru Johnsen av Inger Lise Rypdal var stemningen på topp. Fekk me også Me and Bobby Mcgee med Frøydis Johnsen, ja då var kvelden hinsides vellukka, ja viss me fann ei jente å dansa med då.

På denne tida var eg brislingfiskar om somrane, og me ankom av og til med loddebåt eller dorry, fulle av feststemte jenter og gutar frå Larsstø. Og var det ikkje dans i Ranavik så tok me turen til Lykjelsøyo og lagde vår eigen dans der.. Du verda for ei fin tid... Var Atle i storform drog han av og til fram trekkspelet.. Joda, me levde godt på den tida.

Frost, telefon og post


Det var mykje kaldare før. Kameraten min vart forlikt i den flotta jento som var telefondame i postbygget på Sæbøvik. Då var det jo naturleg å oppsøkja ho på telefonsentralen. Han var ein meister i å finna på noko han måtte ringja til ein kvan om. Så va da inn og tinga ein samtale i ein av telefonboksane. Men det var altså ikkje den han ringte til som var viktig, men telefonjento bak luka. Etterkvart vart samtalene i luko lenger enn telefonsamtalane. Han forventa at eg skulle halda han med lag.. Og der stod eg då og fraus, kveld etter kveld utanfor. 

Litt tidlegare på kvelden, og før telefonsjarmøren kom var det post tid. Då stod heile upsagjengen under upso på Særstenshuset og venta til Margit eller Olav opna døra. Så var det inn å opna kvar si luke, kikka litt kva naboen fekk.. Samme ritualet kvar kveld. Når upsagjengen og eg hadde henta posten, dukka sjarmøren opp. Eg var allerede frostig, men nå begynte neste økt.. Eg har nokre timar under den upso.

Fy søren så kalt da va før. Ikkje rart eg likar meg i syden nå.

Det kjem ikkje alltid an på størrelsen

Me småkarane som vaks opp rundt båtbyggeriet i Bråtet fekk oppleva mykje, og lærte tidleg både eit og hitt om båtar og båtbygging. Me lærte tidleg at penger var noko ein kom til gjennom arbeid.. Og hadde  me lyst på snop så gjekk me innom til onkel Gilla i Gillanaustet og hjalp han med eit kvart. Ofte å halda i mot på saumen når han klinka bord på færingane han bygde.

Ein dag hadde me vore innom og jobba litt. Som løn for strevet vart alle vi 3 omtrent jevngamle Bråtarane, Nils Ove, Lars Kåre og eg oftast belønna med kvar vår 50 øring. Denne dagen kom eldstemann av oss, vetlesjefen Lars Kåre til at han ville ha ein større peng. Onkel Gilla tok 50 øringen tilbake og rota lenge i pengepungen. Så tok han opp ein femøre og sa. Denne ser ut til å vera større, versågod. 

Tangsnelle, fjæremark og glassål

Glassål

Livet i fjæra var spennande. Som før fortalt var det leik med båtar, støyping av anker og anna.

Men det som var enda meir spennande var livet i stranda. Sjølvsagt var det krabbe, reker, småfisk, kuhond, skjell og tare.

Men det var andre artar me la vår elsk på også. Vel fjæremarken var vel ikkje så elska. Den ligna på meitemark, men har gjeller og lever for det meste skjult i sanden om ein ikkje grev etter den då. Men ein kan sjå ekskrementene etter den i sanden der dei ligg som kveilar ved åpningane til kanalen den lever i. På sandstranda midt i Sæbøvik ved Landakaien var det mykje fjæremark. Likeeins var det bra forekomstar av tangsnelle her. Tangsnella er ein fisk i nålefisk familien og er ein meister i å kamuflera seg. Best likte eg å jakta på glassål. Det er blanke gjennomsiktige åle yngel like etter dei har utvikla seg frå åle larvar til åleform og er på veg opp i vassdraga. Beste glassål stranda var på Larsstøneset, i stranda nedafor fotballbanen. Dei var så blanke og fine tykte eg.

Hjarta for Sunnhordland

I desse dagar er HSD sitt gamle flaggskip i Sunnhordlandsruta tilbake på heimlege trakter. Sunnhordland som opphaveleg var Britisk ubåtjagar vart henta til Norge i 1947, og kom i rute to år seinare. Siste turen i ruta gjekk Sunnhordland den 20. juni 1973.

Nå er båten altså tilbake, og vekker gode minner hos oss som vaks opp med denne båten som kom annankvar kveld på Eidsvik og Larsstø kl. 02.30 om natta.

Det var stil over byturen på den tid. Det hende me hadde lugar og sov oss fram til byn. Så var det på land i 7-8 tido. Neste stasjon var frukost på indremisjonskafeen før handle dagen eller andre ærend kunne starta.

Men eg har bokstaveleg talt enda ein hjarte god  grunn for å ha hjarta for Sunnhordland. Eg vart fødd heime ei stormnatt i januar 1956. Fødselen gjekk fint, men det vart oppdaga at noko var gale med hjarta, og eg måtte til Haukeland. Me måtte venta på bedre vær, før mamma og eg vart sendt med Sunnhordland til byn. Slik fekk eg min første tur med Sunnhordland allereie som liten baby, og eg kan berre sei at skuta fekk oss trygt fram, Den  knytte by og land saman både i alvor og i fest. Den var sjølve livsnerva.


Tekst og foto Frode Sæbø

Sunnhordland ved kai på  Leirvik 03.11.2016

Sunnhordland ved kai på  Leirvik 03.11.2016

Livet på kaiane

Fiske på Landakaien. Her fiskar Kristian Rein og eg gandaråte mellom kaiborda med hyssing og kuhond som agn.

På 60 tallet var det på kaiane det skjedde. Der leika me, der bada me, og der fiska me. Kaiane var pulsåra på Sæbøvik. Og ikkje minst, der kom rutebåten frå byn,lastebåtane med sand og mjøl, og tankbåtane med olje til N. Nilsen. Eftf. Stundom kom dei med salt, og stundom med kol og koks. Uansett kva dei hadde i lasterommet var det liv og røre på kaiane.  Når båten kom med kunst gjødsel og dyrefor til Handelslaget, var det stormønstring av sterke ungdommar til å lempa sekk på lageret. På den tida var sekkene 50kg, ikkje 10 eller maks 25 kg som nå.

Stundom kom det også båtar med handelsreisande som tilbaud varer til butikkane. Spennande greier.

På fabrikk-kaien, på tre kaien fiska me pale i store mengder, som me selde som for til mink og rev. Mesteparten vart seldt til Tofte eller Toftevågen der dei dreiv stort med pelsdyr.

Og så bada me, hoppa og stupte

dagen lang. Ikkje alle kunne sømja, men likefult hoppa me uti heilt ute på hjørna på kaien på bildet. Så kava me oss under vatn opp til bakkabråtet der me fekk landkjenning under føtene og fekk luft. Ikkje heilt stovereint, men slik var det.

Og den største badaren var Zelveste Jostein, han fraus aldri, og eg trur ingen har bada meir på kaiane enn han. Naturleg då at han lot seg døypa i sjøen.

Fabrikkaien
Fabrikkaien
Landakaien
Landakaien
Særstenkaien og Landakaien
Særstenkaien og Landakaien
Koløykaien
Koløykaien
Særstenkaien
Særstenkaien
Folgefonn på Larsstø, foto Wibeke Våmartveit
Folgefonn på Larsstø, foto Wibeke Våmartveit
Larsstø påsken 1957, foto Inge Haugland
Larsstø påsken 1957, foto Inge Haugland
Jon Sjo tek i mot ferga på Larsstø
Jon Sjo tek i mot ferga på Larsstø
Foto: Karin Gram-Nygaard

Jonakaien

Foro: Karin Gram-Nygaard

Foro: Karin Gram-Nygaard

På Jonakaien var det eit yrande liv når ferga eller bybåten kom. Kaien kunne vera full av reisande og skuelystne, og i pakkhuset var det varer som kom med båten, og så hadde Jon Sjo kontor i øvste enden. Dette huset var også ein ynda leikeplass. Under er nokre bilder frå denne epoken.

Karin Gram Nygaard har bidratt med bilda frå Jonakaien med avfotografering frå ein gammal 8 mm film. Filma av Ragnar Underland i 1963.

Det var folksomt på kaien når ferga kom.
Det var folksomt på kaien når ferga kom.
Foto: Karin Gram- Nygaard
Hans Nygaard
Hans Nygaard
Foto: Karin-Gram Nygaard
Bøni, Hansen og Øyvind venta på ferjo
Bøni, Hansen og Øyvind venta på ferjo

Tank leik

Dei to solarolje tankane hos N. Nilsen Eftf.var for oss ungane slett ikkje bare lager tankar for solar olje, eller diesel som det heiter nå . Dei stod der så kvite og fine og lokka til leik.

Ikkje akkurat barnehage aktivitet, men god og uvetig trening for motorikken var det nok. Me hadde sjølvsagt ikkje lov, og ein haldt alltid vakt om det kom nokon voksne som kunne sjå oss..

om det kom nokon voksne som kunne sjå oss..

Kom om de vågar ropa dei mot oss, og våga gjorde me, alle som ein. Først forserte me med letthet stativet dei stod på, for så å fortsetja opp den utvendige stål leideren til topps. Der tok vi fart og hoppa over til den andre tanken og ned samme veien..


Tekst og foto: Frode Sæbø


Mary

Mary med fiskeboksen

Mary med fiskeboksen

Mary med kasteboksen,meg og Torgeiren.

Mary Bakar (Tofte) var ivrig hobby

fiskar, og var ofte å sjå på Særstenkaien der ho fiska med kasteboks.

Ho hadde god teknikk, kasta langt og fekk godt med fisk.

Eg fekk min første båt som liten gut. Det var ein over 100 år gamal færing som onkel Odd kjøpte til meg  på auksjon inne på Landa. Båten fekk navnet Torgeir etter eigaren på Landa.

Mary lånte ofte denne svært lettrodde båten til å ro ut på fiske. Då vanka det boller og tebrød  frå Toftes Bakeri på meg.

Torgeiren vart etterkvart laus i saumane, og måtte ausast hyppig.. Den enda sine dagar på jonsokbålet på Larsstøneset.

Tekst og foto: Frode Sæbø

FANTANE

" Fantane kjeme . " Sæbøvik ongane .. Ropte og sprang , sommerens store høgdepunkt på 1950 talet Det kunne vera på nordsio eller sørsido av Sæbøvik . Det var utruleg spennande når " konvoien " med dei mørke fantabåtane kom . Meinar det var ei stor slekt som me kalla " Pittrane " Sander var eine sonen , trur kåno..heitte Gunvor . Så var det Gonlo og Fante Fina . Og ein skokk med skitne fine onga . Kan ikkje huska at dei gjorde noko gale . Dei var flinke arbeidsfolk , ordna takrenner og selde vispar og mjelkespann mm. Eg var heilt oppi undring når Fentekånene kom med kofferten og ville selja blonder , band og krokalisser . Og tigga kunne dei , gjorde seg fine i stemma og ville ha både flesk og brød i byte . Det er ikkje få naust og løer på øyo som har hatt Fante gjester ..

Det var vår sommar , trong ikkje Idol !

Denne eska fekk eg av mor til å ha sytrådane mine i , kjøpt hos Fantemor i 1952 , full av spennde fargar og tråd , Gull for meg !!

Tekst og foto: Gudveig Ringheim

Kjøpt hos fento i 1952

Kjøpt hos fento i 1952

REDNINGSBASAREN

Basaren til inntekt for RedningsselskapeI var ein av dei store årlege hendingane i Sæbøvik. Mamma og mange andre ivrige Sæbøviks damer med hjarta for dei sjøfarande, haldt årleg basar med inntekt til Redningsselskapet.

Me ungane var fulle av spenning når redningsskøyta klappa til kaien i Sæbøvik. Tenk ei ekte redningsskøyte. Me var flaska opp med historiar om desse skøytene,og redningsbragdene dei hadde utført. Så var det basar, ofte i Kommunehuset, åresal og mat. Men størst av alt, film med redningsskøyter i tjeneste. Sjøen sto mest under taket, og det hende jamvel at me følte oss øsjøsjuke der me sat som fjetra framfor filmlerretet, og såg på film av skøytene i storm på kysten. Denne øya vår har hatt / har så mange gleder. 

Tekst: Frode Sæbø

Redningsbasar film

1.oktober

1.oktober var og er den viktigaste dagen om hausten. Då starta hummarfisket, og livet på kaiane fekk ei ny meining for oss gutane på Sæbøvik. Då var det hummarfiske og ingenting anna som telde. Me starta med avlagte gamle hummarteiner som me fekk. Det var for det meste gamle fletta brakateiner med kalvar laga av smidde braka piler. Så fiska me rundt kaiane. Særstenkaien var  ein god hummar kai, tett følgt av Koløykaien. Av og til kunne me sjå hummaren krypa inn i teino når me fiska inne i hukken der som Olav Særsten hadde snekko si.

Etter  som me vart eldre avanserte me til sjøs, og Nils Ove og eg hadde teiner ute rundt Sæbøvik og Sjoøyane som me trekte om morgonen før me gjekk på skulen. Så leverte me hummar til hummarskøyto som kom og samla opp hummar hos dei som fiska.

Den dag i dag er me begge klare med kvar vår båt kvar einaste 1.oktober.

I år stiller me med nytt hemmeleg agn for å hevda oss i toppen av hummarfiskar adelen. Kan me klara å nerma oss Peren ? Han slår oss vel i år og..


Anker produksjon

Heimelaga anker. Størrelsen tyder på god potethaust det året. foto Nils Ove Sjo

Heimelaga anker. Størrelsen tyder på god potethaust det året. foto Nils Ove Sjo

I livet me levde på og rundt kaiane var det ikkje til å unngå at vi gjennom leiken fekk båt og maritimt miljø inn med morsmelka. Me hadde små og store leikebåtar som me segla med rundt omkring strendene og kaiane. Båtane måtte jo ankrast opp tykte me. Me mangla anker, men det løyste  kreative smågutar lett. I notahuset på Laukhedlo fann Nils Ove og eg bly, og i potetåkeren var det god tilgong på store rå poteter som me delte og og skar ut former til anker. Så var det heim i kjellaren og smelta blyet på primus for å hella det i nylaga potetformer. Foreldrene våre var truleg nett som foreldre nå til dags, godt nøgde  med at me var aktive i leik. Men leiken var nok litt annleis enn dagens leik. Blyforgiftining og anna som ein bekymrar seg for no til dags var ikkje tema, og varme på primusen var nett som det skulle vera. Me forma oss sjølve på den tida.