Det er ikke lagt inn noen video

Lodde frå fabrikk No.13 Sæbøvik

I 1973 var det godt loddefiske og eit prøveprosjekt på hermetikkfabrikken i Sæbøvik med lodde nedlagt i esker på samme måten som brisling. Det smaka fortreffeleg. Læraren min på Karmøy yrkesskule som ikkje heilt trudde på meg då eg fortalte om loddo frå Sæbøvik, la sin elsk på loddo, og eg måtte alltid få tak i nokre esker til han når eg var heime.

Særleg var lodderogn ein delikatesse huskar eg.

Så blir det jul i år også

At fabrikken hadde stor betydning for dagleglivet i Sæbøvik kan enkelt illustrerast med denne historia.

Før det vart fryse og jevn tilgang på råstoff var arbeidet styrt av tilgang på fersk brisling eller sild. Derfor kunne det i periodar væra lite arbeid å få grunna dårleg tilgang til råstoff. Fabrikkarbeidarane fekk såleis stundevis føla på bortfall av inntekt i ei tid der NAV enda ikkje var oppfunnen.

Såleis hadde det vore lite arbeid utover hausten. Men ein dag kom Hanno i Bråtet heim og kunne fortelja at det hang plakat om at arbeidarane skulle stilla på fabrikken nokre dagar seinare. Tredarane skulle møta kl. 7 og leggjarane to timar seinare kunne ein lesa.

Nå hadde det vore lang tid utan arbeid så Sirio i Bråtet trudde ikkje heilt på ho, og sa ho ikkje måtte fortelja eventyr og fara med tull. Hanno gav seg ikkje , og bedyra at jo det hang plakat.

Då såg Sirio på ho og sa.. Jaja, då blir det jul i år også. 

Ein stor Deutz diesel skaffa straum på fabrikken om det røynde på.

Odd Johnsen var maskinist og kjørte Deutz dieselen som skaffa straum til fabrikken ved straumbrot.

Den grøne bussen

Bildet er ikkje autentisk, men omtrent slik såg fabrikkbussen på Sæbøvik ut. Vonar å få tak i original bilde etterkvart.

Bildet er ikkje autentisk, men omtrent slik såg fabrikkbussen på Sæbøvik ut. Vonar å få tak i original bilde etterkvart.

 Det er slett ikkje noko nytt å kjøra grønt på Halsnøy. På fabrikkane kjørte dei både grønt og kollektivt allerede på 50 - 60 talet. Først kom det fabrikkbuss i Toftevågen. Dette var ein stor buss utan snute som ein sa. Den var tverr framme nett som bussane nå til dags.  

Bussen kom frå Stavanger og vart tatt i land på Larsstø. På grunn av størrelsen var det ei stor utfordring å få den på land og ikkje minst forbi dei krappe svingane og steingarden på Larsstø. Lars Særsten vart sjåfør på denne.

Både Stavanger Preserving i Toftevågen og Chr. Bjelland i Sæbøvik var tidleg ute med bussar. 

Bussen i Toftevågen henta for det meste arbeidsfolk innover på øya. 

Litt seinare kom den grøne bussen i Sæbøvik. Det var ein Volvo med snute., ca 1951 modell trur Halstein Sæbø. Bussen var avrunda bak med stege opp til taket. Den hadde røyrstolar med skinntrekk. Døråpnaren var veldig manuell og rattet var stort med tre eiker og fløyta i sentrum. Det var knapp på dashbordet for start av motoren. Ein måtte dobbelclutcha når ein gira. Det var ein del problem med bussen, og ein gong dei ikkje fekk start kom Gundersen  med den fantastiske uttalelsen. " Det skulle ikkje vera någo med giret "  Den hadde for det meste arbeidsrute utover øya.

 Fabrikkbussen i Sæbøvik var grøn, ja faktisk hadde den to forskjellige grønfargar. Sjåfør på denne var først Bjarne Særsten og seinare Aksel Tofte.

Otto Johnsen huskar dei fekk kjøra gratis til Kloster for å gå på kino, men at dei då måtte gå heim etterpå.

Brødrene Særsten var altså dei første bussjåførane på øya, og det lenge før begrepet grønt og kollektivt var innført i resten av landet. 

Når bussen var på plass i Toftevågen, oppretta føregongsmannen Andreas Tofte dei første allmenne bussrutene på øya i privat regi med utspring  i Toftevågen. Den var iallefall i drift då militærflyet styrta på Fatland i 1954 fortel Øyvind Særsten.

 Fortalt av Øyvind Særsten.

Spøkelset på no. 13

 Det var mykje å ta seg til om kveldane på hausten og vinteren. Fabrikken på Sæbøvik var ein ynda leikeplass. Om ettermiddagen fiska me pala på trekaien som me seldte som minkafor. Me drog opp store mengder fisk, og heldt oss slik med litt lommepengar. Gjennom fisket vårt vart me godt kjent med både folk og bygg, så me kunne vel kalla oss for lommekjente på fabrikken.

Når det mørkna og alle var gått heim var fabrikken vår. Me hadde fleire alternative ruter inn, så ei låst dør var ikkje noko heft. Det hende Tørresen kom tilbake og arbeidde litt i kveldinga, så me hadde alltid ein varslar utanfor. 

Så der var me då heile flokkar med heile fabrikken til disposisjon. Det gjekk mykje på ein slags gøyma og leita og å skrema i mørkret. 

Jo, det var litt skummelt, berre det å væra der utan lov var jo eit adrenalin kick, og skulle det komma nokon så visste vi jo det fekk følger. Eg kan ikkje huska me blei ferska, men ein gong hadde ein av oss tenkt å tøffa seg litt ekstra. Han hadde gøymt seg i mørkret  der ein stansa ut sardinboksar. Når me kom forbi i mørkret, sette han i eit fæla vræl. Lyden var så voldsom med gjenklang i alle blekkboksane  at han vart redd lyden av seg sjølv og strauk på dør som ein skremt katt. Me følgde etter like redde, og våga oss ikkje inn igjen på lang tid. Me var overtydde om at det spøkte der inne. Men der var nok bare ein av oss som hadde fått overnaturlege evner.

Chr. Bjelland Fabrikk no.13

Fabrikk no. 13

Fabrikk no. 13

No. 13

Hermetikk fabrikken var jo ein sentral del av landsby bildet, og ein veldig viktig kvinne arbeidsplass. Men der var menn også, veldig snille menn.... Og i røykjeriet heilt innerst i enden opp mot vegen, bak det smårutete vindauga, der jobba dei aller snillaste. Kvar dag Kjell Henning, Gunn Berit og eg gjekk til skulen (og heilt sikkert fleire med oss) banka me forsiktig på vindauga, og ut kom det ein neve med varm nyrøykt brisling ..

Mmmmmmm de skulle berre kjent den smaken..

Ikkje mange ord blei sagt, det var eit rituale.

Mannen bak den gode handa trur eg heite Ingvald Fatland.

Det var to vidt forskjellige endar på fabrikken.

Den austre enden med god varmrøykt brisling, gåvmildt servert av Ingvald Fatland gjennom det innerste vindauga på oppsida.  

Og den vestre enden som  det knytte seg mest spenning til. Her var det nødgenerator med ein svær diesel som dei starta opp når straumen gjekk.Om eg minnest rett så var det ein Deutz diesel som Odd Johnsen var herre over. Utanfor der var det dampkjelar og andre spenande tekniske innretningar. 

Her kom også bøndene med fullasta traktorar med poteter tildekka av mjølsekker som vart damp kokte og brukt til grisafor.

Heilt ytterst, heilt bort mot skomaker strando var utedassen til dei som budde på trallehuset. Det var ein sjeldan arkitektonisk juvel av ein bygning som hang utover sjøen eller stranda alt etter som om det  var flo eller fjære. Det gjekk historiar om tipper på do, og smågutar på stranda nedafor...... 

Her i denne enden av fabrikken ved sida av utedassen, låg også båten til smeden på oppsida av vegen. Mattisen som han vart kalla, hadde ein spesiell båt med oppfyrings motor som var laga av sonen Martin Johnsen då han var i lære på Rubbestadneset. Den var visst på 2 hk og røykla heile Sæbøvik når han starta opp.

Tekst: Frode Sæbø 

Damene på leggjesalen på no 13 fyrst i 30 åra

Damene på leggjesalen på no 13 fyrst i 30 åra

Del denne siden