Irene I, frå Hamburg til Løkjelsøy

I ei tid der me vaks opp med robåt og like gjerne leika ute på øyane som heime i hagen, var det ei spesiell skute eg hugsar godt. Det var Irene som var kondemnert og låg ute i Mørkavågen på Løkjelsøy. Ei mystisk skute som lokka til leik for oss gutane. Me klatra på spant og dårleg dekksplank, og utforska skuta fra innerst til ytterst. Det var både moro og litt skummelt med denne skuta i strandasteinane. Nå er det ikkje mykje att å klatre i. Tida har gjort sitt, men minnene består.

 

Irene I som opphaveleg heitte Kitty vart bygd som skonnert i Hamburg - området i Tyskland 1911. Irene I vart kjøpt av Alf Fjelland og Gunnar Reigstad P/R for kr. 30.000 i 1955/56. Den vart registrert i skipsregisteret i Haugesund. Det var Lars Fjelland (Oljelarsen) som førde båten som vart nytta i fjordafart, for det meste med sand. Irene forliste i strandasteinane nedafor Nygaard i ein forrykande  nordvest storm omkring 1960. Båten var fortøyd i bøye då forliset skjedde. Den vart kondemnert av skadene den blei påført, og vart flytta til Mørkavåg på Løkjelsøy året etter, der ein enda kan sjå restar av skuta. Nedafor kan ein lesa historien til skonnerten Kitty av Hamburg som endra navn til Irene og enda i Mørkavågen.

 

Foto: Frode Sæbø, Karin Gram-Nygaard/ Ragnar Underland og  Magnar Reigstad.

Irene 1957, foto Reidun Marie Fjelland Ludvigsen

Irene I ved kai i Egersund

Irene I har fått oppført eit lte styrehus akterut

Irene i Mørkavågen, Løkjelsøy 1963

Irene mange år seinare

Og slik såg den ut i 2017


Seglkutter Fix, seinare Tunes

Historie:

Bygd i Great Yarmouth, England 1873.

 

Dimmensjonar: 61 x 18 x 7,5 fot

 

Kjenneteikn: JQHM før 1934 , LHIO etter 1934

 

Motorar: Fartyet hadde ikkje motor i Bømlo perioden, men har seinare hatt fleire motorar. Først 26 hk Hein i 1917, 25-30 hk Wickmann i 1927, og heilt ny 40 Hk Wickmann i 1965.

 

Kutteren vart kjøpt til Ålesund i 1892/1893 under navnet Snow Flake. Eigar i Ålesund er ukjend. I 1900 vart den seld til Berner og Ole Garvik i Espevær. Den fekk då navnet Fix, og vart stort sett brukt til fiske. Arnt Hovland var på dorging med Fix førstegang i 1900. Peder Eidesvik var skipper i 2-3 år. Lars Vespestad kokte, Amund Berge, Hans Lodden og Mandius Langåker i Rekkje var mannskap. I 1906 var Nils Tvedt skipper. I 1912 vart den seld til Kr. Berg Knutsen i Bergen og fekk navnet Snefrid Viola i 1917. I 1926 vart den seld til Sigurd Arnesen i Uskedalen, Kvinnherad og fekk fiskerinummer H-59-K. Her vart den nytta som føringsbåt for hermetikkfabrikken Concord under navnet Fix. I 1935 vart den seld til Lars Ekeland, Valen Kvinnherad. I 1942 seld til Gunnar Reigstad, Tunes ved Garnes i Arna og fekk fiskerinummer H-2-HS. I 1944 vart den ombygd ved Gravdal skipsbyggeri i Sunde. Skipshuda vart då skifta frå sua til kravell, og det vart sett inn ein del spant mellom dei gamle. I 1950 flytta eigaren Gunnar Reigstad til Halsnøy og båten heitte nå Tunes. Båten vart brukt som fraktebåt heilt til den gjekk ut av aktiv tjeneste i 1982. Tunes vart seld til P/R Tunes ved Sjur Sigvaldsen i Bergen i 1985. I 1987 vart den overtatt av stiftelsen Fix i Bergen. I 1990 var båten til sals for kr. 1 og overført til Bjarne Engen, Bergen. I 2003 vart den flytta til Tertnes ved Bergen der den står på slipp. Planen er å tilbakeføra den til segl slik den var for over 100 år sidan.

Fix

Tunes i Karmsundet

Tunes

Magnar Reigstad fortel om Tunes

Båtprat om Tunes


Framleis fartybygging på Nygård

«Relis» klar for rigging. På veggen kan ein også sjå halvmodellar av båtar bygd på Nygård. Foto: Kiin Gram Nygaard

Nede ved sjøen på Nygård har det som tidligare nevnt vore bygd båtar i farne tider. Dei mest kjente er galeasen «Margaretha» på 94 fot og skonnerten «Relis» på 115 fot. Dei var bygd av båtbyggjar Johne Larson Nygaard.

Kiin Gram Nygaard ynskjer å heidra minnet til oldefar sin med ein modell av «Relis».

Skroget er bygd av far hennar John, og er bygd på eikespant og ned til minste detalj autentisk med original skuta. Nå er altså Kiin igang med med å fullføra modellen. Eit nitidig arbeide som må vera heilt lik originalen både i utsjånad og kvalitet. Såleis er mastene heilt som dei originale. sjølv om bildet ikkje viser det, kan ho fortelja at dei slett ikkje er like store, men ganske ulike nett som på original skuta,.

 Arbeidet er godt igang.  Ho gjer alt arbeidet sjølv, og nå etter att mastene er på plass, er ho klar til å starta arbeidet med rigginga. Mykje arbeid seier ho, men med gode tips frå mellom anna Bjarne Johnsen som sjølv har fleire modellar, tek ho utfordringa på strak arm.

Også far hennar John Nygaard har bygd båtar i Nygård Fjæro, eller i Ninetangen som ho likar å kalla det. Ikkje mindre enn 30 båtar, både plattgattarar og snekker har hans signatur. Han leverte også spantesett til sjølvbyggjarar som t.d. Per Fjelberg som fekk spant til sin «Sjøkos» frå Nygård.

 

Tru og Haugiansk ånd i Opsanger førte til båtbygging i Bråtet.

Verktøy skrinet til Lars O. Sjo og to av båtane han bygde

Det var ikkje heilt tilfeldig at Lars Olai Sjo vart båtbyggjar. Nå til dags ville ein vel kalla det for nettverksbygging, venneteneste eller kan hende for Guds vilje. Bestefaren Lars Røyrvik var kyrkjesongar og omgangsskulelærar,seinare lærar på Kaldestad.Ved sida av var han rosemålar og treskjerar, og han var svært aktiv i misjonsarbeidet.Dei flytta frå Rørvik til Opsanger kring 1850. I 1870 åra var det "Skule Lars" eller "Gamle- skulen" som rådde grunnen i indremisjonsarbeidet på Husnes. Rette navnet var Lars Olavson Røyrvik, og han var ein åndeleg god leiar. Det Haugianske innslaget var sterkt hjå han. Lars Røyrvik levde i spaning: kven skulle ta etter når han laut fara her ifrå? I 1890 flytte Hans Gravdal frå Halsnøy til Opsanger. I Gravdal på Halsnøy hadde Hans drive med fartybygging, men havnetilhøva var dårlege, og det var ikkje nok vatn til sagbruk. No byrja han med fartybyggjing i Opsanger, og såleis vart han buande i arbeidsfeltet til gamle "Skule Lars".

Lars Røyrvik var åndeleg vaken nok til å sjå at her hadde dei mannen som Gud ville setja på førarsetet i neste generasjon, og han heldt dette fram for Hans.

Men Hans Gravdal såg og kjente det ikkje slik: Han tykte han var for ung og lite dugande til så stor ei åndsgjerning."Gamle-skulen" let seg ikkje rikka : Han var mannen, og på apostolisk måte med håndspålegging og bøn, sette han Hans inn i arbeidet. Denne vigsla vart seinare styrke og kvile for Hans, samstundes med at ho vart eit kall som alltid dreiv han til å tena herren med ihuge. 

Dei samlast rundt om i heimane. Vart stova for liten, så tok dei opp nokre bord i lemsgolvet, for det var somme som hadde lause bord i den tida. Så kunne ein høyra like godt på lemmen som i stova."Missionsforeningen" hadde festar som skiftesvis vart halde på Kaldestad,Røyrvik og Opsanger. Desse samkomene var reine feststundene. Både truande og vantruande samlast frå gard og grend. Ofte var det slik at dei fekk seg mat i eit tun, og hadde dei åndelege samkomene i eit anna. I Hans Gravdal si tid utvikla det seg nært vennskap mellom truande på Halsnøy og Sunde. Gardbrukar Sjur Sjo, handelsmann A. Silseth og emmiser Lars Sæbø vitja mellom anna ofte venene på Sunde, og venene på Sunde var ofte på gjestevitjing til folket på Halsnøy.

Det nære vennskapet mellom gamle Skule Lars og Hans Gravdal rydda vegen for barnebarnet Lars  som fekk komma i båtbyggjar lære hos Hans Gravdal i Opsanger. Foreldra til Lars, Olav Larson Opsanger Sjo og Kristi Olsdatter Sjo budde i Kobbabukto på Eidsvik. Dei døyde tidleg. Han vart difor fostra i ungdomstida av tantene, Guri og Marta Pernille. Desse to tantene budde i Hagen og i Øredalen på Nygård, og vart seinare gifte til Solheim.

Etter endt skipsbyggjar lære hos Gravdalen i Opsanger starta Lars opp som båtbyggjar på Halsnøy. Første fartyet me kjenner er Toftevåg som han bygde for A. Silseth heime i stranda hans i Toftevågen. Etter det flytta folket i Øredalen til Bråtet der båtbyggeriet seinare vart starta opp. I våre dagar finn vi Larsstø Båt og Maskin der forfedrene starta opp i fjæro. 

 

Kjelde: HAUGIANSK FRUKT - samskipnaden gjennom 100 år

 

 

Vipps så tok Gurine meg tilbake til barndommens rike

Båtbygging før og nå i Rosendal og Bråtet

 I dag har eg vore til Rosendal  på årsmøte i sogelaget. Kjedelege greier tenkte eg på veg innover, men gledde meg over at eg truleg fortsatt ville vera med og dra ned gjennomsnittsalderen på møtet.  Jaja, møtet var godt, maten var god, og foredraga svært interesanne.

Men møtet med Knut E Skåla eller Monsaknuten  som han vart kalla og Gurine prosjektet  toppa dagen. For eit imponerande arbeid som vert lagt ned i resteureringa av galeasen Gurine. Besøket på Gurinevarven med omvisning på Galeasen Gurine vart som eit møte med barndommens dagar. På bildet nede til høgre er eit bildet frå barndomens rike i Bråtet. Nett slik såg det ut der også. Brått var eg tilbake i tid, sansa synsintrykk, lukter og miljø. Minnene strøymde på.

Me smågutane hang mykje rundt karane som bygde båtar ned i fjæro i Bråtet. Det var eit eldorado av aktivitet, maskinar, ståk og sjauing i fjæro. Lika spennande om det var tømmer på sago, spantebygging på spantegolvet, bord i høvelen eller finskjæring med båndsago, bord i dampo, eller om karane benda borda eller hudo på plass på spanta med svære tretvinger. Overalt var me og følgde med , gjekk i vegen, men skjeldan fekk me kjeft.

Jamvel kan eg huska me var med til Landavågen og blinka ut tømmer til båtbygging saman med onkel Ola og Toren i Landavågen. På mange måtar fekk vel me småkarane vera med og oppleva heile byggeprosessen heilt fram til Martin i smio kom og monterte motor. Den siste eg huskar han monterte var ein 1 syl. 50 hk Volda. Eg innbiller meg at det var den siste semidieselen som vart montert i Bråtet. Til slutt vart det smurt grease i sklio som båten skulle skli på ved sjøsetjing. Joda, det var spenning så det haldt, og ingen masa om at noko var farlegt. Me lærte vel å ta vare på oss sjølv, med eit unnatak som eg skal fortelje nå. 

Det hadde seg slik at me hadde vore nordpå Raunaberget å leika, då eg merka at eg måtte så veeeeldig på do. Eg sette på heim, planen var å nå utedoen i Grønahuset i Bråtafjæro, men den var okkupert og eg såg onkel Gilla i Gillanaustet som siste mulighet for hjelp. Eg spurta avgårde, og onkel visste råd. Han tok iallefall ikkje sjangsen på at det skulle gå gale, for skittbukser på smågutar var ikkje hans greie. Han ordra meg nedpå ein spiss stein utafor naustet. Der skulle eg sitja og halda i mot til det gjekk over. Eg sat og eg sat. Etter noko tid kom onkel Laurits forbi og lurte på kvifor eg sat der heile dagen. Eg klinka'an svara eg. Det er alltid hjelp å få av båtbyggjarar må de veta. Slik var det i dag også, og båtinteresserte Kiin Gram Nygaard fekk gode råd om korleis ho skulle skifta saum i Johannebåten. 

Båtbyggjarar fiksar alt med andre ord. 

 

Toftevåg

M/K Toftevaag pløyer bølgene i Middelhavet, men er bygd av bestefar Lars i 1907

M/K Toftevåg blei bygd i 1907, og sjøsett i stranda heime hos eigaren som var Selseth i Toftevåg. Båtbyggjar Lars O Sjo etablerte seinare båtbyggeri i Bråtet på Larssto.

Georg Eide byggjer om Toftevåg medan den ligg ved Selseth sin kai i Toftevåg.

Toftevåg sin historie

Toftevaag

"Toftevaag" ble bygget i Toftevåg i 1907 av Lars Olai Sjo fra Halsnøy. Hun var bygget som seiler fiskebåt, noe som kan sees av de vakre trange og dype linjer i skroget. Det er ingen tegninger eller planer  av skroget. På den tiden bygget man spantene og skroget ut fra en modell. Toftevaag er bygget i norsk furu, et utmerket tre som takket være sin nøye utvelgelse og riktig behandling har holdt seg praktisk talt intakt siden da. På skroget er baugen og akterende er de fleste av dagens planker er fortsatt originale,  sammen med tre pinner i stedet for nagler.

Hennes første eier var Johannes Silseth, brukte henne til sildfiske med  i et område begrenset av den norske kysten, Shetland og Island. 

I 1930  overtok Johannes G Tofte båten, og sammen med sin kokk Bjarne Tofte seilte Toftevaag i de norske fjordene  med varer og handelsreisende. De opererte fra Stavanger til Trondheim.

Ved  utbruddet av andre verdenskrig, ble Toftevaag konfiskert av den tyske hæren som  brukte den  til å frakte piloter og personell til flyplassen på Askøy. I løpet av denne perioden seilte Toftevaag flere ganger rundt Nordkapp på ulike oppdrag.

Etter krigen ble Toftevaag løslatt igjen, og ble overtatt av Johannes Vintertun som reparerte henne i 1958. Hun ble brukt som fiskefartøy igjen før  hun i 1964 ble solgt  Sigvart Egeland, som installerte en ny semi-diesel 60 Hk Grenaa motor. Basert på den tiden i Rekefjord, ble hun brukt til reke og fiske tråling. Sjøkart holdt om bord indikerte forskjellige seilaser av skipet til steder så  fjernt som Nordkapp, Østersjøen, Biscaya og muligens enda Stillehavet.   

I 1979 kjøpte Jack Ramberg, ken profesjonell rigger henne og ga henne tilbake sin opprinnelige rigg som respektere 1907 seil planer og bruk av norsk rigging som var vanlig ved begynnelsen av århundret. Denne konverteringen tok ham seks år, etter som han brukte skipet til charter rundt kysten av Norge, Danmark og Nordsjøen.

I 1989 ble Toftevaag kjøpt fra Risør av Organisasjonen Alnitak i Madrid, Spania. Før båten ble seilt til Middelhavet gjennomgikk den en større overhaling og fikk ny motor og innreding i Øckerø utenfor Gøteborg i Sverige.

Toftevaag har hjemmehavn i Almeria Spania der den seiler for Alnitak som havforskningsskip med delvis frivillig mannskap.

Opplysningene er hentet fra Alnitak sin hjemmeside

Toftevaag - video

Toftevaag har heimehavn i Almeria Spania, og blir brukt til havforskning i Middelhavet

Spikerkassen til båtbyggjar Lars O Sjo

Spikerkassen til Larsen i Bråtet.

Dette bilde er av spikerkassen til Bråtabesten !! Den fekk eg av mor  !! Kva vil du nå med da gamla raskje..  ??  For meg er den så vakker , og har så fin ei " sjel " 

Kvar jul , påske etc pyntar eg blomar i den , 

I dag skal den få påskeliljer og mose til minne  om farne dagar . Og så alltid litt av dei rustne  gamle spikrane .. Frå båtbyggjinga på toppen.  Heldige alle oss barnebarna som fekk oppleva dette !!

Tekst og foto: Gudveig Ringheim

Nykvåg

Nykvåg

Etter krigen bygde dei i Bråtet fleire slike kutterar som gjekk til Finnmark som ein del av oppbygginga for Marshall midlar frå USA. Her ein av båtane under overlevering i Bergen. 

Ein av dei enda vel i Flekkefjord som reketrålar, og ein trur eg eksisterar endo og har nå fått navnet Old Smuggler etter som den blei tatt med full last med smugler sprit frå Helgoland.

Eit knippe med båtar som er bygd i Bråtet

Båtbygging i Bråtet

Livet i Gilla-naustet

Gerhard Sjo

I Gilla naustet, det vesle naustet nedafor vegen når du kjem til Bråtet, bygde Gerhard Sjo småbåtar. Onkel Gilla som vi ungane kalla han, var verdens snillaste onkel.Ikkje få timar tilbragte me i naustet hos han, og ofte vanka det litt belønning når me hjelpte han å klinka bord på robåtane han bygde. Vår oppgåve var å halda mot med hammar når han klinka saumen i bordgangane.

Oftast gjorde han dette sjølv, men onkel Gilla som var halt, hadde sikkert også litt nytte av oss. Mest trur eg han var opptatt av at me skulle læra korleis det føregjekk. Han var utruleg tolmodig og alltid imøtekommande med oss smågutane.

På slutten vart det overgang frå galvanisert saum til kopar saum, og eg kan huska det var diskusjonar om fordeler og ulemper. Uansett vart det koparsaumen som overtok. Dei skulle halda lenger, og skulle aldri måtta byttast slik som ein  stundom måtte på gamle båtar med galvanisert saum. Bakdelen var at koparsaumen var mjukare, og forandra seg meir, slik at båtane tok lenger tid å trutna synest eg å minnast.

Onkel Gilla var også levande opptatt av klokker og lommeur, og ein søndag fekk me gutane vera med å kjøra drosje like til Høylandsbygd for å handla lommeur og klokker med Skaten oppe på Skato. Det var ei stor oppleving for småkarane.

Tekst og foto: Frode Sæbø

Båtane i Gilla-naustet

Bygd i Gilla-naustet av Gerhard Sjo

Båtane i Gillanaustet

Bygd i Gillanaustet av Gerhard Sjo

Båtane i Gillanaustet

Bygd i Gillanaustet av Gerhard Sjo

Fraktebåtar. Halsnøy I, Koløyholm og EPS frå Sæbøvik, Garry og Tunes frå Eidsvik , Kathleen frå Landa og BP 29 frå Larsstø.

Halsnøy I / Ole Sjo, foto Karin Gram- Nygaard

BP 29 / Lars Fjelland, foto Karin Gram- Nygaard

Garry / Johan Seeberg, foto Jan Seeberg

Garry / Johan Seeberg,  foto Jan Seeberg

Tunes / Gunnar Reigstad, foto Gunn Wenche Reigstad Sanda-Jenssen

Kathleen / Hans Landa,  foto Idar Landa

EPS / Halvard Koløy,  foto Frode Sæbø

M/S  LANDAN FORLIST VED EGERSUND

DETTE ER M.S." LANDEN" SOM GÅR NED SØR FOR EGERSUND UNDER DRAMATISKE OMSTENDIGHETER 23 MAI 1953.

BÅTEN VART BYGD I STÅL I 1904 OG HAR HATT TRE ANDRE NAVN:TORRIDGE,VIKING OG TERNESUND. 

DAMPMASKINEN  VART I 1938 BYTTA UT MED MOTOR.

"LANDEN VAR PÅ 200 T.D.W.

DEN VART KJØPT AV NILS NILSEN SEN. FRÅ SÆBØVIK I 1948.(DETTE ER MORFAR TIL LARS SÆMUND,NILS OVE OG TORBORG)

SKIPET VAR FØRT AV NILS NILSEN JR. OG HADDE ET MANNSKAP PÅ 3 UTANOM.

DET VAR STYRMANN TORBJØRN FJELLAND, MASKINIST JOHNE NYGAARD( MIN FAR) OG MATROS PAUL LANDA.

SKIPET VAR LASTA MED JERNKONSTRUKSJONAR I ROMMET SAMT EIN JERNKRAN MED KRANHUS PÅ DEKK.TUNGE SAKER...

DETTE VAR DEI PÅ VEG MED FRÅ LARVIK TIL SUNNDALSØRA DÅ LASTA FORSKAUV SEG  I ROMMET VED SVÅLHOLMSUNDET SØR FOR EGERSUND.

DET VAR STERK STRAUMSJØ OG  TEMMELEG FRISK VIND FRÅ SØDAUST.

TORBJØRN FJELLAND,PAPPA OG PAUL LANDA HOPTE I SJØEN UTAN REDNINGSVESTAR,MEN GRUNNA DEN STERKE STRAUMSJØEN VART DEI FØRDE UTOVER I STADEN FOR INNOVER - MEN STERKE SOM DEI VAR - HALSNØY GUTAR MÅ VETA - KLARTE DEI OMSIDER Å KJEMPA SEG TIL LANDS.  EIN STRIE TØRN BLEI DET NOK.

KYSTRUTESKIPET "OSLO" VAR I NÆRHETEN OG EIN AV PASSASJERANE DER TOK DETTE SISTE BILDET AV "LANDEN" FØR DEN GJEKK NED. 

 BILDET VART SÅ BRUKT AV STAVANGER AFTENBLAD I DEIRA REPORTASJE DAGEN ETTER.

DET TOK BERRE 4-5 MINUTTAR FRÅ DEI FEKK PROBLEMER TIL "LANDEN " SOKK.

SKIPPER NILS NILSEN JR.VAR OMBORD TIL SISTE MINUTT OG KLARTE DÅ Å FÅ UT LETTBÅTEN I SISTE LITEN. HAN VAR HELDIG OG KOM SEG UNNA DRAGSUGET OG VART SÅ  TEKEN OMBORD I "OSLO" .

DETTE ER DEN SAME NILS NILSEN SOM BYGDE SEG HYTTA OPPFORBI LARS SÆMUND SITT HUS - HAN VAR GIFT MED RANDI FRÅ STAVANGER.

PAPPA FORTALDE OM GJENFORENINGA MANNSKAP OG RANDI IMELLOM I STAVANGER ETTER FORLISET-OG PÅFYLJANDE MÅLTID HEIMA HOS DEI SOM VISST SMAKTE UFATTELIG GODT :-)

Tekst og foto: Karin Gram-Nygaard

LANDAN, foto: Idar Landa

RELIS

HER HEIMA PÅ NYGAARD VART DET I 1882 STREKT  KJØL TIL EIN TEMMELIG STOR BÅT.

HEILE 115 FOT. 

DETTE VAR SKONNERTEN "RELIS"  OG DET VAR OLDEFAR OG BÅTBYGGJAR JOHNE LARSON NYGAARD ,( FØDT I 1848 DØD I 1932) SOM HADDE FÅTT VYER OM Å BYGGJA EIN ENDÅ STØRRE BÅT ENN GALEASEN "MARGARETHA" PÅ 94 FOT.

IKKJE KAN DET HA VORE BERRE ENKELT Å SKAFFA TIL VEIE ALT SOM TRONGST,TØMMER  SKULLE HOGGAST OG DRAGAST FRAM MED HEST PÅ SNØFØRE FØR DET KOM TIL SJØS OG VART SKORE. 

DET VAR JO HELLER IKKE ALT I SKOGEN SOM KUNNE BRUKAST,HER VART DET NØYE MERKT DET SOM VAR EMNE GODE NOK.

GRUNNEN TIL AT DENNE BÅTBYGGJAREN KJØPTE GARDEN HER VAR AT SKOG OG SJØ LÅG SÅ NÆRT,DET VAR VIKTIG I DEN TID NÅR EIN IKKJE HADDA ANNA HJELP ENN EIN HEST OG TO.

ALT VART GJORT MED HÅNDAMAKT OG DET HAN ELLERS LAGA SEG TIL MED AV VERKTØY OG UTSTYR FOR Å BRUKA I PROSESSEN - OG DEN VART NOK LANG.

SIDAN DENNE BÅTEN VAR  HEILE 115 FOT SEIER DET SEG SJØLV AT HER GJEKK DET MYKJE PENGAR MED,SAMT SLIT OG NITID ARBEID. 

EIN KAN BERRE TENKJA SEG NÅR ALLE SPANTA VAR OPPKOMNE,I DEN STØRRELSEN,OG SÅ SKULLE DEI HANDSKORNE BORDA KOKAST FOR DERETTER Å KOMMA PÅ I EIN FELA FART...FØR DEI SPRAKK. 

DÅ SKULLE DET BEND TIL PÅ BÅDE DEN EINE OG DEN ANDRE MÅTEN OG STERKE MÅTTE BENDA VERA FOR Å HALDA DESSE KREFTENE I SJAKK.

TRE ER FØYELEG BERRE SÅ LENGJE DET ER VARMT I DENNE STØRRELSESORDEN.

 

HEILE 6 ÅR TOK DENNE BYGGJEPROSESSEN OG I APRIL 1888 VART "RELIS" SJØSETT I STARANDA HER HEIMA.FRAMLEIS FINST DET STEINAR MED TJØRA PÅ ETTER BYGGJEPROSESSEN,DET SISTE BILETET VISAR DETTE.

 RELIS LASTA HEILE 246 TONN.

 JOHNE HADDE IKKJE HJELP AV SØNNENE SINE I DENNE PROSESSEN DÅ DEI VAR FOR SMÅ,SÅ DET VART NOK MYKJE PÅ HAN FAR,DET VAR SJØLSAGT OGSÅ EIN GARD SOM SKULLE DRIVAST,MED ONNER OG ALT SOM FØLGDE MED.

 AV BILETA SER MED HANDELSBOKA FRÅ SILSETH I TOFTEVÅG DER DEI SKREIV KVA SOM VART HANDLA INN TIL AVGANG.

HER SER ME PISAR PÅ MANGT OG MYKJE,BRØD,TOBAKK,DREV,GALV.JERN OG DET MESTE EIN TRONG FOR KLARERING.

EIN DEL HALSNØYBUAR ER I AKSJON SOM ARBEIDSKARAR FOR Å FÅ SEGLSKUTA FERDIG TIL AVGANG SER ME AV INNKJØPA.

FESTLEG Å SJÅ I DENNE BOKA,DET FORTEL MEIR ENN EIN SKULLE TRU.

OLDEFAR MÅTTE I BYGGJEPROSESSEN PÅ 6 ÅR SJØLVSAGT LÅNA PENGER,KOR MYKJE VEIT EG IKKJE,MEN DET MÅ HA VORE MYKJE ETTER STØRRELSEN PÅ SKUTA Å DØMMA.

HAN VAR NOK KJEND MED SEGLSKUTER OG DRIFT FRÅ TIDA MED "MARGARETHA" DERMED FEKK HAN OPPDRAG MED EIN GONG OG KUNNE BETALA TILBAKE TIL DENNE PERSONEN PÅ ØYA SOM HADDE LÅNT HAN PENGAR.

DET LIKTE NOK IKKJE UTLÅNAREN,SOM NOK VILLE HATT RENTA FOR PENGANE OVER LENGRE TID. DÅ JOHNE STO PÅ DØRA MED PENGANE I HANDA VAR ORDLYDEN SLIK:" HER ER PENGANE DINE OG TAKK FOR LÅNA ". DÅ SVARA UTLEIGAREN: " Å MOR,MOR EG DØYR"

"JAJA SVARAR JOHNE " SÅ DØY DÅ,DU DØYR IALLEFALL IKKJE I PENGEMANGEL"

DERMED GJEKK HAN NOK LETTA HEIM FOR SÅ Å KUNNA OVERLATA SEGLSKUTA TIL KAPTEIN INGEBRIGTSEN FRA BERGEN.

HEIMA SAT ODEFAR MENS SKUTA GJEKK OVER STORE DELER AV VERDA.

EG ER IKKJE KJEND MED KOR DEI GJEKK DEI FØRSTE ÅRA,MEN I 1905 HAR EG DOKUMENTASJON PÅ AT DEI VAR I HELSINGFORS I JUNI,NORGE I JULI,BREMEN I AUGUST,WENYSS I SKOTTLAND I SEPT.GERSTMINDE I TYSKLAND I OKTOBER,ST.PETERSBURG I NOVEMBER,HARSENS I USA I DESEMBER OG BERGEN I JANUAR.

HARDE TIDER OG TØFFE KÅR VIL EG TRU I ALL SLAGS VÆR OG VIND.

EG BEKLAGAR ELLERS BILLEDKVALITETEN PÅ SKUTA,MEN SIDAN DEN ER I GLAS OG RAMA SOM ER GAMMALT VERT DET IKKJE DEMONTERT. DERMED ER BILETET ET BILETE AV DET ORIGINALE MALERIET.

MALERIET ER MALA AV DEN NORSKE SKUTEMALAREN H.MIKKELSEN FRÅ STAVANGER.

HAN HADDE ATELIE I BYEN OG MALA PÅ BESTELLING.

I SJØFARTSMUSEENE I OSLO,BERGEN,TRONDHJEM OG STAVANGER HAR DENNE KUNSTNAREN GJORT UTSMYKNINGAR.

MALERIET AV RELIS ER FRÅ 1888.

ELLERS ER DET BILETE AV OLDEFAR JOHNE MED SONEN LARS. ( DENNE SONEN DRUKNA RUNDT 15 ÅR GAMMAL MIDT UTE PÅ EIDSVIK OG VART ALDRI FUNNEN)

SÅ ER DET HALVMODELL AV RELIS,GODT MÅTTETEN,MEN FOR MEG GULL VERD.

OLDEFAR JOHNE EIGD OG DREIV RELIS FRAM TIL 1908,DÅ HAN SELDE.

HO FORLISTE I 1910 I BISCAYA.

EG VEIT IKKJE OM AT DET ER BYGD SÅ STORE BÅTAR HER PÅ ØYA PÅ 1800 TALET...SPENNANDE OM NOKON  VEIT.

Tekst og foto: Karin Gram-Nygaard

RELIS

GALEAS MARGARETHA

Margaretha

DETTE ER GALEASEN "MARGARETHA" PÅ 94 FOT. 

OLDEFAR JOHNE VAR SKIPSBYGGJAR FRÅ GARDEN EIDE PÅ SAND I RYFYLKE OG HAN HEITTE JOHNE LARSEN BROMMELAND.

HAN MØTTE EI JENTA SOM HEITTE BERTHA SAMSONSDATTER FRÅ HARDANGER OG DEI VART GIFTE.

HO HADDE EIN FAR SOM HEITTE SAMSON OG EIN BROR SOM HEITTE LARS.

DEI GJEKK SAMAN MED OLDEFAR OG BYGDE DENNE BÅTEN PÅ JELSA I RYFYLKE.

ETTER AT BÅTEN VAR FERDIG REISTE DEI TIL HALSNØY Å KJØPTE SEG GARDAR DÅ EIN GOD VENN FRÅ SAND ALLEREDE HADDE KJØPT SEG GARD PÅ DENNE FINE ØYA.

DERMED VART SAMSON OG SONEN LARS SITJANDE SOM EIGERAR AV SÆBØ OG JOHNE VART SITJANDE SOM EIGAR AV NYGAARD.

DÅ VEIT DE KVEN DETTE GJELD,OG KJENNER ETTERKOMMERANE PÅ BEGGJE SIDER.

TILBAKE TIL "MARGARETHA". 

ALTSÅ,94 FOT OG EIN STOR BÅT SOM NORMALT I DEN STØRRELSEN VART RIGGA SOM SKONNERT,MEN ALTSÅ IKKJE DENNE.HO VAR I TILLEGG DJUP OG LASTA DIFOR GODT.FRÅ KJØL TIL OPPUNDER DEKK VED FRAMMASTA HEILE 10,5 FOT.

HO GJEKK SJØLSAGT I INTERNASJONALT FARVATN OG LASTA DET MESTA. IKKJE ALT ER LIKE ENKELT Å FINNA I DIGITALARKVET MEN SIDAN OLDEFAR SEINARE BYGDE DEN ENDÅ STØRRE SKONNERTEN " RELIS" SÅ SER ME AV DEI PAPIRENE AT HAN HADDE SINE FORBINDELSAR OG KAN VEL DRA DEI SLUTNINGAR AT HO FOR VIDA.

FOTO FINST IKKJE,MEN OLDEFAR BESTILLTE MALERI AV SKUTA FRÅ EIN KJEND SKUTEMALAR SOM HEITTE REUBEN CHAPPEL FRÅ BYEN COOLE I YORK,ENGLAND.DER VAR SKUTA INNOM OFTE OG DIFOR KUNNE HAN MALA MENS DEN LÅG DER OG LEVERA MALERIET.

DETTE HAR HENGT PÅ VEGGEN HEIMA PÅ NYGAARD I ALLE ÅR.

(BILDET HAR SIN EIGEN VESLE HISTORIE FRÅ NÅ TIDA DÅ MOR MI LEVERTE DET INN TIL RESTAURERING HOS EIN ANTIKVAR MED BESKJED OM AT HO SKULLE HA NYTT GLAS OG SIDAN DET GAMLE VAR SÅ UJEVNT...MEN PIPO FEKK EIN ANNAN LYD DÅ ANTIKVAREN RINGDE Å LURTE PÅ OM HO VILLE SELJA GLASET TIL HAN FOR X ANTALL TUSENLAPPAR...GLASET VAR NEMLIG HÅNDLAGA ;-)

DET VART INGEN HANDEL OG GLASET ER INTAKT...ELLERS GJORDE HAN JOBBEN SIN MED Å RENSA MALERIET-MED - AV ALLE TING BLODFERSK  USALTA LOFF!  SÅ VEIT DE ALTSÅ KORLEIS GAMLE AKVARELLAR  SKAL RENSAST) 

ELLERS ER HER AVBILDA EIN SKANT AV BÅTEN SOM OG BER PREG AV Å HA VORE VEGGPYNT I STOVA. 

IKKJE HEILT INTAKT MEN LIKA GOE.EG SYNEST DET ER STAS Å EIGA DEN!

SÅ LIGG VERITAS SIN REG.VED HER DER DET MESTE FRAMGÅR. I TILLEGG ER LLOYDS ARKIV VEDLAGT.

DER GÅR FRAM AT HO GJEKK FRÅ BLYTH I ENGLAND 28 MARS 1900 OG SKULLE TIL NORGE MED LAST,MEN ER SIDAN IKKJE SETT.ALTSÅ FORLIST HO PÅ DEN TUREN.HO VAR DÅ SELD TIL  M.DAHLE I STAVANGER.

EIN FORSTÅR SLITET VED Å BYGGJA SÅ STORE BÅTAR I DEN TID,MED LITE Å HJELPA SEG MED.BÅTBYGGJARANE DENGONG VAR AVHENGIGE AV Å BYGGJA DER SKOGEN LÅG NÆR TIL SJØ FOR Å LETTA ARBEIDET.

TØMMERET SKULLE HOGGAST OG DRAGAST GJENNOM SKOGEN OG TIL SJØEN FOR Å SKJÆRAST OG TØRKAST...ALT TIL SI TID...OG TØRKETIDA VAR LANG!HER MÅTTE BÅDE HEST OG MANN JOBBA SVÆRT TUNGT. 

LIKEEINS SKULLE DET SKÅRNE TØMMERET VARMAST OPP OG FORMAST ETTER SPANTA - OG MED DENNE  STØRRELSEN VAR DET IKKJE AKKURAT NOKO LETT ARBEID. HER MÅTTE NOK MANG SLAGS MEKANISMAR TIL MED BENDING , LÅSAR - ALT SJØLVLAGA ...OG RIKELEG MED MUSKELKRAFT.

( TIL ORIENTERING KAN SEIAST: PÅ VERITAS SIN OVERSIKT STÅR DET J.L.SJO  M.FL.  UNDER "OWNER"

OLDEFAR KALLA SEG JOHNE LARSSON SJO NOKRE ÅR FØR HAN TOK DET GAMLE GARDSNAVNET NYGAARD SOM GARDEN HAR HEITT IALLEFALL I OVER 300 ÅR.

Tekst og foto: Karin Gram-Nygaard

Galeas Margaretha

Også små farkostar kan nyttast til fiske

Helge Schei og Arild Landa trekkjer garn i Landavågen

Den som måtte tru at det er størrelsen det kjem an på, kan aldri ha vore på fiske med ei eka. På Sæbøvik var det fleire slike farkostar. Best hugsar eg Koløy-eko og Landa-eko som er på bildet her. 

Sissi

Sissi av Sæbøvik, eigar N.Nilsen Lande

EI LITA SOGE OM DEN UNGE KOKKEN PÅ HALSNØYBÅTEN "SISSI" OG DEN GILDE REDAREN.   PÅ SÆBØVIK BUDDE DER EIN HANDELSMANN SOM HEITTE NILS NILSEN  SENIOR MED FAMILIEN SIN. HAN DREIV BUTIKKEN SOM ME I VÅR GENERASJON KALTE FOR "ODDEN" SIN BUTIKK. ODD SJO VAR SVIGERSON TIL DENNE MANNEN OG VAR GIFT MED DOTTERA KLARA. DETTE ER DÅ ALTSÅ MORFAR TIL LARS SÆMUND,TORBORG OG NILS OVE SJO SOM ME ALLE VEIT KVEN ER.  NILS NILSEN DREIV IKKJE BERRE  BUTIKK MED ALT SOM FØLGDE MED SLIK DRIFT I DEN TID,MEN  HAN DREIV OGSÅ SOM REDAR INNAN FRAKTEFART OG I 1938 EIGDE OG DREIV HAN EIN BÅT PÅ HEILE 98 FOT SOM HEITTET "SISSI".  DET VAR JO SLIK AT EIN TRONG MANNSKAP OG DÅ EIN GJENG GUTAR STO PÅ KAIEN HANS OG FORDREIV TIDA NYTTA HAN HØVE TIL EIN LITEN VERVEKAMPANJE PÅ DIREKTEN VED Å SPØRJA OM NOKON AV DEI KUNNE KOKA DÅ HAN SÅ GJERNE SKULLE HATT KOKK OMBORD I "SISSI". NEI-UNG GUTANE DROG PÅ DET...KOKA KUNNE DEI IKKJE. HAN GJEKK DÅ NÆRARE INN PÅ FAR MIN,JOHN NYGAARD,  OG SPURDE OM HAN KUNNE KOKA POTETER,EGG OG KAFFI OG LITT FISK. JOOO...DET KUNNE NÅ GUTEN. " HØYR DER DU SA NILS...DÅ HAR DU FÅTT DEG JOBB". OG SLIK VART DET.  FAR MIN MØNSTRA ALTSÅ PÅ SOM KOKK EI LITA VEKE ETTERPÅ - OG BESTEMOR KUNNE FORTELJA OM EIN SON SOM KOM HEIM OG SKULLE LÆRA SEG Å KOKA ALL VERDENS RETTAR PÅ FÅ DAGAR.  VEGEN FRAM TIL MÅLET VART SÆRS BRATT KAN ME SEI-OG DET VAR NOK EIN SPENT KAR SOM ENTRA GRYTENE FOR Å SKAFFA BRUKANDE MÅLTID TIL EIT SVOLTENT MANNSKAP.  NILS NILSEN VAR EIN  FANTASTISK MANN SOM FAR MIN SETTE SVÆRT STOR PRIS PÅ. ALTID VAR HAN ROLEG ,ALTID SINDIG. I DEN SAMANHENG  KAN NEMNAST AT DÅ DEN NYTILTREDDE KOKKEN NOKRE DAGAR SEINARE SKULLE KOKA HAVRESUPPA VAR MANNSKAPET SAMLA TIL MÅLTID. BRÅTT VAR NILS SITJANDE Å LYTTA OG PRATEN STILNA....PÅ SPØRSMÅL OM NOKO VAR GALE SVARA HAN" NEI...EG HØYRER BERRE ETTER OM DET BLESE UTE"  DET KUNNE DEI ALLE AVKREFTA,STILLT VAR DA. DÅ SEIER NILS " EG TRUDDE BEINT FRAM AT VINDEN HADDE VORE SÅ KRAFTIG AT HAVREGRYNA VAR BLESNE OR SUPPO" OG SÅ ÅT  HAN ROLEG VIDARE.   MEIR VART IKKJE SAGT,MEN KOKKEN PASSTE VEL PÅ Å HA RIKELEG GRYN I HAVRESUPPA NESTE GONG DEN RETTEN SKULLE PÅ BORDET.    LIKE EINS VISTE NILS SIN ROLEGE OG TREFFANDE HUMOR DÅ DEI LÅG TIL KAI I MOLDE MED  "SISSI".   DER KOM HURTIGRUTA OG SKULLE LEGGJA TIL PÅ SAME STADEN OG DET PASSA KAPTEINEN OMBORD HELLER DÅRLEG AT "SISSI" LÅG AKKURAT DER.  DEN UNIFORMKLEDDE BERGENSKE KAPTEINEN KOM EIGENHENDIG NED PÅ DEKK OG ROPTE NED TIL NILS SOM STO PÅ DEKK PÅ "SISSI".  " SE Å FLYTTE DEN KOEN DER".  DÅ SVARA NILS - ROLEG SOM ALTID. " JA EG MÅ VISST DA FOR EG SER DA LIGGE EI Å KALVA".   SNAKK OM Å FINNA RETT SVAR I RETT TID. DET KUNNE DENNE LUNE MANNEN SÅ GODT OG VAR SLIK EIT STRÅLANDE EKSEMPEL. DESSE HISTORIANE- OG MANGE ANDRE - ER EG OPPVAKSEN MED OG HAR HATT GLEDA AV Å HØYRA FAR MIN FORTELJA MANG EIN GONG.  DETTE VAR FØR HAN VART MASKINIST,EIN STAD SKAL EIN JO BEGYNNA. SEINARE VART HAN OGSÅ I NILS NILSEN SI TENESTE I FLEIRE ÅR PÅ BÅTEN "LANDEN" OG VAR DER MED PÅ FORLISET SOM SKJEDDE VED EGERSUND. VEDR. "SISSI" HAR EG IKKJE SETT DENNE BÅTEN MEN FAR MIN FORTALDE AT DET VAR EIN STOR OG GOD BÅT SOM LASTA GODT OG VAR STØDIG I SJØEN. SLIKE EIGENSKAPAR ER SÅ ABSOLUTT VERDIFULLE FOR DEN SOM SKAL FERDAST MED LAST LANGS DEN NORSKE KYST STRIPA.

Tekst: Karin Gram-Nygaard

Foto av måleri: Lars Sæmund Sjo

SOMMAR OG TREBÅT.          Karin Gram-Nygaard nøyer seg ikkje med seglsskuter. I dag skal ho tjørebreie trebåten sin. Merk dåko dagen.. 20 juli er altså den dagen me har sommar i 2016. Om ei veke eller to når båten e sjøsatt og maura, håpar ho på rotur på Eidsvika viss det kjem ein solglytt. Kan me håpa på ein reportasje tru ?  Foto: Karin Gram-Nygaard

Halsnøy og BP 29 på Larsstø

Halsnøy og BP 29

Me som vaks opp på 60 tallett minnest desse to båtane som var eit vanleg del av bygdebildet. Halsnøy I var bygd i Bråtet og eigd av Ole Sjo. tankbåten BP 29 var ført av Lars Fjelland, eller olje Larsen som me ungane kalla han.

Tekst Frode Sæbø

Foto Karin Gram-Nygaard

Halsnøy I og BP 29. Foto: Karin Gram-Nygaard

BP 29. Foto: Karin Gram-Nygaard

Halsnøy fortøyer i Raunaberget. Foto: Karin Gram-Nygaard

Halsnøy fortøyer i Raunaberget.  Foto: Karin Gram-Nygaard

BP 29. Foto: Karin Gram-Nygaard

IRENE var eigd av brørne Alf og Lars Fjelland. Den forliste i strandasteinane på Nygaard i ein nordavindstorm ca. 1960 . Den vart flytta til Mørkavåg på Løkjelsøy der ein enda kan sjå restar av skuta. Øverste bildet er frå i år, og bildet nederst er frå 1963. Foto: Frode Sæbø, Karin Gram-Nygaard/ Raganar Underland.

På Nygård bygde John mange flotte båtar

DEN HVITE MÅKE

John på Nygård var ein framifrå båtbyggjar og båtkonstruktør. Han bygde motorbåtar i naustet i Ninevågen på Nygård. Totalt bygde han 30 båtar. Men ikkje nok med det. Han leverte også spantesett til andre båtbyggjarar, og han har mellom anna bygd spanta til Per Fjelberg sin "Sjøkos". Eg trur kanskje også at Svein Sjo fekk levert  spant til tresnekka si frå John.

Eg let dette bildet av "DEN HVITE MÅKE" på 28 fot representara båtane  han bygde. Her er han på tur med ungane på Nygård og omegn.

Tekst: Frode Sæbø

Foto: Karin Gram-Nygaard/ Ragnar Underland

DEN HVITE MÅKE     foto: Karin Gram-Nygaard

To damer til sjøs. Karin på rotur til Kobbaskjer med Johanne båten

På tur med Johanne båten

SIDAN EG ER SÅ HELDIG Å EIGA EIN GAMMAL ROBÅT AV TRE SKAL EG FORTELJA LITT OM GLEDA DETTE GIR MEG. BÅTEN VART BYGD AV EIN SNEKKER I HANS UNGE ÅR,OG VAR IKKJE ETTER MIN FAR SOM VAR TREBÅTBYGGJAR SINE AUGER NOKO SÆRLEG TIL BÅT. DIFOR STOD DEN I  NAUSTET HER HEIMA OG VAR I OVER 40 ÅR IKKJE PÅ SJØEN. NOKON VILLE HOGGA DEN OPP OG NOKON VILLE BRUKA DEN TIL ST.HANS BÅL...MEN EG VILLE HA DEN OG BRUKA DEN. Å RO HAR ME ALTID GJORT HER PÅ NYGAARD...NO HADDE EG BERRE RODD PLASTBÅTAR DEI SEINARE ÅR SÅ DET Å KUNNA EIGA DENNE BÅTEN  OG SJÅ FRAM TIL FINE ROTURAR VAR VERKELEG LYSSTBETONT. MEN DU VEIT...DET VAR INGJEN SOM TRUDDE DEN VERKEN SKULLE FLYTA ELLER BERA FOLK OMBORD...RUNDT 120 ÅR SOM DEN VAR OG OPPTØRKA PÅ ALLE VIS.  NY ROBÅT KOSTAR MANGE PENGAR...OG EG HADDE JO NO EIN ROBÅT...SÅ KVIFOR ØYDELEGGJA DEN?  

NO SKAL EG  FORTELJA LITT OM BAKGRUNNEN...ELLER EIGARFORHALDA TIL DENNE BÅTEN OG KORLEIS DEN HAMNA PÅ NYGAARD.

MIN FARFAR SI ELDSTE SØSTER,JOHANNE NYGAARD FØDD I 1882 , VART GIFT MED OLE MOBERG FRÅ MOBERG PÅ EIDSVIK. HAN VAR SNEKKER ,OG I UNGE ÅR BYGDE HAN DENNE BÅTEN. DESSE TO VAR BARNLAUSE OG DIFOR HAMNA BÅTEN HER PÅ GARDEN DÅ JOHANNE DØYDDE I 1960.OLE DØYDDE SÅ MYKJE  TIDLEGARE.  HER HAR DÅ DENNE BÅTEN LEGE I NAUSTET SIDAN 1972 DÅ DEN SIST VAR UTE PÅ TUR...BRUKT SOM "LETTBÅT" ETTER FORELDRA MINE SIN   BÅT.  

TILBAKERS TIL NOTIDA...SOM TENKT SÅ GJORT...EG TOK  TANTE JOHANNE BÅTEN  UT FRÅ NAUSTET FØRSTE GONG FOR 3 ÅR SIDAN... SAMAN MED MANNEN MIN SOM SYNTEST DETTE VAR SVERE GREIER. POSITIV SOM HAN ER TIL KÅNO SINE MANGE LYSE IDEEAR FØLGDE HANDLING.  

EG FEKK TAK I TJØRA OG  TJØREBREDDE DEN UTVENDIG. MEN DET VAR JO SJØLVSAGT EIT SØRGJELEG SYN...HER VAR DET ARBEID Å GJERA MED Å BYTA BORD OG  IKKJE MINST SAUM...MEN - EG TENKTE DET VAR BEST Å FYRST SJÅ OM DETTE GJEKK AN Å FÅ TIL Å FLYTA SÅ ALL REPARASJON VART INNSTILLT I FØRSTE OMGANG .

Å TA LÅKET AV TJØREBOKSEN VAR EIN NYTELSE... DU VERDEN...DEN LUKTA! DET VAR HIMMELSK Å ARBEIDA MED TJØRA IGJEN. EG SVEVDE FOR KVART PENSELSTRØK...OG HADDE NOK LITT EKSTRA PÅ BERRE FOR Å DRA DET HEILE UT.  SLIK FEKK DÅ BÅTEN LIGGJA PÅ BAKKEN Å TØRKA EIT PAR VEKER. HALVEIS PÅ VEI TIL SJØEN MØTTE GODLUKTA MEG DAGLEG OG BAR BUD OM AT HER SKJER DET NOKO MARITIMT PÅ SKIKKELEG GAMLE PREMISSAR.  DÅ TJØRA VAR TØRKA  SKULLE VIDUNDERET SJØSETJAST. I MINNET SPØKTE UTSEGNENE OM AT DENNE ALDRIG VILLE VERKEN FLYTA ELLER VERA BRUKANDE. EG TENKTE SOM SÅ AT HER SKAL SKJE SANNELEG EIT LITE UNDER,OG SÅ GJORDE EG SLIK FAR MIN HADDE LÆRT MEG. EG MAURA BÅTEN PÅ GAMMAL VIS. SAMO HADDE EG NOKO AV OG RESTEN VAR IKKJE VANSKJELEG Å FÅ TAK I. RIKELEGE MENGDER HADDE EG NÅ OG DETTE VART LAGT I HEILE BÅTEN INNVENDIG. DERETTER VAR DET BERRE Å SETJA SI LIT TIL AT SAMOEN SKULLE TRENGJA INN I ALLE SPREKKER OG TETTA BÅTEN SÅ DEN VART  FLYTANDE OG BRUKANDE.  UNDERET SKJEDDE OGSÅ....ETTER OVER 40 ÅR PÅ LAND GJEKK DET BERRE EI LITA VEKE FØR TANTE JOHANNE BÅTEN PÅ 120 ÅR FLAUT SOM BERRE DET. GLEDA VAR STOR  DÅ EG GJEKK OMBORD. BÅTEN  HELDT  BÅDE MEG OG MEIRE TIL.  DETTE VISAR AT GAMLE FRAMGANGSMÅTAR MED NATURMATRIALER ER MAKALAUST EFFEKTIVE.

GRUNNA DET DÅRLEGE VÆRET VART TJØREBREIINGA I ÅR GJORT INNOMHUS SÅ SEINT SOM 20 JULI. UTRULEG NOK  TØRKA DEN  I ÅR OGSÅ,OG BÅTEN TRUTNA SOM FØR  MED GOD GAMMALDAGS MAURING.   MEN DET SØRGJELEGE SOMMARVERET ME HAR HATT I ÅR GAV IKKJE LJOSE UTSIKTER TIL ROTUR. NORDAVINDSKULING MED STORM I KASTA , FLAUM OG STRIREGN SETTE STOPPAR FOR DET MESTE.  

MEN SÅ - ENDELEG - 11 AUGUST KOM DAGEN.  HEILA EIDSVIKJO VAR FULL AV BERRE SOL OG STILLE SJØ. DÅ PAKKA EG NISTA I DEN GAMLE KJIPA MI OG VAR KLAR FOR EIN TUR MED ÅRANE. BÅTEN HAR BERRE EI TOFTE...OG TILJENE ER EIT SØRGJELEG SYN...MEN DEI EG HAR ER ORIGINALE...OG SKAL REPARERAST. FLEIRE DELER ER NO KOMNE FOR DAGEN SÅ VINTERSTID VERT DET SLIKT ARBEID Å GJERA. MEN PYTT - NO VAR DAGEN HER OG  EG SIG FRÅ LAND.  DU VERDEN...BÅTEN ER UTRULEG LETTRODD,OG EG KJENDE DET SEIG GODT  PÅ FRAM SJØL MED ROLEGE TAK. NO VILLE EG   OVER EIDSVIKJA MOT MOBERG SLIK DENNE BÅTEN SÅ MANG EIN GONG HAR GJORT. MED KJIPA I FRAMSKUTEN VAR EG PÅ TUR I GODVÆRET I STRÅLANDE SOL. ENDELEG, DETTE VAR RIKDOM , VERKELEG RIKDOM. IKKJE GULL ELLER GLITTER MEN BERRE BARNSLEG GLEDA. OG KVA ER VEL BETRE ENN DET FOR KROPP OG SJEL?

ETTERPÅ VART TUREN RODD NORD MED LANDET SOM VAR DET GAMLE UTRYKKET HER HEIMA. ALT SKJEDDE"NORD MED LANDET" I MIN BARNDOM...DEN SOM HADDE VORE DER KUNNE FORTELJA ALT OM KOR FISKEN STO NÅR VINDEN VAR SLIK ELLER SÅNN. RIKDOMMEN VAR DER "NORD MED LANDET" ..DET FORSTO EG TIDLEG. NO RODDE EG FORBI RAUNABERGET MED DEN VELSIGNA HYTTAPLASSEN - I DAG UTEN HYTTE. UNGANE HAR FUNNE ANDRE INTERESSER NO,OG DEI INTERESSENE FER SNARARE AVGARDE ENN EG OG ROBÅTEN. VIDARE  KJEM ALLE FESTENE TIL REKSTEN SINE BÅTAR...DEI STÅR DER OG VITNAR OM TIDA SOM VAR...DÅ DESSE KJEMPENE AV NOKRE BÅTAR LÅG FORTØGDE HER OG NOKRE ITALIENARAR SOM ARBEIDDE OMBORD SONG SÅ DET LJOMA OVER GARDEN MENS ME  GJEKK OG HESJA .  KLUKKINGA FRÅ STILLE SJØ FRAMOM BAUEN PÅ BÅTEN FØRER MEG VIDARE FORBI VODLABERGET, DET FLATE BERGET DER EIN TØRKA NØTER, FØR EG RUNDAR INN TIL SJELJAVIKJO . DU VERDEN....I DETTA FINA VERET - HER ER DET IKKJE FOLK ! JA EG VEIT SJØEN ER KALD...DET FREISTAR NOK MEIR MED EIN SYDENTUR FOR DEI FLESTE NO. MEN EG BERRE MÅ INNOM OG BADA... SÅ MANGE GODE MINNER KJEM TIL OM DAGAR MED LEIK OG LEVEN OG EI STRAND FULL AV BADANDE BORN OG VAKSNE. SANNELEG GJEV DENNE ROTUREN VALUTA I FORM AV GODE MINNER. OMBORD IGJEN  ROR EG  VIDARE FORBI NORDSTA SKJELJAVIKJO,  DER GERHARDEN I BRÅTET ALLTID HADDE GARN STÅAENDE, OG TIL KOBBASKJER, BESTE KVITINGPLASSEN FØR I TIDA. HER RODDE MOR MI, MED MEG  OG HUNDEN BUNDNE OMBORD  I BÅTEN - FORDI BADNE VAR SÅ GALEN AT HO TIL STADIGHEIT HOPPA I SJØEN . DET VART DÅ FISKA DEN FINASTE KVITING TIL MIDDAG.  EG NYT STUNDA MED DEI GODE MINNENE OG SIG VIDARE. DENNE STADEN  ER EIGENTLEG EIN EVENTYRPLASS - SÅ FIN TIL BÅDE BADING OG DET ME TIDLEGARE GJORDE OM SØNDAGANE OM SOMMAREN. ME REISTE PÅ KAFFITUR. DEI GAMLE KAFFIKJELANE FRÅ SLIKE TURAR HAR EG ENDÅ - OG SVARTE ER DEI ETTER BÅLA .FLO OG FJÆRA MELLOM SUNDET HER VAR EI KJEKK SYSLE FOR UNGAR MED UTFORSKARTRONG. I FINAVÆRSOMRAR VAR DET STOR FJÆRA OG DERAV GODE FORHALD FOR DET MESTE AV MARITIM  LEIK. SEINT ROR EG VIDARE...FRAMLEIS "NORD MED LANDET" OG KJENNER PÅ DEN GODE KJENSLA DETTE GIR. HEIMTUREN GÅR I FINT SIG, SJØEN ER SÅ STILL. DER SER EG MURANE ETTER HUSET DER  "STERKE ANTON" EI TID BUDDE... OG  DEN GAMLE VEGEN OPP FRÅ SJØEN,SÅ KJEM BESTEMOR HUSET  - GODE MINNER ALLE STADAR. HEIMAHUSET KJEM FRAM OG SÅ HEILE GARDEN. DÅ ER DET GODT Å KJENNA PÅ AT HER ER HEIMEN MIN,HER HØYRER EG TIL.HER ER DET GODT Å VERA.  DET HAR ANDRE OGSÅ KJENNT PÅ OG GJORT FØR MEG,OG EG ER UENDELEG TAKKSAM FOR  AT DET NO ER MIN TUR. SLEKTERS GANG...   I SLIKE TANKAR RUNDAR EG MOLOEN  - ÅRETAKA STILNAR OG EG SIG INN VED ANDERS-LENDINGJA. SLIK VART DÅ ÅRETS FØRSTE ROTUR ,SÅ FIN PÅ ALLE MÅTAR. ME ER UTRULEG HELDIG SOM HAR SLIKE MOGELEHEITER PÅ ØYA VÅR,OG DET ER UENDELEG VIKTIG Å BRUKA DEI. MORALEN HER MÅ VERTA AT HAR DU EIN GAMMAL TRE BÅT SOM DU TRUR ER MOGEN FOR BÅLET...IKKJE GJER DET! GI DEN EIN SJANGSE,FORDI TRE ER LEVANDE MATRIALE SOM LAR SEG HÅNDTERA OG REPARERA. OG TJØRA...DU VERDEN - DEN ER GULL VERDT.  EG KAN ELLERS MELDA OM AT BÅTEN ER SKIKKELEG TETT. ETTER Å HA VORE UTE PÅ EIN LANG ROTUR FANST DET IKKJE VATN I BÅTEN - SÅ SAMO OG TJØRA - DA ER EI MAGISK BLANDING SOM GJEV RESULTAT FOR EIN SKARVA TRE BÅTEIGAR.

 

Tekst og foto: Karin Gram - Nygaard

Trebåtliv på Nygaard. Klargjering til rotur er ikkje gjort å ein dag med Lady Johanne.

Foto: Karin Gram- Nygaard