Halsnøen Trevarefabrikk

Halsnøen Trevarefabrikk A/S i Landasjøen ved Naustvik vart i si tid starta og eigd av brødrene Mons T. og Ingebrigt T. Lande.

Mons, fødd i 1886 var utdanna møbelsnekker i Haugesund. Saman med broren Ingbrigt fødd i 1890 starta dei aksjeselskapet Halsnøen Trevarefabrikk A/S omkring 1915. Her nede ved sjøen utvikla dei eit lite industrieventyr.

Ein staseleg fabrikkbygning i tre etasjar vart oppført på bygsla tomt ved Landasjøen. Far til gutane, Tollak var også aktivt med i oppbygginga og i startfasen av prosjektet.

Trevarefabrikken ruva godt i landskapet, og var i si tid mest som eit landemerke ved innseglinga til Sæbøvik. Tilkomsten til fabrikken var i hovedsak sjøvegen då den var vanskeleg å komme til ved å gå langs sjøkanten. Den vanlege tilkomstvegen til lands gjekk opp over haugen ovanfor bygget og ned att i Naustvika.

Halsnøen Trevarefabrikk A/S produserte både møblar, skjeppekassar og embalasjekassar til sardinboksar for hermetikkfabrikkane til Chr. Bjelland og Stavanger Preserving.

Ein veit ikkje heilt sikkert kva som var den mest omfattande produksjonen og korleis fordelinga mellom kassar og møblar var. Det er gså kjent at ein produserte vindauge og dørar. Men det er rimeleg å anta at møbelproduksjonen var viktig i starten, særleg sidan Mons var møbelsnekkar. Ettersom sardinproduksjonen i Sunnhordland auka utover på 1900 talet så gjekk truleg produksjonen meir over til kassar. I daglegtale vart fabrikken oftast omtala som kassafabrikken, og det var nok den produksjonen som var viktigast fram mot andre verdenskrig. Både Chr. Bjelland og Stavanger Preserving var store kundar.


Til møbelproduksjonen så vel som til kassa produksjonen var det behov for maskinell behandling av trevirke. Drivkrafta til maskinane på fabrikken var ein 12 hk “Rubb” semidiesel i følge tidlegare opplysniningar. Ved hjelp av flatreimer og akslingar vart krafta overført frå Rubb’en til maskinane på fabrikken. Som lyskjelde i produksjonslokalene vart det nytta petromax lykter.

Kaien ved fabrikken vart også nytta som base for båtane i Landa familien, og på bilder finn vi både M/K Activ og seinare M/K Kathleen fortøyd ved fabrikk kaien.

Kathleen vart i hovedsak nytta til sandtransport og denne virksomheten erstatta i tillegg til fiske og jordbruk familien sin virksomhet då kassafabrikken vart nedlagt.

Det er uvisst kor mange arbeidsplasser det var ved fabrikken.

Mons Landa hadde fire døtre Edit, Aasta,Tordis ogSigne Elfri. Dei var truleg ikkje i arbeid ved fabrikken.


Bilde av arbeidstokken syner at opp mot 10 personar kan ha arbeid på fabrikken, då truleg i tida då møbelprodulsjonen var på topp.


Ingebrigt Landa døyde i 1934, og etter hans død overtok kona Marta hans andel i fabrikken. Ein veit at fleire av sønene til Ingebrigt og Marta var i arbeid ved fabrikken då dei vaks opp.


Det finst enda igjen verkty som vart nytta i produksjonen. Mellom anna finst det fleire trykkplater av metall, truleg av bronse eller messing som vart nytta til å merke kassane. Av størrelsen kan ein anta at dei vart nytta til merking av store femskjeppekassar eller annan større embalasje. Dei produserte også mykje kassar som sardineskene vart pakka i når dei vart sendt ut på markedet. Svein Anders Øvrevik fortel at han som ung var litt med på kassamerking. Kassane hadde fire merker, og han klarte eit merke medan dei som var røynde klarde fire merker på samme tida.


Mons’en var tidleg oppe og jobba på kassafabrikken før han gjekk på arbeid ved Eid Sokn Sparebank der han i fleire år var arbeidande styremedlem. Han hadde eiga privat telegraflinje frå kassafabrikken inn til telegrafstasjonen i Sæbøvik. Han var forsiktig med kostnadane, og han hadde så stor avstand mellom telegrafstolpane at når det var vind så tvinna dei to kablane seg. Derfor hadde han alltid med seg ein stokk når han sprang til Sæbøvik for å arbeida i banken. Då fekk han tvinna opp flokar på telegraflinja.

Når “Rubbe’n” var starta var den kopla opp slik at alle maskinane gjekk samtidig, så han opererte alle samstundes. Det gjekk så det kosta, og det heite seg at Mons’en hadde tre jobbar.


Etter siste verdskrigen avtok produksjonen gradvis, og tok til sist slutt.

Selskapet vart formelt oppløyst i 1958 viser brev til deleigar Marta Lande der agenda for møteinnkallinga var oppløysing av selskapet.

Bygningen vart ståande tom, og vart riven i slutten av 80 åra. Både kai og bygg var då forfalle etter lang tids driftsavbrudd.

Svein Anders Øvrevik hadde ansvaret for å demontere og fjerna både bygningar og maskinar. I vederlag for dette kunne han selge det som var salgbart.


Johannes Eide overtok seinare den såkalla “Rubb” motoren for bevaring, og den vart sent til Haugesund for resteurering. Motoren var spesiell på den

måten at den hadde direkte vasstilførsel til brennstoffet og vatnet vart blanda med solaren (dieselen), noko som gav ekstra effekt ved at vatnet ekspanderte i forbrenningsprosessen. Mons Landa hadde kjøpt motoren hos Martin Enoksen som bygde hermetikkfabrikken på Sæbøvik. Han hadde nytta den i ein av føringsbåtane sine.

Då motoren kom til Haugesund oppdaga ein at dette slett ikkje var ein Rubb, men ein dansk motor som var bygd på lisens i Haugesund. Det viser seg å være ein Activ som vart bygd i Haugesund av to danske investorar som starta med motorproduksjon der i 1907, og verksemda tok navnet Møllerveiens Mekaniske Verkstad, seinare Delta Pumpefabrikk. Motoren har ikkje berre endra navn undervegs, men også ytelse. Dette er ein 7 hk Activ viser merkeskiltet. Motoren er nå ferdig resteurert og befinn seg i Høylandsbygd i tilknytning til samlinga til Johannes Eide.

Haugesunderane ville gjerne behalde motoren då den hadde stor historisk verdi for dei, men Johannes Eide ville ha den heim til Halsnøy slik avtalen var.


Svein Anders Øvrevik hyrte inn ungdommar til å hjelpa seg med demonteringa av fabrikken. Takhellene vart seld til Odd Sjo for 4000 kr, og eit stort anker som låg på tomta vart seld til Henrik Sjo for kr 320. Ankeret mangla ei kule som dei fekk dreid ny hos Martin i smio på Larsstø.

Svein Anders minnest at første gong han og ein kamerat skulle debutera med tobakksrøyk så hadde dei lurt seg ned i fabrikken. Dei vart oppdaga av Monse’n som gav streng beskjed om at her skulle det ikkje røykjast,for fabrikken hadde kosta han 16.000 kr i si tid.

I dag er det berre stein murane som vitnar om industrieventyret ved Landasjøen.



At det vart produsert kvalitetsmøblar her er eit uomtvisteleg fakta, og det er fleire hushaldningar som fortsatt har møblar frå Halsnøen Trevarefabrikk nå hundre år etter at dei blei produsert.

Fabrikken vart også nytta av naboar. Her var hobbykveldar med møbelsnekring, og Lars Sæbø skal ha laga seg ein rokk, og Halvard Øvrevik skal ha laga seg spisebord og stolar då han gifta seg. Dei står enda i stova til Svein Anders Øvrevik.

Bildeserien syner møblar produsert ved Halsnøens Trevarefabrikk som er i bruk den dag i dag. Videre er det bilder av trykkplatene av metall som ein nytta til å merke hermetikkassar med, Activ-motoren som dreiv det heile, og Kathleen til kai ved kassafabrikken. Til slutt er det bilde av Ingebrigt T. Lande og Tollak Ingebrigtson Lande som var far til gutane, samt bilde av arbeidstokken ved fabrikken.

Tekst: Frode Sæbø

Kjelder: Idar Landa

Unni Landa og Inge Haugland

Svein Anders Øvrevik

Jan Arild Røgenes

Johannes Eide

Bladet Sunnhordland, artikkel


Bilder

Foto Idar Landa: Trevarefabrikken med MK Activ ved kaien

Foto Idar Landa : Person fotografier

Foto Idar Landa : M/K Kathleen ved kaien

Foto Inge Haugland: Trykkplater for kassamerking

Foto Unni Landa: Soveromsmøblar laga ved fabrikken

Foto Eva L. Meling: Bilde av arbeidsstokken ved Halsnøen Trevarefabrikk

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Sjo - Nordsta Skjeljavik  og kristenretten


Nei, det var ingen frå Sjo som innførte Kristenretten i Norge, det var det biskop Grimkjel og kong Olav den heilage som sytte for på Mostratinget i 1024.


Men det betyr at i 2024 er det tusen år sidan Norge vart kristna. Med dette  vart rettstaten Norge oppretta.


Her skal eg ikkje gå nærare inn på kristenretten, men eg vil fortelje om Fjelberg Herad og Lars T. Sjo sin betydelege medverknad ved feiringa av  900 års jubileet på Moster i 1924. Lars T. Sjo var tippoldefar til Peder Sjo Slettebø som er eigar på Sjo idag.


Det var Moster mållag med T.O. Ulltang i spissen som var ansvarleg for oppsetjinga av steinkrossen på Vetahaugen ovanfor Moster gamle kyrkje i samband med 900-års jubileet. Ulltang bala visst resten av livet med å få dekka utgiftene til krossen.


Emnet til krossen kjem frå utmarka på Sjo, frå staden som vi nå ofte omtalar som Nordsta Skjeljavikjo som ligg omlag halvvegs mellom Larsstø og Salsund. Her var det  fint berg til å ta ut stein, og den dag i dag kan ein sjå spor etter aktiviteten. Alt er fortsatt omtrent som det blei forlatt i 1924. Det  var Lars T. Sjo som tok ut steinen, og den blei frakta til Moster med ein båt frå Tysnes fortel historia.


To brør frå Foldrøyhavn som gjekk under namnet «Havnevesenet» hogde ut steinen, og satte opp krossen med god hjelp av kraftige karar. Mellom desse var sjølvaste Sterke Per’n på Grønås. Emne vart funnen på Holsnøyno skriv Birger Røyksund i boka «Glør or oska» frå 1984.


Det var stor stas ved avdukinga av krossen. Kong Håkon ankom Mosterhavn den 29.juli med D/S Kong Haakon tidleg om morgonen, og vart møtt av 8-10.000 jublande mennesker då han steig i land kl.10.00. Havna var full av båtar og det var eit stort folkehav som var til stades ved hendinga.

Eid Sokn Sparebank

Eid Sokn Sparebank, skipa 1841 bygde nytt bankbygg i Sæbøvik i 1920. Dette bygget som vel nå kan kallast for "gamle-gamle banken" låg like oppafor kommunehuset som vart bygd i 1954. Seinare kom det siste bankbygget nede på "Koløy stykket".

Nedafor er nokre bilder frå storhetstida, og viser nokre av juvelane som var bevarte i bankhvelvet

Dobbelklikk her for å legge til din egen tekst.

Kjerret. I framgrunnen ser me Østegaard Trevarefabrikk og Koløyholm.

Kjerret. I framgrunnen ser me Østegaard Trevarefabrikk og Koløyholm.

Engelsstølen, Kjerret og Kjerret Nordre

Nå er me kommen til Sæbøvik. Her ved sjøen på sør sida finn me Kjerret som på den tida omfatta heile den eigdommen som me i vår tid kjenner som Koløy eigedommen og nordover til den gamle Steinavegen og like inn til Larsstøvegen.

Steinavegen låg i skiljet mellom Nordre Sjo og Søre Sjo og var Sjo gardane sin gamle veg opp til Skogagarden og Stølen på Heio. Me kjenner den også som vegen ned til fotballbanen som ligg på Nordre Sjo.

Kjerret var til liks med Sjohaugen og Liarevåg ein del av den gamle Lensmannsgarden. Nikolai Nilsson som då budde på Nygård fekk skøyte på Kjerret i 1877. Dette var ein avtale som var gjort i samband med at brørne Torgeir og Engel fekk skøyte på sine eigedommar i 1848.

I 1885 vart Kjerret Nordre bnr.3 skilt ut frå Kjerret som omlag like store eigedommar. Kjerret fekk nå bnr.2.

Tormod Kristofferson Undarheim som var gift med Johanna Engelsdotter f. 1854 kjøpte Kjerret Nordre. Dei budde på husmannsplassen Engelsstølen på Kjerret Nordre, der Løa til Sindre Fjelbeg står. Då Søren Sjo frå Røyso seinare kjøpte Kjerret Nordre brukte han ein del av materialene i det galmle plasset til å byggja "nye" huset der Sindre bur nå.

Tormod Kristofferson Undarheim og kona vart ikkje gamle, og ungane kom til oppfostring hos skyldfolk og naboar. Borna fekk heimel på Kjerret Nordre i 1899. Det var søster til Johanna  Engelsdotter, Anna som var gift med Sjur Sjurson Eide  som i hovedsak tok på seg ansvaret for borna. I tida rundt århundreskiftet pakta Sjur Sjurson Eide og Anna Jørgine Engelsdotter Kjerret Nordre. Etter ei stund tok dei foster ungane med  seg og emigrerte til USA der dei vart buande i Tofte grenda i Carlton Peak. Sjur og Anna kunne ikkje sjølve  klara å ta med seg alle ungane, men dei fekk ordna det slik at ein annan familie tok seg av nokre av borna slik at alle kom til Amerika.

Omkring 1910 kjøpte Søren Sjo Kjerret Nordre. Han var gift med Anna Olsdotter Sæbø frå Borgundøy. I folketellinga frå 1910 budde også syster til Søren, mi bestemor Gidske frå Røyso her. Ho var gift med min bestefar Arnt Olsson Sæbø, bror til Anna. Så her er det tette forbindelsar mellom Røyso og Glomhilder i Sæbø på Borgundøy.

Av naturlege årsaker vart det behov for meir plass då min far Anders melde ankomst i 1913. Då hadde dei delt Kjerret Nordre i to like partar, og mine besteforeldre flytta inn i nytt hus samme år i den nye delen som fikk eigedomsnavnet Skjold.

Kjerret bnr.2, det opprinnelege hovedbruket på Kjerret gjekk i arv til Gurine, dotter til Nikolai Nilsson i 1925. Gurine var gift med ein by mann, Østegaard. Han etablerte Østegaard Trevarefabrikk nede ved sjøen på Sørsida.

Etter krigen selde Gurine Østegaard til Koløy familien frå Fitjar. Halvard Koløy var sjømann og hadde fleire frakt båtar som Koløyholm og EPS som var kjente båtar i havnebildet i Sæbøvik.

Kvar einaste søndags føremiddag tok pappa og eg turen ut til Engelsstølen for å prata med Sørens gutane. Her gjekk praten om fiske og jakt. Kan enda sjå for meg løeveggen der ute som hang full med alker etter sjøfugl  jakt som var vanleg på den tida.

Kvar einaste søndags føremiddag tok pappa og eg turen ut til Engelsstølen for å prata med Sørens gutane. Her gjekk praten om fiske og jakt. Kan enda sjå for meg løeveggen der ute som hang full med alker etter sjøfugl jakt som var vanleg på den tida.

Fjelland eigedommen

Neste eigedom på veg innover er eigedommen der Edvard Fjelland som var forretningsmann i Stavanger budde.

Eigedommen vart truleg frå Sjohaugen til Margrethe Brekketeigen f.1854 gift med Elias Andersson Fjelland. Margrethe var syster til Kari Brekketeigen som var gift med Ola Olsson Reinsnås d.y. på Sjohaugen.

Sonen Edvard fekk heimel på eigedommen etter foreldra. Eli Fjelland frå Haugesund fekk eigedommen i arv etter sin onkel, Edvard.

Halsnøy off. pikeskole

På 1950- talet fekk kommunane ansvar for hjelpeskular / klassar , medan Staten hadde Ansvar for spesialskulane . Etter at Kåre Sjo la ned drifta av Halsnøy Pensjonat leigde han ut huset til staten som i 1953 starta Halsnøy off skule for jenter med lærevansker.

 Det var internatskule for 24 jenter, dei fekk opplæring i husstell og handarbeid og vanleg boklærdom.Lærerstaben var frå fleire stader i landet , alle med fagutdanning. Styrar var Johanne Haugstad ( ? )

Jentene på skulen heldt seg mykje for seg sjølv , og hadde strenge reglar, blanda seg lite med bygdefolket. Men me som var unge på den tida huskar turane deira på butikken og anna . Nokon av øyajentene har minnebøker med fine minner jentene har dikta, så det var nok ein del kontakt .

Jentene hadde det fint på den vakre staden i Liarvågen . Eigen badestrand og eplehage, turar til Sjoøya og Laukhedlo.

Nokre damer frå øya hadde jobb på skulen sitt kjøken, reinhald mm . Marie Sjo, eller Hugne Marie som mange lika å kalla henne, var ansatt på skulen . Ei sers gild dama , med sitt gode humør og vinnende vesen . Jentene sette stor pris på henne. Ho vart med til Lillehammer når skulen vart flytta dit i 1964 , der fekk skulen navnet Breidablikk. Marie Sjo var der til ho vart pensjonist.

Ein kan vel og nemna at det var menn frå øya som fant kånene sine i lærarflokken på skulen !!

Frå Halsnøy vart det valgt tilsynsstyre for skulen,  der sat Johanne M Eide og Ole H Sjo.

På avslutningsfesten i 1964 var eg med og serverte alle tilreisande, foreldre mm, fi fest og utstilling av flotte handarbeid !!

Når ein ser attende og prøver få til litt historie , så håpar eg alle jentene på skulen tok med seg heim - gode og lærerike minner frå Halsnøy . Om nokon har kjekke bilder frå skulen ville det vore kjekt !!

Skrive av Gudveig Sæbø Ringheim . 

Liarvåg

Son til Ola Olsson Reinsnås, Thomas Olai Olsson gift med Hanna Henriksdotter Sæbø fekk i 1923 skilt ut og skylddelt Liarvåg. Det var omlag halvdelen av bnr. 4 Sjohaugen. Thomas hadde til då vore byggmeister i Bergen.

Liarvåg gjekk i arv videre til sonen Kåre og kona Gudrun Solheim frå Eide. I Liarvåg var det i tida før utskiftinga seint på 1800 talet skipsbyggeri, der Engel Johan Nilsson bygde jakter. Skipsbyggeriet var rett nedafor det tidlegare pensjonatet.

Det gamle huset i Liarvåg som brann ned stod her, og Kåre Sjo bygde då opp pensjonatet på omlag samme staden. Sidan var det pensjonat og kafe drift her, og seinare statleg jenteskule for jenter med lærevanskar. Nå er bygget drive av Halsnøy Misjonsmenighet.

Kåre Sjo hadde også  stor frukthage og hønseri med stor egg produksjon.

Sæmund Sjo fekk skøyte her seinare.

Pensjonat og seinare jenteskule i Liarvåg

Pensjonat og seinare jenteskule i Liarvåg

Nikolai

Nils Nilsson Toftevåg som me reknar som ættefar til dei fleste på Søre Sjo, hadde som før nevnt, også ein son, Nikolai som eg vil nevna før me fortsett innover på sør sida mot Sæbøvik. Han var sikra ein del av farsgarden då brørne Torgeir og Engel Johan fekk skøyte på b.nr.1 og b.nr.4 i 1848. Det var ordna slik at kvar plikta å selja jord til Nikolai. Denne heimelen kom i bruk i 1878 då han fekk skøyte på Kjerret, seinare b.nr.2.

Nikolai var gift med Brita Larsdotter Sjo, og var paktar hos svigerfar sin på bnr 7 Beito som i forma Torkjel Larson hadde skøyte på. Etter dette budde han på Nygård som han fekk skøyte på av svigerfar sin. 

Sidan Nikolai dukkar opp i fleire stader og samanhengar  nemner eg han  for å unngå forvirring omkring dette før me fortset på reisa.

Sjohaugen

Engel Johan Nilsson fekk skøyte på b.nr. 4 Sjohaugen, omlag 1/3 av farsgarden då broren Torgeir fekk skøyte på b.nr.1 i 1848.

Engel Johan gifte seg med Sicilie Hansdotter frå Sandvollosen. Ho var dotter til skipsbyggjar Hans Store Fosse og såleis også syster til skipsbyggjarane i Gravdal. "Storefossen" var som me veit innvolvert i skipsbygginga i Koven.

Engel Johan og Sicilie fekk mange born. Dei fleste busette seg på Halsnøy, men eine sonen, Hans Olai gift med Johanna Tofte emigrerte til USA. Der bygde han saman med bror sin Torgeir, og svigerbrødrene John og Anders Tofte nybyggjar grenda Carlton Peak som dei no kallar Tofte.

Ola Olsen Reinsnås kjøpte Sjohaugen av Engel Johan Nilsson i 1868. Han dreiv garden fram til sonen med samme navn gift med Kari Olsdotter Brekketeigen  tok over i 1875. 

Ola Olsen Reinsnos kom frå fjellgarden Øyni i Reinsnos. Reinsnos høyrde under Halsnøy kloster og vart nemnd som «øde- jord» tidleg på 1600-talet. Livet var hardt her oppe under høgfjellet, men her er gode fiskevatn og fine fjellbeite. Det går enda segn om munkane frå Halsnøy Kloster som heldt til på Reinsnos.

Ola Olsen Reinsnos gjorde gode pengar på å leiga ut beite og fiskerettar til dei rikaste bøndene i Hardanger, og han vart god for ein god slump med pengar. Han og kona Ågot fekk ein son Ola og ei dotter, Kristi.

Ein trur at Ola kosta utdanning til desse ved Folkehøgskulen ved Halsnøy Kloster. 1. oktober 1868 starta nemleg Wollert Konow frå Stend og Niels Juel frå Halsnøy Kloster den første folkehøgskulen på Halsnøy i det som blir kalla Haugastova.

Ola skal ha blitt så forlikt i Halsnøy at han brukte pengane sine til å kjøpa gard på Halsnøy (Sjohaugen). Han pakta vekk garden på Reinsnos og flytta til Halsnøy der han oppheldt seg i 7 år medan sonen Ola d.y. var i USA og tjente seg opp dollar.

Dottera Kristi gifta seg med paktaren på Reinsnos, og dei tok vare på garden i denne tida. I 1875 kom Ola d.y.  tilbake frå Amerika og overtok på Sjo, og gamle Ola flytta då tilbake til Reinsnos.

Engel Johan er etter 1868 skriven husmann og noteigar og flytta til Engelsstølen.

Ola og Kari fekk mange born med stor etterslekt. Han var driftig og hadde stort pågangsmot. Han murde mellom anna opp den muren som de kan sjå på bilde ute på Liarevågen. Tanken var å utvida jorda. Han flytta nokre gamle steingardar og murte opp denne muren. På denne tida skulle det lagast ny veg utetter øya, og mange opplevde bakken opp Sjohaugen å væra for bratt. Ideen var då å senka Sjohaugen og flytta jorda ned i det oppdemte området på Liarevågen. Men dette vart vel i tungaste laget å klare med hest og kjerre, og prosjektet vart skrinlagt som det heiter.

Sjølv har eg sprunge  mykje over muren. Røysarane bygsla grunn til notahus hos Johan Meyer, og snaraste vegen dit var over muren i Liarevågen. Om ikkje anna så kom den nå til nytte når karane skulle på notahuset. 

Kari Olsdotter delte bruket på dei to sønene Olai som fekk b.nr. 40 Liarevåg og Johan Meyer som fekk b.nr. 4 Sjohaugen.

Dei fleste som vaks opp i Sæbøvik/Sjo området i 50-60 åra har eit nært forhold til Sjohaugen.

Kvar vinter når snøen la seg, samla me oss i den såkalla "Meyer-bakken" for å hoppa på ski. Her hadde naturen lagt godt til rette for slik aktivitet, og Meyer-folket tok alltid vel i mot oss, og let oss utfalda oss i fri dressur med ski aktivitetane våre.

Overrennet starta på toppen av sjølve Sjohaugen, fortsatte over vegen bort til garden, og ned til sjølve hoppet som var i skråningen aust om løa, for så å enda opp på sletta ned mot sjøen. Fantastiske prestasjonar vart utøvd i denne hoppbakken med treski og topplue

Visste de forresten at det på Sjohaugen var pensjonat etter krigen, eller iallefall tok dei på "Meyer-garden" i mot losjerande. Eldste syster mi, Gudveig arbeide der med servering og reinhald av rom. På kjøkkenet var det frua i huset som styrte. Gudveig minnest veldig godt ein gjest som budde der meir eller mindre fast i periodar. Han hadde mykje plager med psoriasis, og fann mykje hjelp i å bada i sjøen på Sjo, noko som hjelpte mot sjukdommen.

Nå nærmar me oss Sæbøvik, og skal arbeida oss innover eigedom for eigedom og prøva å finna ut korleis ting heng saman og kvifor dei og dei bur nett der. Etterpå skal me gjere same reisa med utgangspunkt på Nordre Sjo. Det me allerede kan slå fast er at mykje har utspring på Sjo her i Sæbøvik.

Sjohaugen og Reinsnos.

Sjohaugen og Reinsnos.

Sjo bruk nr. 1

Torgeir Nilsson f. 1804 fekk b.nr. 1, men gav i 1877 skøytet til Karl Adolf Nilsson, sonason til Nils Nilsson Toftevåg. Kristi Nilsdotter f. 1847 frå Sjo bnr.10, fekk så skøyte etter Karl Adolf som ikkje hadde born. Kristi var søster til Henrik Nilsson som var bestefar til Gunnhild og Anne Marie Sjo.


Kristi var då blitt enkje etter den ulukkelege brannen i Toftevågen, der mannen hennar, Johannes brant inne.


Ola Jonsson f.1840 kom frå plasset Stølen som låg der symjebassenget ved Øyatun ligg nå. Begge foreldra hans som altså feste Stølen kom frå Tysnes.


Ola vart gift med enkja Kristi Nilsdotter. På grunn av standsforskjellen fekk dei ikkje kvarandre som unge, men etter at han hadde vore i Amerika og tent seg opp penger fekk dei kvarandre etter at ho vart enkje i Toftevågen.


Opphavet til Johnsen navnet/slekta i Sjo og Sæbøvik kjem altså frå Jon Jonsson frå Tysnes som var husmann på Stølen.


Bror til Ola , Ingemar vart seinare husmann i Brakhaug i Nedre Sæbø.


I og etter Ola og Kirsti si tid vart b.nr. 1 delt i svært mange parsellar, og på Sjo fekk sønnene Johannes f.1886 og Nils f. 1892 skøyte på b.nr. 35 og 36 som då vart dei to jordbrukseiningane som var att av b.nr. 1 på Sjo.


Ola Johan Johnsen gift med Ada Lygre har nå heimel på b.nr.35 og Johannes Johnsen har heimel på b.nr. 36.


Dotter til Ola og Kirsti, Nelly Bolette f.1883 gift med Peder Sortland frå Bremnes fekk stykkjet i Sjohagen oppom gamle banken i Sæbøvik, og dottera Elisa Johanne f.1881 gift med Trygve Skjerbusdal i Tromsø fekk i 1921 det som var att av b.nr.1, kalla Lysborg. Her i Lysborg midt i Sæbøvik budde sidan Kitty Olaug Eklund og seinare dottera Tove Eklund


Lensmannsgarden

Frå gammalt av var Sjo gardane eigd av Halsnøy Kloster. Søre Sjo forblei udelt like fra 1600 talet og fram til 1800 talet, medan Nordre Sjo var delt på to brukarar slik at det var 3 brukarar på Sjo i den gamle gardssoga.


Lensmannsgarden var den store garden på Søre Sjo. Denne garden strekte seg samanhengande like frå Koven i vest og inn til det som me i dag reknar for Sæbøvik, og opp til Skoggarden oppe på Heio.


Det var med andre ord ein rimeleg stor gard som etterkvart har blitt delt opp i dei Sjo gardane som me kjenner på sørsida i dag, og som også er opphavet til mange av jordstykkja og husmannstuftene i Sjo/Sæbøvik.


Den første lensmannen på Søre Sjo var Johannes Knutsson Sjo (1670-1751). Han gifta seg med Johanna Pedersdotter Hjelmervik. Johannes sat med udelt gard til like før år 1700. Han var Klosterlensmann. Frå hans tid sat det ein Lensmann på Søre Sjo like fram til 1835.


Den neste lensmannen, Torgeir Olsson Onarheim (1735-85) tok lensmannsombodet i arv då han gifte seg med enkja Johanna Pedersdotter. Han var også prestemedhjelpar, og han kjøpte garden med kongeskøyte i 1758. Han gifte seg oppatt med Anna Ingebrigtsdotter Hammersland.


Den tredje lensmannen Berge Engelsson Gjøen, vart gift med enkja Anna Ingebrigtsdotter.


Den fjerde og siste lensmannen var Nils Nilsson. Han var ikkje Klosterlensmann, men Lensmann i Skånevik (1815-35). Lensmann Nils Nilsson hadde ikkje etterkommarar på Sjo.


Etter alle desse lensmennene i Søre Sjo vart garden på folkemunne kalla Lensmannsgarden


Det var to Nils Nilsson på Søre Sjo. Den eine, Nils Nilsson var den siste lensmannen, og den andre var Nils Nilsson Toftevåg. Han var gjestgjevar i Toftevågen i 1820, men var opprinneleg frå Tørvikbygd i Hardanger. Han gifte seg med Johanne Torgeirsdotter ( dotter til den andre lensmannen på garden).


Hovedhuset på Lennsmannsgarden låg på sør sida av Sjohaugen.


Nils Nilsson Toftevåg og Johanne fekk mange born, men her skal me kun stifta nærare kjennskap med Torgeir 1804, Engel Johan 1825 og Nikolai 1828











Søra Sjo - Gardane som utgjorde Lensmannsgarden

Søra Sjo - Gardane som utgjorde Lensmannsgarden

Larsstø-verven - Gunnar Gravdal og Per i Hagen

Peder Henriksson Sæbø, Peder Henriksson Sjo eller Per Hagen, som ettertida helst har kalla han, var den Halsnøy-meisteren Gunnar Gravdal kom til å arbeida mest saman med.

Før dei byrja byggja saman, hadde Per vore meister i Skånevik og sjøsett skuter på Sjo. Det første bilbrevet me finn på han, gjeld den klinkerbygde jakta «De trende Brødre», Det andre gjeld jakta «Florine», bygd på Larsstø 1841. Opplæringa si hadde Per fått hos faren, Henrich Navskov, heime i Koven på Sjo. Berre godt og vel 20 år gamal hadde han, som Gunnar, teke til for seg sjølv på eigen vervaplass, på Larsstø, omlag der vegen kjem over frå Sæbøvik.

Per skal vera den første på Halsnøy som tok til å byggja etter modellar. Før bygde dei berre etter augnemål.

 Han hadde gift seg med Synneva Helgesdtr. Sætre, men budde på Sjo, like til dei kjøpte garden Nedre Sæbø etter Torgeir G. Sæbø, som for til Amerika.

Heile denne tida skreiv han seg med etternamnet Sjo. Også slik var Gunnar og han jamlikar; dei er begge å finna med 3 ulike etternamn, etter stadene dei budde på.

Sameleis var Per sers nevenyttig og bygde hus, han som Gunnar Gravdal. Gamlehuset i Sæbø, som først Samson og sidan Lars, og så atter ein Samson sat med, eit «herskapeleg» hus bygde Per medan han hadde farty på bedding på Larsstø.

Dette fartyet med navn "Rjukan" fekk han ikkje meir enn halvferdig. Det vart dårlege tider. Og vart ståande oppspanta på Larsstø aldri så lenge.

Då tidene endeleg betra seg, sette synsmennene taksten ned så mykje at Per tapte alle pengane sine. Han måtte selja både hus og heim i Sæbø.

Det gjekk så hardt inn på han at han vart mest halv-tussete av det. Kona hans og alle borna, 7 i alt, for til Amerika. Sjølv vart Per buande som plassmann i Hagen under Nedre Sæbø.

I desse åra etterpå var han verva-kar hos Gunnar i Gravdal. Der heldt dei to gode venene saman til siste stund.

Det vart hevda at det einaste som stod att i idealvenskapet mellom desse to var at Gunnar aldri deltok i venelaga som kom til i heimen til Per i Nedre Sæbø. Per var den første fortel tradisjonen, som bad høglytt til Gud på slike samkomer. Gunnar Gravdal vart seinare ein truande i haugianarflokken på Halsnøy.

Per fekk ord for å byggja sers stødige farty. Dei fortel at ei jakt han hadde bygt, kollsiglde på Nordland. Men då var det ein av Halsnøy-meistrane som sa: «Det hadde eg aldri trudd, at ei jakt frå Per kunne kantra».

Den kanskje mest kjente Skuta Per og Gunnar bygde saman på Larsstø var "Skjoldmøen" som eg har omtalt på anna plass her på sida. Men dei bygde også "Milja" som blei kjend etter at den fraus fast i isen i Austersjøen. Gunnar Gravdal bygde også den kjente jakta "Polarstjernen" , men der var byggeplassen. Leknestangen i Skånevik.

Kjelde: Frå Vikingstid til Vår tid av Hans Nerhus

Smia til Larsstø verven
Smia til Larsstø verven
Desse to steinane ligg fortsatt der smia på verven stod, like ved vegen der ein går bort til Hildur.
Smie-steinane
Smie-steinane
Steinane ligg like ved dei gamle viking gravhaugane, og ein kan fortsatt finna svarte spor etter smie-aktivitetane
Jakt Skjoldmøen

Jakt Skjoldmøen

Jakt Milja

Jakt Milja

Halsnøy/2006 Skjoldmøyene vaktar monumentet med kvasse spyd

Kring 400 menneske var vitne til avdukinga av monumentet som fortel at, ja, her bur det folk som kan båt, og det har dei kunna lenge. Halsnøy var i helga ei storstila mønstring av kystkultur.

Her var gjester som sette preg på feiringa fordi dei hadde interesse av, eller nære band til båtbyggjartradisjonar, og serleg til skuta "Skjoldmøen". Ferda over Nord-Atlanteren er skipshistorie i verdsklasse.

Denne båten som vart bygd på Sjo, hadde ein eineståande evne til å halda seg flytande. - Bestefar min, Tørres Hauge, eigde "Skjoldmøen", sa Ditlef Gustav Møller. Skuta vart hoggen i 1922, og i utstillinga i fryselageret ved Halsnøy Samfunnshus er det stilt ut to gjenstandar som var med om bord. Sekstanten og ei lita kanon. - Eg synest det er fantastisk at dette skjer. Eg filmar alt, sa Møller som voks opp i Høylandsbygd, og bur på Karmøy.

Inngunn Vardøy er leiar i Forbundet Kysten Hordaland, og fekk æra av å avduka monumentet. Strupebandet song, det same gjorde elevane i grunnskulen på Halsnøy.

I tillegg spelte Høylandsbygd musikklag som fekk ualminneleg god hjelp til rytmen av Haugesund ungdomskorps si trommegruppe. Det svinga! Skikkeleg tøft vart det då tre skjoldmøyer kom ridande, og fem skjoldmøyer kasta seg ut i dans, av og med Sunnhordland folkehøgskule. Shanty og ode Jimmy Øverdal hadde skrive eigen shanty til "Skjoldmøen" som Storm Weather Shanty Choir framførte med hjelp av publikum.

Øverdal hadde òg skrive ode til "Skjoldmøen" på 14 vers. Her eit lite utdrag: "Een Jagt? Een Gudinde? Een Eevigheedsbaad? var Omkvædet! Nogen faldt endog i Graad af stilen og Skiönheeden hiulpet".

Også Aslaug Hillestad Sjo sin prolog om Halsnøy fekk tårene fram. Seinare på kvelden var det festmiddag med talar på folkehøgskulen, medan ungdommen hadde gratis rockekonsert på idrettsbanen.

Imponert biskop Biskop Ole D. Hagesæther kom i ekstra båtskyss for å nå fram til høgmesse i Eid kyrkje sundag. Der vart modellen av "Skjoldmøen" overlevert og sett inn som kyrkjeskip. Prost Svein Arne Theodorsen var òg gjest hos sokneprest Terje Nag i Eid. Kyrkja var fullsett, og det var overføring av gudstenesta til Halsnøy Kloster der folk òg var samla for å få med seg stunda då kyrkja på Halsnøy endeleg fekk sitt kyrkjeskip. 

Gamle Ola Emmerhoff gav med halvmodellen av "Skjoldmøen" og sa eg måtte taka vare på han. Eg trur at hadde han vore her no og sett alt som skjer, så hadde han sagt at det var i meste laget, sa Johannes G. Eide i kyrkja.

Eide fekk mykje ros og varm takk for initiativet og arbeidet sitt i høve 150-årsjubileumet. Og til jul skal det koma bok.

Avskrift: Bladet Sunnhordland / Ingvild Sjo

Monumentet over Skjoldmøen på Larsstøneset

Monumentet over Skjoldmøen på Larsstøneset

Skipsbygging i Koven

Med Storefossen sin ankomst til Sandvoll i 1820 starta ei ny tid med omfattande deling av kunnskap og samarbeid. Ein ny æra var igang innafor skipsbyggjar kunsten på  Halsnøy

På denne tida var det smått med den teoretiske kunnskapen, og dei fleste fartya vart bygd på erfaring. Son følgde far og laut plent halda seg til tradisjonen.

Det seiest at ein av byggmeistrane når dei skulle laga ritet til "kringla", dvs. akterenden med den vanskelegaste linjeføringa av jakta, la han seg berre beint ned på spanteplanen, sidelengs og så lang han var, høygde ryggen nett slik han ville ha kurven i kringla og sa: " No kan de komma og rita".

Mest vanleg var likevel å byggja modellar eller halvmodellar av jektene som dei så seksjonerte ut i rett størrelse på spanteplanet.

I "Erindringer til Noregs Historie 1800-1815" skriv Jacob Aall om dette temaet: "Skipsbygmestrene var for det meste uden al teoretisk kundskap, uten at være istand til at utkaste en plantegning gaves Tømmer-spantet den Flugt som lå i Byggmesterens Erindring, og Erfaring var hans eneste Veileder, uden at grunde sig på nogen som helst Teori. Man måtte undre sig over at der fra slike Verfter udgik Skibe som i mange deler svarede til deres Bestemmelser".

Dei gamle Hardanger jektene var høveleg store for innaskjers seglas. Dei var klinkerbygde, opne og ikkje så store,men hadde god lasteevne. Dei var på mange måtar "skreddarsydd" for fraktefarten og fisket dei blei nytta i. Jektene var godt under gjennomsnittet for størrelsen på farty bygd i landet ellers tidleg på 1800 talet.

I Sunnhordland hadde dei komme i gang med å byggja havgåande og meir hurtigseglande farty. Storefossen var difor svært interessert i å tileigna seg nye byggjemetodar og farty typar.

Storefossen skal ha vore svært hepen på å komma på skipsbygging saman ein utlending. Denne utlendingen var ingen ringare enn Henrik Emmerhoff Navskov. Mellom dei mange byggmeistrane Nachow bygde med merkjer Naschow seg ut framom alle andre som læremeister og inspirator for samtid og ettertid. Og den han hadde hyrt med seg om han ikkje var opptatt annan stad, var Storefossen, som altså ikkje trong gå over bekken etter vatn.

Saman bygde Storefossen og Navskov sluppar, evertskip, jakter og galeaser alle stader høvet baud seg, og i det omfang dei makta å få med seg dugelege tømmermenn. Så skiftest dei om å ha tilsynet og ansvaret kvar sin stad. Dei var javngamle og usvikelege skipsbyggjarkollegaer, og sette varige merkje etter seg i skipsbyggjarsoga.

Første båten dei byggjer saman var ei klinkerbygd jakt. Pussig nok vart den bygd i Strandebarm på samme staden der son til Storefossen, Gunnar Gravdal gjekk i lære. Den vart bygd "for den velagte mand Niels Eide" på Halsnøy. Ho fekk navnet "Det gode Haab". Den neste båten dei byggjer saman er den vidgjetene Gravdalssluppen eller Bessen som den vart kalla. Den opphavelege reiaren var Sjo-lensmannen "Den velagte mand Niels Nielsen Sjoe den ældre". Byggjestad var Koven på Sjo, og den vart døypt "Speculationen". Begge dessa vart bygd i 1828. Sluppen var kravellt, noko som peikar på det nye som Nascow sette i gang med. Dette er det første kravell bygde fartyet me kjenner på Halsnøy.

Lista av fartøy bygde i Koven er omfattande, men  "Speculationen", får representera dei alle, og særleg sidan den var nyvinnande og kravellbygt  markerer den ei ny tid med store framskritt innan skipsbygging.

Om Storefossen og Henrik Emmerhoff Navscov samarbeide godt, vart samarbeidet mellom son til Storefossen, Gunnar Gravdal og  son til Henrik Emmerhoff Navscov, Peder enda meir utvikla og omfattande. 

Kjelde: Frå Vikingstid til vår tid  av Hans Nerhus

Bilbrev på sluppen

Bilbrev på sluppen "Speculationen" 1928

Bilbrev eller "Beilbrief" var opprinneleg eit pantebrev i skip

Det er desse bilbreva som gjer at me kan føra rimeleg god oversikt over dei skip som var bygde.

Bielbrief

Bielbrief

Koven

Koven er eit av dei meir kjende husmannsplassa på Sjo.

Nicolai Gram Nachschov fødd i 1739 vart dreng på Sjo og gitt Koven som bustad omkring 1780. Han var gift med Else Marie Emmershof i Kvamsøy, Vik i Sogn i 1866, og seinare oppatt gift med Katarine Petrika  Larsdatter (Lorentzen). Han døde i Sjo 2. mai 1822.

Navskov stamma frå Lolland i Danmark. Fleire brødre skal ha busett seg i Norge i følge tradisjonen. Han kom til Sjo frå Kvamsøy i Vik i Sogn og skal skal ha vore son til ein innvandra dansk krohaldar og gjestgjevar. Han var skriven strandsitjar i Koven.

Navskov er den moderne danske namneforma som ein nyttar i dag.

Sonen Henrik Emmerhoff Navskov fødd i 1794 fekk feste i Koven etter faren.

Henrik Emmerhoff Navskov dreiv med båtbygging i Koven. Han er rekna for å væra ein av våre mest betydningsfulle skipsbyggjarar, og skal ha bygd det første kravellbygde fartøyet på Halsnøy.

Truleg var skipsbygginga i lendet mellom dei to kovane, og fartya vart truleg sjøsatt mot sør og ikkje på austsida mot Sæbøvik. Her er ingen hustufter, men ein kan finna boltar i berget, truleg brukt til fortøyning eller sjøsetting.

Ola Emmerhoff fortel at dei hadde ein del gammalt verktøy frå denne tida liggjande, men at det vart gitt til Johannes Eide for 30-40 år sidan. Han minnest særleg ei øks i denne samanheng.

gamal tid gjekk den såkalla Lensmannsgarden  like frå Koven  og samanhengande like inn til Sæbøvik, eller Nedre Sæbø som det heite  då. Koven vart martrikkulert  og seld i 1880 åra, slik at nå er heile Koven bnr.5 samla med Sjo bnr.10. 

Emmerhoff slekta på Halsnøy er etterkommarar etter skipsbyggjarane i Koven. 

Båtbyggjar tradisjonen på Halsnøy

Det er lett å forstå kor viktig båten har vore i historia om øya vår. Både i viking tid og kloster tid har ein funne spor etter skipsbygging. Men først i tida med sild og fiske frakt med Hardanger jekter sette den moderne skipsbygginga fart. På øyane våre vaks det i denne tida fram omfattande bygging av ymse fartøy. Dei gamle jektene var klinkerbygd, men seint på 1700 talet eller mest truleg tidleg på 1800 talet kom dei fyrste kravell bygde fartøya.

For å fortelja historia om skipsbygginga på Halsnøy må me ta turen til Strandebarm. Her var det ei slekt med rike båtbyggjar tradisjonar like tilbake til 1200 talet. Det var Viking ætta på Torsnes.

Hans Hanson Store Fosse fødd i 1793 var som far sin båtbyggjar med aner attende til Torsnes. Han var også jekta mann og på sine turar til Bergen sette han seg inn i korleis dei både bygde og vølte båtar her.

Han budde på det såkalla Oddmundsbruket saman med bror sin Amund og huslyden hans. Då første barnet kom til vart det trongt om plassen her, og han måtte sjå seg om etter eige husvære. I desse åra gjekk det gjetord innover fjorden om at dei var kommen godt i gang med fartybygging ute i Sunnhordland. Særleg var det Skånevik og i Høylandssundet dei var kommen godt i gang. Her var det god tilgang på skog, det var sagbruk og vervaplassene låg lagleg til ved sjøen.

På denne tida var det helst bøndene som dreiv med fartybygging. Dei leigde skipsbyggjarane og heldt dei med dagløn og mat. Fartya måtte til vanleg byggjast på kort tid, for dei måtte væra ferdig rigga til vårsildfisket. Difor var det travle dagar og så som så med mat og pausar i arbeidet. Den dagen skuta skulle på sjøen var derimot ein høgtidsam dag der dei tok seg tid både til bordskikk og bordlester.

Det gjekk ei herme etter ein onnig farty byggjar? "I dag skal jekta på sjøen så me får lesa for maten".

Hans Hanson, eller Storefossen som han her vart kalla kom til Sandvoll i 1820, der han etablerte både heim og verv. Han bygde helst her heima i Sandvoll-osen, men var også omreisande båtbyggjar.

Storefossen var vidgjeten som riggar etter sine unge år som jekta- skipper til Bergen. Her hadde han henta mykje kunne og nytenkjing om nett dette. Dei la skuta inntil bergnakken ved Skarvelandsberget, og heiste eller la ned rigg og master ved å festa taljer i dei digre trea der.

Hans og kona Synneva fekk 6 born. To av gutane vart fartybyggjarar og førte farsarven videre. Gunnar vart sendt til Strandebarm i båtbyggjar lære, og kom seinare tilbake og etablerte verven i Gravdal i 1845, tvers over sundet frå Sandvoll.

Dotter til Hans og Synneva, Sisela, fødd 19.03.1828 vart gift med Engel Sjo på Halsnøy som også dreiv med fartybygging ved sida av den store garden sin.

Då er me kommen fram til hopehavet mellom Storefossen på Sandvoll og oppveksten av moderne fartybygging på Halsnøy.

 Eg vil prøva å gjera rede for aktiviteten i Gravdal og på  Sjo ettersom det er to sider av samme sak.

Kjelde: Frå Vikingstid til Vår tid  av Hans Nerhus

Koven i framgrunnen

Koven i framgrunnen

Eide

Den første husmannsplassen me vitjar kjenner eg ikkje navnet på, men den låg like ved vegen som går bort til Hovland sin gard. På dette plasset var det stove og eldhus, eldhuset låg nærast vegen. Her budde det ei dame som heite Beate Eide, og ho var datter til Brita Eide som var søster til Smeda Hans'en på Sæbøvik. Etter kva eg kjenner til budde ho åleine her. Beate dreiv plasset som eit uoffisielt fattighus, og hjelpte mange. Ved sida av var ho arbeidsleiar på hermetikkfabrikken på Sæbøvik. Huset til Smeda Ola'en er delvis bygd med materialer frå dette plasset. Ungane på Sjo gjekk ofte innom på veg til skulen på Sætre om ho baka i eld huset, og det gjorde ho ofte. Beate var glad i born, ho tok vel i mot dei, og dei fekk alltid smaka på bakverket. På plasset var det også eit stort epletre kor det var populært å gå på epleslang, enda om epla visst nok skal ha vore av den sure sorten.

Herr budde Beate Eide

Herr budde Beate Eide

Sjo

Sjo er den garden i gamle Fjelberg kommune med flest minner frå førhistorisk tid. Gravfelta her er mellom dei største ein finn på Vestlandet. Uheldigvis er mykje av desse minna borte, men ein har grunn til å tru at dei eldste gravene kan ha vore frå bronsealderen, dvs. frå 4 -3000 år før vår tid. I den tida var Eide og Sjo eit bruksområde. Eide var navnet som var brukt om den smalaste delen av øya. Sjo navnet som tyder "ved sjøen" er truleg eit navn som folket på Eide sette på landstripa sørover mot vika.

• Karl Adolf Nilsson, som pakta bnr.1 dreiv med hest, 7 kyr og 20 sauer. Utsånaden var 3 t havre og 6 t poteter

• Engel Johan Nilsson hadde hest, 9 kyr og 25 sauer. Han sådde 1/2 t bydd, 2 t havre og 5 1/2 t poteter

• Anders Larsson hadde hest, 8 kyr, 25 sauer. Han sådde 1/8 t bygg, 5 t havre og 4 1/2 t poteter.

• Torkjel Larsson hadde hest, 9 kyr og 28 sauer. Utsånaden var 1/2 t bygg og 5 t av havre og poteter

I 1865 var det seks sjølveigarar på Sjo

• Nikolai Nilsson hadde 2 kyr og 10 sauer. Utsånaden var 2 t havre og 2 1/4 t poteter.

• Nils Jonsson hadde hest, 8 kyr og 26 sauer. Han sådde 1/4 t bygg og 5 t havre og poteter.

Samla fødde Sjo på denne tida såleis 43 storlevande, 134 sauer, dei sådde 22t havre og 28 t poteter, og det var 5 hestar,

Det var 8 husmenn på Sjo i 1865. Samla fødde dei 8 kyr og 28 sauer. Utsånaden var 4 t havre og 6 1/8 t poteter

Eg skal ikkje skriva ei gardssoge, men heller prøva å skriva litt om kven som budde her og forma folk og område frå kyrkja og innover til Larsstø og Nedre Sæbø frå ca.1850 og fram til vår tid. Gardssoga er kjent,  men her var også husmenn, fiskerar, strandsitjarar, jegrar, handelsmenn, skipsbyggjarar, sjømenn, møbelsnekkerar, rosemålarar, hermetikk industri arbeidarar og andre som alle på sitt vis forma oss til det vi er i dag.

Sidan me her skal fortelja historiar knytt til dei mange små stykkja, husmannsplasser og lignande, fell det naturleg å starte denne reisa ute ved Eid kyrkje og så ende opp i Nedre Sæbø

Med på laget for å skriva desse historiane om Sjo og omegn har eg store syster Gudveig Sæbø Ringheim. Ho er ein hylar til å finna fram i arkiver og kyrkjebøker. Ho elskar å prata med folk, og utan henne hadde dette historie prosjektet vore umogeleg. Stor honnør til Gudveig!

Sjo i bakgrunnen og Nedre Sæbø slik det er i dag

Sjo i bakgrunnen og Nedre Sæbø slik det er i dag

Medan eg leitar etter husmannsplasser på Halsnøy , og sidan  eg alt har nevnt segna om Kong Half (Alf) så kan de lesa den her medan de ventar.

Segna om Kong Half (Alf) på Sjo

Segna om Kong Half (Alf) på Sjo

Sæbøvik, den ukjente hitorien

Før har eg skreve om korleis Sæbøvik vart til sentrum på Halsnøy. Det handla om innflyttarar som kom til øya og skapte ei framtid for seg og sine, kor driftige, evnerike og framsynte dei var då Sæbøvik vart bygd opp som eit sentrum på øya. Under arbeidet med denne historia undra eg meg mange gonger over gamle bilder over området frå Sjo gardane og innover til Sæbø og Tofte. Kven budde i dei små stovene ein kunne sjå på dei gamle bildene, kven var dei, kvar kom dei ifrå og kva levde dei av.

Dess meir eg har tenkt på dette, dess meir har eg forstått kor lite me eigentleg veit om desse folka, stovene og husmannsplassene i området. Ein dag ringte syster mi Gudveig med klår beskjed om at her er mykje me ikkje veit, og at i Haugesund fanst ei stor slekt med opphav på Sjo på Halsnøy. Ei driftig post dame nå busett i Sveio leita etter kor slekta henner kom frå, og hadde bede henne om hjelp. Ja,ja tenkte eg, då er me i gang igjen. Nå blir det endelause netter og timar i arkiver,kyrkjebøker og folketeljingar.

Då er me i gong då, tankane svirrar, ideane, slektene og hustuftene fyk gjennom lufta, og snart håpar eg å kunna skriva den ukjente historia om Sjurane, Tørrisane, Ingemorane og alle dei andre som budde her i små kår på ein husmannsplass ein stad rundt Larsstøneset, blant bautasteinar og brakje.

Ein gong budde vikinge kongen Alf på Larsstøneset. Han drog like til England og røva til seg ei kone i krigsbytte. Ho vart henta tilbake til England ein gong den engelske armadaen ankra opp ute ved Hidle. Dei brende ned kongsgarden og tok kona hans med seg attende, så seier iallefall segna.

Kongar får væra kongar, eg vil heller skriva om nærare folk, som bønder, fiskarar, husmenn, noteigararar og  jegrar. Dei for ikkje til England, men var sjøfarande og fann  seg ofte koner på Kjeka, Fjelberg, Bjoa eller Tysnes.  Spennande greier.

Eg tenkjer meir og meir på det Gudveig sa, her er mykje me ikkje veit. Så derfor ber eg om hjelp, er det nokon som kjenner til gamle husmannsplasser i området, vær gild og ta kontakt. Kven veit, kanskje er den beste historia den om dei som levde i små og harde kår så seint som i siste halvdel av 1800 talet. Det er den historia Gudveig og eg nå har lyst til å setja lys på.

Er det t.d. nokon som kjenner til husmannsplasser i Nedre Sæbø ?

Sæbøvik  vert nytt sentrum

Halsenøen i dei dagar Sæbøvik vart grunnlagt.

Halsenøen i dei dagar Sæbøvik vart grunnlagt.

Halsenøen.

Halsenøen.

Klikk på bilda for større versjon

Sæbøvik i tidleg fase. Legg merke til telefonstolpen med den karakteristiske isolatoren på toppen.

Sæbøvik i tidleg fase. Legg merke til telefonstolpen med den karakteristiske isolatoren på toppen.

Halsnøy Meieri ved århundreskiftet. Herborg Sjo og Serina Sjo med nydelege forkle i hardangersaum. Dei var aldri snaue på Sæbøvik. Foto: Gudveig Ringheim

Halsnøy Meieri ved århundreskiftet. Herborg Sjo og Serina Sjo med nydelege forkle i hardangersaum. Dei var aldri snaue på Sæbøvik. Foto: Gudveig Ringheim

Sæbøvik litt seinare. Sentrum tar form og Christian Bjelland sin fabrikk no.13 er oppført.

Sæbøvik litt seinare. Sentrum tar form og Christian Bjelland sin fabrikk no.13 er oppført.

Martin Enoksen, innflyttar og grunnleggjar av Sæbøvik

Grunnleggjaren av Sæbøvik Martin Enoksen og kona Madel Olsdotter Fjelland.

Grunnleggjaren av Sæbøvik Martin Enoksen og kona Madel Olsdotter Fjelland.

Martin Enoksen

Martin Enoksen, fødd 18.04.1860 frå øya Rot i Tananger, kom som bakar til Silseth i Toftevåg. Det skulle snart syna seg at unge Martin Enoksen var av same slaget som Silseth, ein truande, arbeidsom og dugande forretningsmann.

I Toftevågen møtte Martin Enoksen ei jente, Madel Olsdotter Fjelland. Søt musikk oppstod, og snart gifta dei seg. Dei busette seg på Fjelland i det vesle huset nedom vegen, der Torgeir’s Ola’en seinare budde. Martin og Madel fekk borna Oline Serine, Enok, Malvin, Ola, Elida Marie, Henrik og Malena.

Til 1892 var det berre båtlending og kuhage der Sæbøvik har vakse fram. Det året vart halsnøybuen samd om å reisa meieri her midt på øya. Dei bygde i 1893, men la ned i 1917.

På turar ut over øya såg Martin Enoksen på om det ikkje var lurt å setja seg ned som handelsmann her like ved meieriet. 

Bak, Malvin, Enok, Oline Serina, Elida Marie. I Midten, Martin, Ola, Madel, Malena. Framme, Henrik

Bak, Malvin, Enok, Oline Serina, Elida Marie. I Midten, Martin, Ola, Madel, Malena. Framme, Henrik

Ti venstre det gamle herads og skulehuset. I midten bustadhuset til Enoksen med brusfabrikk i kjellaren, og til høgre huset der Enoksen hadde bakeri og butikk.

Ti venstre det gamle herads og skulehuset. I midten bustadhuset til Enoksen med brusfabrikk i kjellaren, og til høgre huset der Enoksen hadde bakeri og butikk.

Gründaren Enoksen skapar Sæbøvik

I 1895 sikra Martin Enoksen seg byggegrunn til to tomtar og strandrett til kai, og frå nå av vart staden kalla Sæbøvik. I 1898 flytta familien inn i nybygd hus på Sæbøvik. Han tok til i det små på sitt nylaga Sæbøvik. Eldre folk som kom og såg på bygget, og som gjerne hadde bygt sjølv, sa: «Han fere me noko pjarr denne nye mán».

Så snart Enoksen fekk midlar, så bygde han større. Sånn heldt han på til bygget var stort nok. Første bygget var ikkje rart, nei.

Men Enoksen dreiv både bakeri og handel. Etterkvart sakna Silseth i Toftevåg fleire og fleire av dei gamle kundane sine. Han orsaka dei med at dei hadde så altfor lang veg der ute frå øya. Då oppretta han filial i meiriet på Sæbøvik. Synneva Øvrevik styrte filialen her.

Enoksen tok varene sine i land på Sunde og frakta dei med båt til Larsstø, for så å kjøra dei med kjerre eller slede over krutlevegen til Sæbøvik. Det bar løye til ein gong Enoksen hadde eit sirupsfat på sleden. Ein nibbestein i øvre vegkant gav ein støyt, så sirupsfatet for til palings ned etter bakkane, og sirupen rann ut. Frå den dag vart det kraft i krava om båtstopp på Sæbøvik.

I 1898 kom båten opp. Henrik og Reinert Sjo var saman om ekspedisjonen.  Det var enda ikkje kommen kai, så dei måtte ta varene i land med båt.

Dei fann at det var ikkje for to gardbrukarar å bala med dette. Dei baud Enoksen ekspeditørjobben. Han hadde bygt eit lite sjøhus. Nå bygde han på dette, og skipa til kai utafor sjøhuset i 1900. Sønnavinden stod sterkt på og gjorde ofte skadeverk, men Enoksen gav aldri opp. Kaien vart sett i stand igjen, båten kom med varene, og handelen gjekk godt. 

Før dette hadde det vore diskusjon om kor båtstopp nr. 2 skulle komma på Halsnøy. Kaptein Simonsen i HSD peikte på Larsstø. Nils Sjo eigde grunnen der. Simonsen bad Nils Sjo ta jobben som ekspeditør. Det brydde ikkje Nils seg om. Om det hadde blitt noko av den gongen, hadde truleg ikkje verken Sæbøvik eller Eidsvik fått stoppestad. Først i 1930 vart Larsstø stoppestad med Jon Sjo som ekspeditør.

Sjølv om Enoksen si etablering på Sæbøvik også baud på auka konkurranse innan varehandelen på øya, så var Anders Silseth og Martin Enoksen alltid gode og nære venner. Dei var begge avholdsmenn og truande. 

Enoksen var truande og bibelen hans har preg av flittig bruk.

Enoksen var truande og bibelen hans har preg av flittig bruk.

På sølvbryllupsdagen fekk Martin og Madel Enoksen ny bibel i gåve frå Andreas Silseth og frue.

På sølvbryllupsdagen fekk Martin og Madel Enoksen ny bibel i gåve frå Andreas Silseth og frue.

Gåve gitt av A.Silseth på sølvbryllupsdagen

Gåve gitt av A.Silseth på sølvbryllupsdagen

Butikk, bakeri, dampskipsekspedisjon og brusfabrikk.

Ja, handelen gjekk skikkeleg godt, det var både bakeri og brusfabrikk hos Enoksen. Gamle rekneskapsbøker heilt tilbake til 1903, og «kritebok» fortel om livleg handel, og at øybuen gjorde opp for seg. Under er nokre utdrag frå rekneskapsboka og «kriteboka» på butikken til Enoksen.

«Kriteboka» til Enoksen

«Kriteboka» til Enoksen

Kritebok hos Enoksen

Kritebok hos Enoksen

Rekneskapsboka til Enoksen

Rekneskapsboka til Enoksen

Sildasalting.

I fyrstninga dreiv Enoksen også med sildasalting på kaien på Sæbøvik. Dette var ein viktig kvinnearbeidsplass. Sæbøvik utmerka seg med å være tidleg ute med arbeidsplasser for kvinner. Både på butikken, meieriet, telegrafstasjonen og på sildasaltinga var det kvinner.

Sildasalting på kaien til Enoksen

Sildasalting på kaien til Enoksen

Telegrafstasjon.

1. november 1898 vart det opna telegrafstasjon hos Enoksen på Sæbøvik. Den første telefondama på Sæbøvik var Oline Serine Enoksen, eldste dottera til Enoksen. Sjølv fekk Enoksen telefon nr. 5. Heime i huset skaffa han seg ein flott L.M. Ericsson telefon, eit nydeleg møbel av ein telefon med skikkeleg ringelyd. Den heng på veggen heima hos Bjarne Johnsen den dag i dag, men er sjølvsagt bare til pynt nå

Enoksen, telefon nr. 5 Sæbøvik

Enoksen, telefon nr. 5 Sæbøvik

L.M. Ericsson

L.M. Ericsson

L.M. Ericsson telefon frå 1898

L.M. Ericsson telefon frå 1898

Lino og Mattisen

I 1905 under unionsoppløysinga med Sverige var det nervøs stemning på Sæbøvik. Det var snakk om mobilisering, og mange mannfolk hadde samla seg utafor telegrafstasjon som var betjent av Oline. Det var uklårt kva som skulle skje, dei venta på endeleg beskjed. Dette var alvor, og mennene var svært spente. Utpå kvelden kjem Oline ut og seier ho har fått beskjed om at det ikkje vert mobilisering, dei kan berre gå heim. Oline snakka om denne hendinga heile livet, det gjorde sterkt inntrykk både på henne og mennene som slapp fara i krigen.

Husmannsonen Mathias Ingemarson og kjøpmannsdottera Oline Serine fann kjærleiken saman. Mathias kom frå husmannsplassen Stølen på Oppheim, Heio. Han tok etternavenet Johnsen.

Men Enoksen hadde nok større planar for dottera enn ein husmannsson, og var ikkje heilt fornøgd med valet til dottera. Det enda med at Matthias eller «Mattisen» som han vart kalla i daglegtale, reiste til Amerika, for det meste til sjøs der borte for å leggja seg opp pengar. Oline venta på han, og då han kom heim og kunne byggja hus til seg og Oline kunne ikkje Enoksen lenger stå imot. Dei fekk kvarandre. Mattisen etablerte seg med nytt hus og ei lita smie på oppsida av vegen i ytste enden av fabrikken. Dei fekk borna Ingebjørg Helene, Martin Olav, Ingvald, Odd Sigfred, Madel og Magnus.

Oline var einaste av barna til Enoksen som vart igjen på Halsnøy. Dei andre for til Haugesund, Kopervik og Stavanger. Oline og Mathias har stor etterslekt på Halsnøy. Martin Olav, gift med Oddveig Kippe frå Steinkjer fekk kjøpa huset  til Enoksen, truleg fordi han var oppkalt etter han. Nå bur Bjarne Johnsen i bustadhuset som Martin Enoksen bygde seg på Sæbøvik.

Foto Gudveig Ringheim.  Lino og Mattisen

Foto Gudveig Ringheim. Lino og Mattisen

Halsnøen Hermetikkfabrikk

I 1908 realiserte Martin Enoksen ungdomsdraumen sin frå Stavanger om å verta fabrikkeigar. Han gjekk saman med emissær Lars Sæbø, og reiste Halsnøen Hermetikkfabrikk. Nå var borna vaksne. Dei kunne stå for handel, telefon og dampskipsekspedisjonen, men til bakeriet var han meir bunden sjølv. Som fabrikkeigar laut han ha motorfarty. Og tidt var bakaren å sjå i styrehuset i fart frå eine brislingvågen til hin. «Enoksen er ein merkeleg mann», sa folk. «Han greier alt og står i alt»  Dagane var travle med fleire føringsbåtar, fabrikken gjekk bra, og det var til tider mange i arbeid der. Timelistene nedanfor fortel om aktivitet og lønn på fabrikken.

Den nystarta fabrikken til Enoksen ytterst til høgre . Han starta Halsnøen Hermetikkfabrikk i 1908. Fabrikken var på Enoksen vis ganske liten i starten.

Den nystarta fabrikken til Enoksen ytterst til høgre . Han starta Halsnøen Hermetikkfabrikk i 1908. Fabrikken var på Enoksen vis ganske liten i starten.

Halsnøen Hermetikkfabrikk

Halsnøen Hermetikkfabrikk

Halsnøen Hermetikkfabrikk

Halsnøen Hermetikkfabrikk

Iddis

Sild og sardiner blei lagt på boks , og etikettane var forseggjorte. Den dag i dag er det mange som samlar på iddisar - eit ord som kjem frå etikett, eller iddikett på stavangersk, forkorta iddis.»

Iddisen til Halsnøens Hermetikfabrik  Foto: Jarle Handeland

Iddisen til Halsnøens Hermetikfabrik Foto: Jarle Handeland

Ei hending med ein føringsbåt som forliste med uforsikra last ombord vart eit vendepunkt for Enoksen. Hendinga førte til dårlegare økonomi, og han skjøna at han måtte sikra fabrikken sin videre drift. Han henvende seg til venen Christian Bjelland i Stavanger, og spurde om han kunne tenkja seg å kjøpa fabrikken. Bjelland var i utgangspunktet ikkje så veldig interessert i å overta, han hadde allerede fleire fabrikkar i Sunnhordland og såg ikkje klårt behov for ein fabrikk til. Men Bjelland kom for å sjå på fabrikken, og det vart lange og harde forhandlingar heima i huset til Enoksen. Dei heldt til i andre etasjen, i leiligheten der Petra Kippe, mor til Oddveig seinare budde. Til slutt vart dei enige, Bjelland kjøpte fabrikken. Då gjorde Bjelland som han pleide gjera etter ein handel. Han tok fram to glass og ei flaske med dram. Han tømer i glasa, og seier til Enoksen. « Vi er gode venner Enoksen, og enda bedre hadde vi vert om du kunne ta en dram med meg». Det kunne ikkje Enoksen, han var avholdsmann og hadde aldri ein dråpe alkohol innom leppene.Bjelland starta straks å byggje ut fabrikken til ein større fabrikk. Martin Enoksen vart første disponenten på Christian Bjelland Fabrikk no.13. Fabrikken vart no.13 fordi den stod ferdig utbygd som stor fabrikk i 1913.

Rekneskap Halsnøen Hermetikkfabrikk i siste driftsåret 2013

Rekneskap Halsnøen Hermetikkfabrikk i siste driftsåret 2013

Martin i smio

Martin Olav var i lære hos gamle Haldorsen ved Wichmann Motorfabrikk på Rubbestadneset i 9 år, men flytta heim då han fekk kjøpa huset etter bestefaren. Om det ikkje hadde blitt slik, ville han nok blitt værande på Rubbestadneset. Medan unge Martin var på Rubbestadneset bygde han eigenhendig ein motor frå A til Å. Det var ein einsylindra semidiesel på omlag 10 hk. Denne motoren gav han til faren som hadde den i båten sin på Sæbøvik. Mattisen hadde båtopptrekk og lending i vestre enden av fabrikken. Det var eit eventyr når han skulle ut og gå, motoren røykla heile Sæbøvik, men gjekk gjorde han støtt. Martin fekk kjøpa tomt på Larsstø, og starta med verkstad der. Han dreiv på Enoksen vis, starta forsiktig og arbeide verkstaden opp til å væra bærekraftig. Seinare utvida han med smie. Verkstaden vart gjerne kalla «smio», og kaien hans var «Martinskaien». Han var ein meister med maskinar og motorar. Få om nokon har montert fleire motorar enn han i våre trakter. Den første dreiebenken hadde reimdrift. Den kjøpte han på Kongsberg Våpenfabrikk. Generalmajor Nils Sæbø var styreformann i KV, og han lova Martin å sjå etter ein dreiebenk han kunne få kjøpa. Ein dag ringte han til Martin og sa han hadde ein dreiebenk til han, han måtte komma til Kongsberg og henta den. Martin leigde inn lastebil og for til Kongsberg for å henta dreiebenken. Vel framme i Kongsberg, lurte dei på kven denne enkle karen var som kom der for å henta ein dreiebenk, og dei ville ikkje sleppa han inn. Martin visste ikkje anna råd enn å sei dei fekk ringja til styreformannen, generalmajor Nils Sæbø for å høyra om dette stemte. Dei så gjorde, og brått vart Martin bukka inn porten og behandla som viktig kunde. Han fekk omvisning på heile KV med oppvartning som ein storkar, og dreiebenken kom til Larsstø.

Nye eigarar

Johan Særsten overtek. 

Våren 1911 selde Enoksen også handelsstaden med dampskipsbryggja. Alt for 9.000 kr. til Th. Larsen frå Melingsvåg. Men Larsen vart ikkje gamal i garden. Etter 6 månader i Sæbøvik,  selde han til Johan Særsten for 6.000 kr. Større tru hadde ikkje han på Sæbøvik. Han tok heller tapet på 3.000 kr. enn å slå seg til ro. Særsten kom frå Førde der han hadde hatt handel og dampskipsekspedisjon. Han bygde på sjøhuset, utbetra kaien mykje og vølte om husa.

Heradsadministrasjonen var lagt til Sæbøvik.  

I 1919 vart det bygt moderne skulehus både på Tofte og Sætre både for stor og småskulen. Det gamle skulehuset på Sæbøvik vart teke til heradshus. Her heldt også realskulen for øya til. Eid sokn sparebank, eldste banken i Hordaland skipa i 1841, bygde bankbygg på Sæbøvik i 1920. Frå 1. januar 1915 fekk Sæbøvik poståpneri med Henrik Sjo som postopnar. Henrik Sjo fall for aldersgrensa i 1934, og Johan Særsten vart postopnar etter han. Han omlaga butikken til kontor for dampskipsekspedisjon, telefon, post og heradskontor. Så nå kunne øybuen seia: Alle vegar må føra til Sæbøvik.

Ein dag hadde Enoksen vore til byn og kledd seg opp, og då han steig i land i Sæbøvik iført nye dressen vart avondsjuka for stor for dei frammøtte på kaien. Bøndene såg på han med store auge, og kommenterte seg i mellom at nå må me starta handelslag, han har tjent nok. Like etter i 1918 vart gamla handelslaget starta opp der parkeringsplassen er nå. Martin Enoksen døde 26.10.1934 og kona Madel døde 13.04.1939. Utan dei hadde truleg Sæbøvik ikkje vore til.

Grava til Madel og Martin Enoksen er nå blitt freda opplyser Per Bjarne Johnsen. Støtta vil bli flytta bort ved sidan av bautasteinen. På gravstøtta  er Enoksen av ein eller annan grunn skrive med «ch»,  men sjølv skreiv han alltid Enoksen med k.

Grava til Madel og Martin Enoksen er nå blitt freda opplyser Per Bjarne Johnsen. Støtta vil bli flytta bort ved sidan av bautasteinen. På gravstøtta er Enoksen av ein eller annan grunn skrive med «ch», men sjølv skreiv han alltid Enoksen med k.

Det vart etterkvart fleire handlande på Sæbøvik, og utanom handelslaget kom fleire forretningar, bakarforretning, pensjonat og kaffistove. Av andre tiltak kan nemnast Øfstegård trevarefabrikk, Halsnøens trevarefabrikk, Larsstø skipsbyggeri og mekanisk verkstad.

Foto: Torbjørn Lura. Her er mykje Sæbøvik historie. I framgrunnen Røysabryggjo.I båten ser me Særstenjentene Magnhild og Hilda. Bak ser me Særstenkaien , og på Sjoøya står fortsatt notahuset til Røysarane. Det blei tatt av ein storm i 1952.

Foto: Torbjørn Lura. Her er mykje Sæbøvik historie. I framgrunnen Røysabryggjo.I båten ser me Særstenjentene Magnhild og Hilda. Bak ser me Særstenkaien , og på Sjoøya står fortsatt notahuset til Røysarane. Det blei tatt av ein storm i 1952.

Foto: Gudveig Ringheim. Gamla Handelslaget til venstre i bildet.

Foto: Gudveig Ringheim. Gamla Handelslaget til venstre i bildet.

Foto: Torbjørn Lura. Ikkje berre arbeid og slit, ungane på Sæbøvik tok gjerne robåten fatt.

Foto: Torbjørn Lura. Ikkje berre arbeid og slit, ungane på Sæbøvik tok gjerne robåten fatt.

Foto: Gudveig Ringheim. Reisande i Sæbøvik

Foto: Gudveig Ringheim. Reisande i Sæbøvik

Foto: Gudveig Ringheim. Avskjed med Amerikabesøk på kaien i Sæbøvik

Foto: Gudveig Ringheim. Avskjed med Amerikabesøk på kaien i Sæbøvik

Kjelder:  

                  Bjarne Johnsen

                  Einar Johnsen

                  Frode Sæbø

                  Øyvind Særsten

                  H.S.D. Posten - meldingsblad nr.11 1946

Tekst og bilder

Frode Sæbø