Den første bilen på Halsnøy

Den første bilen på Halsnøy kom til Sæbø. ikkje løye då at me fortsatt finn ihuga bilentusiastar inne i Øvre Sæbø. Bilen, ein Rugby kom i 1928 og hadde registreringsnummer R-1033. Den hadde  24 hk og 4 syl. motor, Eigar var Erik Sæbø som nytta den til drosje.

PÅ bildet ser me sjåfør Erik Sæbø, Olga Nome, i andre rekke Lillemor Eidet og ei ukjent jente, bak Alvilde Helland, Aage Rasmussen med hund og ein ukjent.

Foto: Svein Anders Øvrevik.

Bildekavalkade over Larsen sine bilar

Drosje Lars'en

Chevrolet Master 1934. Harald Særsten på panseret, og han er fødd i 1945. Då er vel bildet frå nett etter krigen.  foto: Lars Inge Særsten

Chevrolet Master 1934. Harald Særsten på panseret, og han er fødd i 1945. Då er vel bildet frå nett etter krigen.  foto: Lars Inge Særsten

 Ingen i Sæbøvik har større plass i bilhistorien enn drosje Lars'en. Lars Særsten kjørte både buss og drosje, men me huskar han best som drosjesjåfør. Heilt sidan 1936 frakta han Halsnøybuar rundt på øya, alltid punktlig og blid og med nyvaska bil. Eg kan ikkje huska å ha sett nokon av bilane hans tilsmussa hverken inni eller utanpå. Lars'en var menneskekjennar og takla oss halvstyrige ungdommar på ein forbilledleg måte. Han snakka med oss og aldri til oss. Ja, eg kan vel sei at han var ein av oss. Lars'en visste kva som rørte seg og hadde god oversikt over oss ungdommane og kva vi dreiv med. Aldri ein formanande finger, men gode råd på vegen fekk me. Han følgte oss på ein måte over i vaksenlivet, han var ikkje bare sjåfør, men veiledar for oss unge. Og nokonlunde bra folk vart det vel av oss alle saman kan me vel vera einige om. 

Eg har ikkje ein komplett oversikt over bilane hans, men han skal ha hatt både Studebaker, Ford, Opel, Rambler, Dodge og Chevrolet og sikkert også fleire med desse. Best huskar vel min generasjon tida med Rambler 440 American 1968 modell og Fleire Dodge Dart. Alltid bensin motor. Diesel ville han ikkje ha, og Amerikansk måtte det vera. 

Bilen med Harald på panseret er ikkje ein Studebaker som først opplyst. Det er ein canadisk bygd Chevrolet 1934 Master med nr R 411.  Dette kan ein sjå på at rattet er på høgre sida, og den har nokre små parkeringslampar oppe på skjermane. På den tida var Canada tettare knytt til England, og alle eksport bilane frå Canada hadde høgreratt. 

(eg vil gjerne ha fleire bilde av bilane hans)

AMC Rambler American 1968
Opel Kapitan 1956
Studebaker President 1934 ved Særstenshuset
Opel Kapitan
Dodge Dart
Chevrolet Malibu
Rambler
Opel Kapitan
Rambler
Ford V8 1948 modell
Chevrolet
Chevrolet
Dodge Dart

Toftes bakeri frå handkjerre til bil

Aksel Tofte med 1939 Ford Van V8    foto: Torbjørn Lura

Aksel Tofte med 1939 Ford Van V8    foto: Torbjørn Lura

Toftes bakeri er ein institusjon i Sæbøvik. Dette bildet viser tydeleg overgangen frå  handkjerre til bil, (sjå handkjerra i bakgrunnen). Her er ein stolt Aksel Tofte med nyinnkjøpt bil framføre bakeriet. 

Bilen var ein 1938/39 modell Ford Van V8

MC OG MOPED

Bikers forever

Egil Sjo med Norton Commando

Egil Sjo med Norton Commando

 Dei gamle gode syklane er fortsatt å treffa på vegen. Mange held i hevd dei gamle syklane som var på  topp i Sæbøvik på 70 tallet.

Ein av desse er Egil Sjo som fortsatt er å treffa på vegen med sin Norton Commando. 

Er det fleire Norton folk der ute, eller  med andre spanande doningar frå 60- 70 tallet? 

Fighter, Sprint og Corvette

Ford V8, 1948 modell

Ford V8, 1948 modell

 Etter krigen fekk Lars Særsten drosjeløyve R 5135, og her er bilde av den.  Dette er ein Ford V 8 1947 modell som han truleg kjøpte etter krigen.

Torstein Sjo sin scooter og BSA Rocket 3 kveikte mi MC interesse.

BSA Rocket 3

BSA Rocket 3

I potetferien eit år på ungdomsskulen var me som vanleg på potetopptak ute på Sjo hos gamle læraren vår Torstein. Då vart me oppmerksam på ein gammal scooter som stod i løa der. Me fekk lov å ta den fram. Eg trur det var ein gammal Vespa eller Gilera. Lys i fargen, kan hende ein slags beige eller lys grøn. Me fekk start på den og fleire av oss fekk då vår første tur med motorisert tohjuling.. Spennande greier. Ei interesse var kveikt. Og då me skulle ha arbeidsutplassering på skulen var eg så gira på moped og motorsykkel at eg skreiv brev til motorsykkel forretningen Tor Takle i Nygårdsgaten i Bergen og spurde om eg kunne få vera der. Det kom brev tilbake om at eg var hjarteleg velkommen. Gudveig, eldsta søstero mi som var nygift og budde i Bergen tok i mot meg og eg hadde eit fantastisk opphold der eg fekk skru og pussa på nye motorsyklar som BMW, BSA og Suzuki. Ein dag Kom Tor Takle på verkstaden og henta meg. Eg måtte komma ut så skulle eg få høyra ein lyd eg aldri hadde høyrt før. Utafor stod det ein kar med ein BSA 750 Rocket 3 og rusa motoren,  3 syl. firetakt med engelsk gromlyd. Tor gav meg ein hjelm  og sa at nå skulle eg som første mann få vera passasjer på denne sykkelen som var ein heilt ny modell. Eg sette meg bakpå, og då me fauk oppover Nygårdsgaten og Honda folket hos Kårbø Sport vinka til oss var eg i himmelen.

Lets' Rock Rocket 3

Let's Rock Rocket 3

Lettvekt syklar

Honda Benley 125cc, Twin Motorcycle 1962. Heilt lik den som Nils Magne Kloster og seinare Odd Emil Sjo hadde.

Honda Benley 125cc, Twin Motorcycle 1962. Heilt lik den som Nils Magne Kloster og seinare Odd Emil Sjo hadde.

Suzuki 100
Suzuki 100
Tempo Taifun 125
Tempo Taifun 125
MZ 125
MZ 125
Tempo Fighter 100
Tempo Fighter 100
Frode Sæbø
Honda Benly 125cc Twin Motorcycle (1961/62 mod)
Honda Benly 125cc Twin Motorcycle (1961/62 mod)
Nils Magne Kloster
Foto: F.S.               Harald Koløy med Suzuki 50 og Bjørn Ove Sjo med Tempo Corvette

Foto: F.S.               Harald Koløy med Suzuki 50 og Bjørn Ove Sjo med Tempo Corvette

Syklar og folk frå Sæbøvik og Halsnøy

Foto: Hallgeir Tvedten. Margun med Norton og Hallgeir med Suzuki

Foto: Hallgeir Tvedten. Margun med Norton og Hallgeir med Suzuki

 På 60 tallet og tidleg 70 tal var interessa for motorsyklar minst like stor som nå. Me vaks jo opp med Tempo.. Kven huskar ikkje Tempo Corvette, Panter, Taifun, Sprint og Fighter.

Omkring 1970 endra bilde seg. Nils Magne Kloster dukka opp med ein nydeleg 125 kubik tosylindra firetakt Honda. Det var ein Honda Benley 125. Eg minnest endo lyden i den. Nils Magne kjøpte den hos ein frå Voss som arbeidde i Høylandsbygd for 1000 kr. Seinare selte han sykkelen til Oddemann for 500 kr.  Det var som om å bli fødd på ny. Verda openbara seg for oss. Frå framande land dukka det opp den eine sykkelen etter den andre. Knut Jogeir Landa, Svein Ove Eide og Øystein Koløy fekk seg MZ 125 ( Motorradwerk Zschopau  ) frå Aust Tyskland.Ein spesiell sykkel med ei karakteristisk frontlykt, veldig mjuk fjæring og sprek motor.  Den gruste Tempoane i ytelse og komfort, men kan hende ikkje i kvalitet. Særleg minnest eg Knut Jogeir sin entusiasme og store kunnskap om MC og motor, truleg inspirert av svoger Viggo Agdestein.

Odd Harry Sjo, Stonsen (Stein Kåre Iversen)  og Alf Ståle Fjelland fekk seg Suzuki 100, og Stein Jogeir Særsten, Harald Koløy og Bjørn Ove sjo kjøpte seg like mopedar, Suzuki 50.

Hallgeir Tvedten starta med Tempo Taifun, men vart trulegt kveikt av ein kar frå Sauda som var besøk inne på Landa med ein Suzuki 250 på denne tida. Nydeleg sykkel med geitaskinn over tanken. Den vekte mykje åtgaum, og  året etter kjøpte Hallgeir seg ein rålekker gullfarga Suzuki 350 med 6 gir. Samme året kom Arne Inge Hansen heim frå sjøs og fekk sjå vidunderet til Hallgeir. Han reiste sporen straks til byn og kjøpte seg ein Suzuki T 500. Også Tore Nordlending (Johansen) kjøpte seg ein grøn Suzuki 350. 

Med dette endra MZ, Suzuki, Yamaha og Honda  både gatebildet og lydbildet i Sæbøvik. Me smågutane naut  den kvikke iltre totaktslyden i Hallgeir sin Suzuki med hyppige girskift og den meir fyldige totakt lyden av Arne Inge sin 5 gira Suzuki 500. Dette var ein sykkel som også blei brukt av politiet i USA.

Egil Sjo kjøpte seg ein Yamaha 250 DS 1971 modell og avanserte videre til ein heilt spesiell sykkel, ein 1977 Suzuki RE 5 med Wankel eller rotasjonsmotor på 500 ccm. Denne sykkelen overtok broren Odd Harry seinare.

Margun Reigstad frå Eidsvik kom heim med splitter ny Norton Commando 750 fastback. Ho var vel den første kvinna med stor motorsykkel på Halsnøy og kan vel reknast som pioner. Og for ein sykkel. To syl. firetaktmotor, fantastiske kjøreeigenskaper  og ein motorlyd som gjalla som musikk mjødlo Tofteåsen og Landåsen. Det var heilt rått tykte me. På omlag same tida hadde også Viggo Agdestein ein slik sykkel.

Så kom Ingvild Sjo som jente nr.2 med stor flott motorsykkel, ein nydeleg Honda.

På utøyo hadde Stonesen som kan reknast som ein av våre absolutt fremste motorsyklistar fleire Kawasaki syklar, og Magnar Reigstad hadde fleire engelske syklar. Eg trur eg huskar Royal Enfield og Ariel m. Fleire.

Interessa var så stor for sykkel at Arne Inge Hansen ikkje rakk å ta lappen før sommarferien, så då han og Hallgeir kjørte på ferie, måtte han ha med sjåfør. Det var Knut Jogeir Landa som fekk æra å kjøre Suzuki 500 med Arne Inge bakpå. Turen gjekk sørover til Kristiansand via Kvinesdal, opp Setesdalen og heim over Haukeli. Det var så kalt på fjellet at dei valgte å kjøra den store Haukelitunnellen som den gong var stengt og utan lys fortel Hallgeir.

suzuki 350  Hallgeir Tvedten
suzuki 350  Hallgeir Tvedten
Margunn Reigstad med Norton og Hallgeir med Suzuki
Margunn Reigstad med Norton og Hallgeir med Suzuki
Hallgeir og Arne Inge på tur med Suzuki
Hallgeir og Arne Inge på tur med Suzuki
Arne Inge og Hallgeir på MC tur 1970
Arne Inge og Hallgeir på MC tur 1970
Suzuki T 500
Suzuki T 500
Stonsen med Suzuki 100 og Egil Sjo med Yamaha 250
Stonsen med Suzuki 100 og Egil Sjo med Yamaha 250
Suzuki RE 5      Egil Sjo
Suzuki RE 5      Egil Sjo
Yamaha DS 250     Egil Sjo
Yamaha DS 250     Egil Sjo
Norton Commando 750 Fastback
Norton Commando 750 Fastback
Fighter, Sprint og Corvette   ❤

Me har vel alle eit forhold til Tempo, og dei avslutta med stil . Med dette bildet av skinande blanke Tempoar, og med ein historie om ei Tempo-jenta med moped dilla på Heio, minnest vi eit norsk industri eventyr.

 Som 11 åring lurte Kiin seg til å kjøra Tempo moped heime på Nygaard. Opp og ned bakkane bar det, men aldri på vegen. Så flytta dei til Huglo, og faren synst det blei i meste laget med mopedkjøring på jentungen. Han tok ut tennpluggen og sa at dette vert for dyrt å fiksa. Men Kiin skjønte lunta og før han kom heim frå arbeid hadde ho vore hos naboen og ordna seg med plugg og var over alle haugar.Då gav faren opp, og ho vart einaste jenta med moped på Huglo. Huglo rypa farta rundt der borte over alt med sin mørkeblå Tempo utan skilt som einaste unge mopedist på øya. Skiltet hadde visst dotte av ein kvan plass på Nygaard. Seinare følgte fleire mopedar, alltid ein Tempo.

Sjølv overtok eg Lars Kåre Sjo sin Tempo Fighter 220, 100 ccm. Etter meg kom den i Åge Vidar Sjo si eige, og eg trur Svein Malvin overtok Svein Ove sin MZ 125.

BÅTMOTOR

Oppstart

Ein gong hadde onkel Ola i Bråtet

ein motorbåt frå Sunde inne til ombygging. Den låg fortøyd ved kaien og venta på at eigaren skulle komma og henta den. Den hadde ein Sabb Semidiesel oppfyringsmotor, og Lars Kåre og eg var svært nyskjerrige på denne motoren. Me hadde jo sett dei voksne starta slike så me følte oss kompetente.

Som sagt så måtte glødekula på toppen av desse motorane  varmast eller glødast med fyrlampe, i dette tilfellet dreven av gass.  Videre måtte ein gje akkurat passe mange slag på oljepumpa. Eg heldt fyrlampen, og maskinsjef Lars Kåre skulle starta med svinghjulet.

Vi fekk den ikkje til å starte med det samme, og for kvar bomstart gav vi nye slag på oljepumpa. Med andre ord hadde Sabben fått meir enn nok drivstoff då den endeleg starta. Maskinsjefen hadde sagt att viss den rusa måtte eg halde nede pumpa eller pikkaren som den vart kalla for å stoppe tilførselen av drivstoff.

Så starta utysket, fy søren som den tok av. Me hadde sikkert gitt den mange ganger så mange slag på pumpa som den trong. Den rusa, båten rista som om dommedag var kommen, eg huska det var noko med pumpa eg skulle gjera, og heldt den oppe, feil veg altså, og motoren ville til himmels..  Og det ville eg og. Eg sprang ut med fyrlampen i neven og trudde at nå var det slutt. Etterkvart roa Sabben seg, og eg slapp å hoppa på sjøen.. Både vi, båt og motor klarte oss. Det må ha vore kvalitet i alle ledd.

Oppstart av Sabb glødemotor

God gammal Lyd av Rubb

Callesen

På Halsnøy var det Signal II som hadde ein slik motor. Callesen og Signalen var den store snakkisen. Dette var den grommaste motoren av alle

Sabb Semidiesel