Nilla Sæbø, jordmor og naturmedisinar

Ingen har tatt i mot fleire born på Halsnøy enn Nilla jordmor som budde i huset sitt i Nillesvingen. Nillo var ei dame med mykje kunnskap og mange evner. Forutan å vera jordmor tok ho også utdanning innan alternativ natur lækjing. Hennar evner var velkjente, ho hadde det ein kallar for «varme hender», og mange fekk hjelp av ho på øyo. Roar Sæbø fortel om då far hans Halvard var sengeliggjande med ein forferdelig tannverk. Han hadde så verk at han sende drengen for å henta Nillo for å få hjelp. Nillo kom, og Halvard’en låg i senga då han kom. Ho stilte seg ved sida av senga og haldt hendene over han ved hovedet for så å føra dei over han heile vegen ned til føtene. Dette gjorde ho i ein samanhengande bevegelse som vart avslutta med at kasta elendet frå seg med orda, vekk med det. Det var då drengen som som sat ved senga enden skvatt til og ropte forferda. «Hiv da ikkje på meg».

Halvard'en vart kvitt tannverken og drengen slapp vist klar også.

Nilla Sæbø

Nilla Sæbø

Nillo i selskap med damer frå Sæbøvik
Synnevva Øvrevik, frk. Eking og Nilla Sæbø
Jordmor kofferten til Nillo

Nillo og Arne

Eg var som barn overtydd om at Nillo hadde kome med bror min Arne i ein slik jordmor koffert , og at det var derfor han var så vilter liten gut , hadde hatt så liten plass i kofferten .. ❤️Det hadde seg slik at broren heile tida sprang til sjøss .. På kaien og i strando som 2 - 3 åring . Fekk han ikkje opp døra , så hoppte han ut kjøkenglaset . Mor var som oftast åleine med oss når far var på Fiske . I den tida hadde me kjyr , gris , høns .. Arne ville ikkje vera med i fjosen , så det var nokre tilfeller at mor sette han fast i morellebærstreet med eit langt tau så han kunne leika der ei lito.. Stund . Dette var kome Nillo for øyra , ho lika det ikkje og gav mor klar beskjed om at det måtte finnast ei anna råd . Og som oftast gjorde da jo da 😀😀 Neste dag kom Nillo på døra og ville ha guten med på skogstur så mor fekk kvila . Og slik vart det . Det varte og det rakk .. Og brått opna stovedøro seg .. Inn kjeme Nillo bærende med guten , svett og forkava med håret i full uorden .. Da einaste ho sa : " Her har de han " ingen fleire skogsturar og ingen fleire klager til mor . Men ho kom m fleir i kofferten 😀😀😀

Gudveig Ringheim

Del denne siden