Brev om landslott for brisling steng i Landavågen 1927

Petter Tofte har funne dette gamle brevet om landslott i naustet sitt på Liarevågen. Brevet er merka på baksida med Landavågen og er frå 1927. Avsendar er truleg eit tilreisande notalag, mogeleg frå Sotra utifrå navnet på avsendar. Landavågen var ein av dei store, kanskje den beste kastevågen på Halsnøy, og det var vanleg at også tilreisande fiskarar fann fram till Landavågen for å fangste brisling. Stenget var på 500 skjepper brisling, a’ kr 2,58 pr. skjeppe, og med ein samla verdi på kr.1290. Landslotten utgjorde 5% av verdien på brislingen og var på kr. 64,50 Dette viser at brislingen var godt betalt og utgjorde betydelige verdiar på denne tida. Landslotten var også viktig for grunneigarane der brislingen stod låssett. Grunneigarene hengde lappar på stenga om kven landslotten skulle sendast til, og brevet syner eit slikt oppgjer. Brislingfisket var såleis viktig for heile samfunnet

Foto: Petter Tofte     Landslott i Landavågen

Foto: Petter Tofte Landslott i Landavågen

Voldi og Kvitavodlerane på størjefiske

Når ein snakkar om fiske på Halsnøy så handlar det mest om brisling, sild og til ei viss grad om islandsfiske. Men det var også anna fiske, om enn mindre kjent.

På Hvidevold dreiv dei aktivt med notlag og brislingfiske, særleg i tida før krigen. Kvitavodlarane som dei vart kalla var driftige, og under krigen fekk Abraham Hvidevold bygd ny båt av Georg Eide i Høylandsbygd. Namnet var "VOLDI", den var 56 fot lang, 17 fot breid og 8 fot djup. Voldi stod i merkeregisteret med H 36 FB.

Om sommaren då  båten var ny, låg den blank og skinande fin i Toftevågen, klargjort for størjefiske i Nordsjøen. Men noko kom i vegen heime så Abraham kunne ikkje reisa ut på feltet med båten. Han henvende seg då til sonen Hugne, og sa kort og godt att "ditta får du ta". Du skal væra skipper på størjefiske i sommar. Hugne som då var 16 år tok oppgava på strak arm, og i Nordsjøen bar det.

"Voldi" fiska godt og dei gjorde eit kjempekast på første turen. Med store verdiar ombord sette dei innover mot Bergen der lasta skulle selgjast. Det var fleire båtar på veg inn med størje ombord, og det var om å gjere å komma først for då ville ein få best pris. "Voldi" med ny 50 HK Union motor tok leiinga innover, dei andre kom like bak. Unionen arbeidde på høgtrykk og ute ved Sotra landet stoppa motoren, den var gått varm etter hardkjøret. Dei andre nådde dei igjen og  vinka når dei passerte dei. Hugne sprang i maskinen, fekk den i gang, og dei tok etter ei stund på nytt leiinga innover og fekk fortøyd først. Hugne huska til sin siste dag lyden av trekloggene til han som hoppa i land og sprang bortover kaien for å melde inn fangsten. Trekloggene slo mot brosteinen som børseskot og Voldi var først i køen for å levera til svært god pris. Denne sommaren hadde Hugne Hvidevold ein lott på 14000 kr. på størjefiske, noko som var alvorleg mykje pengar på den tida.

"Voldi" vart seldt til brødrene Einar, Petter og Andreas P. Færøy frå Solund  i 1946. "Voldi" var på drevet frå 1947, men var og nokre vintrar i Lofoten på torskefiske som fylgjar med "Nordsolund". "Voldi" vart seinare forlengd og nytta i fraktfart. 

Bildet viser Voldi på torskefiske i Lofoten etter at den vart seld til Solund.

Bildet viser Voldi på torskefiske i Lofoten etter at den vart seld til Solund.

Fortuna I på brislingfiske i 1971

Kan hende det yngste og beste mannskapet på brislingfiske i 1971

Kan hende det yngste og beste mannskapet på brislingfiske i 1971

Skal tru om ikkje dette mannskapet ombord i brislingskøyta «Fortuna I» av Halsnøy, er det yngste fiskebåtmannskapet i Norges land. Dei fem gutane er alle mellom 15 og 171/2 år. Då bruket her ein dag kom innom Sæbøvik etter lysfiske tok, vi dette bildet. Notbasen Karsten Sjo, var ikkje med ombord nett då. Han er forresten far til to av gutane som er med. Sjølv er han eldstemann ombord med sine 40 år. At dette er flinke karar syner resultatet. Dei har til no tatt opp 1500 skjepper og har 1000 skjepper i lås. «Fortuna l» er såleis best-fiskar blant dei 8-9 brislingbruka frå Halsnøy i år. Båten har delteka i brislingfiske fleire stader, og det lengste «Fortuna I» har vore denne sesongen er til Eidfjord.

Mannskapet er frå venstre Åge Vidar Sjo, Odd Emil Sjo, Dagfinn Sjo, Frode Sæbø, Kjell Henning Sjo og Atle Dag Sjo.

Haugesunds Avis 

Fortuna I

Fortuna I

Det er ikke lagt inn noen video

Frå landnot til snurrevad

Det er ikke lagt inn noen video

Sjarken Per Magne på linefiske etter hyse og Halsnøybuen på linefiske i Hardanger

Video: Jan Gunnar Sjo. Bearbeid av David Sjo og Frode Sæbø

Fjelldur

Video: Jan Gunnar Sjo. Bearbeid av David Sjo og Frode Sæbø

Med Laien til Finnmarka

Filma Jan Gunnar Sjo. Bearbeid av David Sjo og Frode Sæbø

Brislingfiske i Hardanger ca.1990

Sjobåtar på Brislingfiske ved Framnes ca. 1990. Filma av Jan Gunnar Sjo. Bearbeid av David Sjo og Frode Sæbø

Fjelldur og Tunfisk i Henningsværstraumen 1995

Halsnøybåtar på Lofotfiske
Video: Bernt-Jonny Lund på Facebook
Henningsværstraumen april 1995. Filmet fra m/k Walker N-30-A

Havheld
Trott kastar
Brislingbruk i Eidsvik
Brislingopptak - Havheld

Mytteriet på Drako

Halvard Sjo nytte stor respekt blant brislingfiskarane i Sæbøvik. Han var rekna for å vera ein svært dyktig bas, han fiska godt og dei som var med notlaget hans var blant dei med høgast lott. Halvard’en var ein spesiell kar og var viden kjent for sine mange ord og uttrykk. Han skal ha vore grublande og smart, og når han hadde tenkt ut noko tok han det alltid opp med mannskapet. Då opna han alltid samtalen med «eg har ein parabel». Like ens brukte han alltid uttrykket

«ka i all vide verden» viss han var overgidd over noko ombord.

Halvard’en hadde ikkje køy i framlugaren saman med dei andre, men hadde rigga seg til med køy i maskinrommet på Drako. Han var difor ofte maskinromsaktig i tøyet 🙂.

Sommaren 1963 var spesiell i så måte at brislingen stod spreidd og det vart mykje småkasting. Halvarden kasta og kasta på smådottane i trua på at mange bekker små gjer ein stor å. Og det gjorde det jo, fisket var bra, men mannskapet som bestod av basen Halvard, Alf’en i styrhuset samt 3 andre Halsnøybuar og to Bømlingar som hadde følgjar vart etter kvart trøtte og leie av all denne småkastinga. Til og med Alf’en murra om at det hadde vore betre å jobba på Søral for 3,50 i timen. 

Ein dag i Matre kasta dei som vanleg på små brunkar, og då Halvard’en kom ombord seier han til Alf. Du har vel ikkje sett ein einaste brunke du? Jo, det har eg, men ikkje ein einaste som var større enn at eg kunne ha den i huo svara Alf’en.

Etterkvart fekk mannskapet nok av dei mange småkasta, og bestemte seg for at nå fekk det vera nok. Neste gong Halvarden slo ned armen og ropte «not la gå» slepte ikkje ungdommen som skulle løysa øyrnabåten tampen for å kasta. Alf’en ringa rundt loddebåten uten at nota gjekk ut, og ropa til han på fordekket at slepp du ikkje båten vert det ikkje lott på nokon av dåke. Men karane hadde bestemt seg. Ikkje meir småkasting. Halvard var bøs då han kom ombord og sa som venta «ka i all vide verden» og at dei alle som ein kunne gå i land i Toftevågen.

Slik vart det, og sjølv om han angra seg og sa » de har vel ikkje tenkt å gå i land « , så vart det til at mannskapet mønstra av denne dagen. 

Då ein av ungdommane kom heim vart han møtt av far sin som lurte på kvifor han var her. Han fortalde kva som hadde skjedd, og det var då faren utbraut. «E du galen, de har jo begått mytteri».

Dei rekna ikkje med å få lott etter dette, men utpå sommaren kom Alf med ein konvolutt med 1000 kr til kvar av ungdommane.

Halvard og Drako leverte akkurat like godt som dei pleidde også denne sommaren.

Denne hendinga vart kjent som «Mytteriet på Drako» , men var vel eigentleg bare ein liten oppstandelse meir enn eit mytteri. 

SPORT, eigar Chr. Bjelland. Skipper Ingebrigt Trovik frå Tofte, mannskap frå Halsnøy og Skånevik

SPORT, eigar Chr. Bjelland. Skipper Ingebrigt Trovik frå Tofte, mannskap frå Halsnøy og Skånevik

Sport, den finaste av alle snurpebåtar

Sport

Sport

Sport var i si tid eigd av Chr. Michelsen og brukt som lystbåt. Den var 120 fot lang og 16,7 fot breid.Den var altså lang og veldig smal. Den var kjent for å ha dårlig stabilitet, men var eit smykke av ein båt.

Seinare vart båten kjøpt av Chr. Bjelland i Stavanger og rigga om til snurpenot fiske med dorryar.

Ingebrigt Trovik var skipper og mange Halsnøybuar har vore med ombord. Pappa fortel at ein gong mista dei styringa, og då kom dei seg inn til Stavanger ved at mannskapet fekk båten til å svinga ved å forflytte seg frå side til side på dekket.

Det seiest den var så rank at dei måtte hiva dorryane opp i davitane på begge sider samtidig for at båten ikkje skulle skulle tippa rundt.

Ove Wiland fra Skånevik fortel til Idar Landa på facebook: Eg var med Sport både i storm og stilla, me kom oss fram sjøl om det ikkje alltid var like enkelt. Huskar ein gong over Stadt då var eg heilt sikkert på det var slutt. Med opne gangar kom eg meg ikkje opp av maskinromet, og med gliper i dørane kom det ganske mykje sjø ned der og. Glad det kjem så mykje opplysningar om dette fartøy som er spisiel. Då Chr. Mikkelsen i Bergen og var eigar av fartøyet som lystbåt. Det er fleire frå Skånevik som har tatt sin tørn der på fiske, og ein var med etter Bjelland kjøpte den då med damp.Var med fleire ganger på slipp med Sport, ganske djup og ein fin fasong i botten. Huskar godt denne nikkepumpa til kokken når han pumpa vatten. Vil tru eg er ein av dei siste gjenlevande som har ver mønstra på dette fartøy. Det er berre ein ting og seia minnene kjem fram frå ei kjekk tid, blandt kjekke folk, og tida hos Bjelland vil eg aldri gløyma.

Geir Inge Sjo fortel på facebook etter far sin at når dei sat ved bordet forut, så var det så smalt at dei måtte sakse føtene for å få plass til å eta.

Foto: veven

Tekst: Frode Sæbø/ faktaopplysningar: Idar Landa

M/S Sport
M/S Sport

Fortuna I

Her er Fortuna I, frå Larsstø, med heimehavn ved Martinskaien/Smio, og med det yngste fiskebåt mannskapet i Norge, viss vi skal tru avisa rett. Joda, det var reportasje om oss i avisa. Eg hadde lenge avisutklippet liggjande, men kan ikkje finna det lenger. Fortuna hadde 40 HK Rubb, og var i si tid ei av dei raskaste skøytene frå Halsnøy.  Forutan basen Karsten Sjo, bestod mannskapet av ungdomar, eller smågutar ville vel nokon sei. Atle var Skipper, så var det Kjell Henning, Dagfinn Sjo, Odd Emil og meg. Sikkert nokon eg har gløymt også.

Me hadde det med å liggje bak i nota når me gjekk inn og ut fjorden.. Me rota av og til for mykje i nota dongen, og det fekk følger. Ein gong me skulle kasta, ville ikkje nota gå når basen ropa "Not La Gå".  Oddemann, løysingsorientert som han var,  hoppa opp i nota for å løyse flokjen. Då begynte nota å gå, fortare og fortare. Odd praktisk talt sprang for livet, og fekk huka tak i det vertikale staget som gjekk bort til kraftblokka. som de kan sjå på bildet. Der hang han mens nota rasa ut, heilt til Atle fekk bakka opp... Det gjekk bra, men var eigentleg ein stygg hendelse.. 

Etter det vart det mindre opphold i nota, og Fortuna fiska godt med det unge mannskapet.

Brislingfiske med Fortuna på godt og vondt, mest godt.

OPP OG NED TURARAR

Som nevnt så hadde Fortuna I eit av Norges yngste mannskap. Ungdom og iver kunne nok gå begge vegar, men mest i pluss, sidan Fortuna fiska  jevnt over godt,

Men me hadde sjølvsagt våre nedturar. Eit år blei det plutseleg mykje meir bomkasting enn det som var vanleg. Ja, stastikken var skikkeleg dårleg, og vi begynte å snakka om at det kunne vera ein Jonas ombord ( ein som har med seg ulukke eller dårleg fiske ). Nokon gjekk så langt som å samanlikne oss med ei skøyte  frå Husnes, som alle visste var ein Jonas båt. 

Utpå sommaren var vi i Hardanger ved Heatvikane, og det var forventningar om bra fiske, tiltross for ein dårleg start med mykje bomkasting. Men det vart fortsatt bom, og ingen skjøna noko som helst, kva var gale? Så ein dag vi kasta, var basen som vanleg med loddebåten for å sjekka om vi hadde fått noko, og då fekk han not i propellen midt inne i nota.. Ka i huleste, det skulle ikkje gå an. 

Då viste det seg at vi hadde fått ein ny mann på wire trommelen. Det var slik at ein måtte bremsa litt, så trommelen ikkje skulle få for stor fart, og slå bukt på snurpe wiren. Men karen bremsa så hardt at nota vart snurpa opp under kastet, og dermed kasta me over brislingen, og bomma. Fortvilelse og frustrasjon til tross, fisket fortsatte. Snart fiska me like godt som før, men ein lærdom rikare var me. Ikkje brems for hardt..

Tekst og foto: Frode Sæbø

Med Fjelldur på lysfiske  om hausten

Når sommaren gjekk over i haust, og nettene mørkna var det tid for lysfiske .

Det var noko eige med lysfisket, spennande på ein annan måte enn fisket tidligare på sommaren.  Stemningen var annleis, brislingskøytene gleid omkring på fjorden. Basane følgde nøye med på ekkoloddet, og på kor dei andre båtane befant seg. Nå leita ein ikkje etter dei store brisling stimane, men var våkne på små tegn som vak, fugl, smådottar på ekkoloddet og alltid eit auga på dei andre båtane. Var det nokon som la seg til.

Der tente Holmefjorden frå Samnanger den luringen. Han hadde så gode kontaktar i Hardanger hadde me høyrt. Han vart gjerne ringt til om nokon der inne visste om kor brislingen stod. Å ja, han nytte stor respekt, og me sirkla rundt. Uskrevne reglar sa at me måtte ikkje komma for nært med vårt lys.

På denne tida gjekk brislingen spredd i overflata, ofte såg ein den ikkje på ekkoloddet, men røynde karar på baugen på skøyta speida ned i sjøen framføre båten der den gleid fam. Trente auge kunne klara å sjå brislingen i lyset frå morilden når den pila vekk framføre baugen på skøyta. Om basen vurderte det slik at ein med lyset kunne samla alle desse småforekomstane, la ein seg til og tente lyset. Ein la ut varpen som det heite, det vil seie ein ankra opp lysbåten.

Ofte var lyset montert på ein dorry eller ein sjark. Me på Fjelldur hadde ein stor dorry med eit beist av ein Lister diesel til å drive generatoren som skaffa straum til  lyskastarane.

Så var det å tenna. Brått kunne fjorden var fyllt av kraftige lys frå alle fiskarane. Eit magisk lys, ville det komma brisling i lyset. Alltid like spennande. Når lyset var vel tent, kunne skøyta gå til lands eller ankra opp mens ein venta. Nå fekk ein seg gjerne litt søvn, og etter ei tid for basen med loddebåten ut til lyset for å sjekka. Var det liv i lyset, vak. Forsiktig nærma han seg lyset, måtte ikkje skrema vekk brislingen.  Jo, der var den. Masse vak i lyset. Stundom kunne ein høyra brislingen komma brakvakjende mot lyset. Basen lista seg opp i lysbåten og kikka. Jo der kunne han sjå den siga langs skutesida.

Så var det å fara ombord og fortelja mens kaffien kom på bordet. Dette såg lovande ut, men nå måtte ein ikkje komma for seint, slik at det begynte å lysna, for då for brislingen. Så sette me ein mann ombord i lysbåten, løyste den frå varpen slik at den seig sakte frå blåsa, akkurat nok til at me kunne kasta rundt. Eg ser for meg Fjelldur bada i lys der i mørkret mens skipper Atle ringa snurpenota elegant og stilt rundt lysbåten. Så dimma ein gjerne lyset litt mens ein snurpa. Magisk atmosfære og lys.

Når det leid mot morgon hadde ein kava inn nota og fått brislingen i merd. Sakte slepte ein merden mot land mens karane fekk kaffi og mat. Ofte hadde Karsten koka egg og stelt godt med oss før me kunne leggja oss og få litt søvn på føremiddagen.

Eit gildt liv.

Tekst og foto: Frode Sæbø

Signal II

EI VEKE OMBORD I SIGNAL II

Som nevnt før så har eg også fartstid på Signalen. Om det bare var ei veke, så var den veldig minnerik. Det hadde seg slik at det var observert store forekomstar med brisling i Bjoafjorden, ved Romsa. Eg var på den tid ombord på Fjelldur, men sidan brislingen stod djupt, slo Karsten Sjo på Fjelldur seg saman med Erling og Arthur Knarvik på Signalen, dei hadde større og djupare not. Såleis mønstra Fjelldur mannskapet på Signalen, men eg huskar at Rune Bjørgen, og eg trur Olav Johannes Nernes også var med på Signal som fast mannskap.

Det var spennande, me hadde jo høyrt om den nye motoren, Callesen med gromlyd, kor fort den gjekk... Og alt svarte til forventningane.. Callesen står i minnet med sin fine karakteristiske motorlyd, og lyset i lugaren småblinka i takt med motoren.

Det var haust og lysfiske, og når vi tende lyset, kom det straks mykje brisling, lett synleg frå lysbåten. Det var høg stemning, for i her kom det til å bli storfangst. Ekkoloddet viste alvorleg mykje brisling, og sidan me kunne sjå den siga i lyset, visste vi det var stor prima vare me hadde med å gjera.

Utpå natta kasta vi i fint vær. Signalen ringa rundt, og vi snurpa opp, nota var full.. Eg huskar endo stemningen.. STORKAST.

Så skulle me til å sjaue inn nota, den var blytung. Noko var gale, og ein nervøs stemning spredde seg blant mannskapet.. Så tung skulle den ikkje vera. Me fekk nota i kraftblokka, og fekk straks svaret... SMÅBRISLING, ikkje berre i nota, men kvar einaste maske var tredd med småbrisling.

Det viste seg at på toppen hadde vi sett stor fin brisling, medan alt under var småbriisling, akkurat passe stor til å setje seg i maskane.. 

Gleda vart nå til eit to dagars mareritt med å få ei fulltredd not ombord. Me lirka den ombord millimeter for millimeter. Den måtte jo opp..Fy søren som me sleit.

Etter to døgn hadde me nota på dekk, full av småbrisling i kvar maske. Signalen stod på ende, hadde vel aldri vore så sid på hekken.

Så var det å venta ei vekes tid, la brislingen rotne i nota, så vi kunne setje den ut og få vaska den rein. Eg gløymer aldri lukta av rotnande småbrisling, synet av millionar med små kvite makkar, den raude massen.. Hjelpe meg, de skulle kjent lukta, ubeskriveleg.. 

Nota vart sett ut etter ei veke og vaska, og Signalen vart spylt frå mast til kjøl. Det enda godt, men meir lysfiske på Bjoafjorden vart det ikkje den hausten.

Foto: veven

Tekst: Frode Sæbø

Oversikt  over brislingbruk på Halsnøy på 60 tallet. Det er heilt sikkert ein kvan som ikkje er kommen med. Opplysningane er henta frå registeret for merkepliktige fiskefartøy.

Oversikt  over brislingbruk på Halsnøy på 60 tallet. Det er heilt sikkert ein kvan som ikkje er kommen med. Opplysningane er henta frå registeret for merkepliktige fiskefartøy.

Brislingfiske med geitaskinn til besvær

Tidleg på 70 tallet var det godt brislingfiske i Åkrafjorden. Ved åpninga av fisket var mange båtar samla i fjorden, og det var registrert bra med brisling fleire plasser.

Halsnøy bruka var som vanleg godt representert, og nokon hadde jamvel fått asdic eller sonar som ein ville kalla det nå. 

Bjørgen bruket frå Sjøvangen (muligens saman med Magne Sjo) var langt inne i fjorden, ved Eljarvik, og dei såg mykje brisling, men ingenting vart registrert på ekkoloddet. Dei vart rådville, og nøla med å kasta. Men Havbris IV, v. Erling Benjaminson hadde montert sonar og kunne på lang avstand sjå store mengder brisling rundt loddebåten til Bjørgen karane.Dei kasta etter sonaren, ringa inn alt saman med den store nota og gjorde kjempefangst. Etterpå fekk me høyra at det var kommen eit geitaskinn på ekkolodd givaren til Bjørgen bruket.. Ikkje veit eg. Kan hende var det manglande erfaring med ny teknologi som lurte dei.. 

Iallefall gjorde Havbris IV eit kjempekast.

Tekst: Frode Sæbø

Fjelberg Sveis bygde kraftblokker

Brislingbruka på Halsnøy  og Fjelberg tok i bruk kraftblokk tidleg på 60 talet, før den tid var det notrull og mykje slet for å få nota på dekk, då framfor styrehuset. Den nymotens kraftblokka var på den tida drifta av det gamle garnspelet, som ofte sto på sida av nedgangen til lugaren framme. 

Fjelberg Sveis bygde kraftblokker til mange av brisling bruka i Sunnhordland. Det var ei gid inntektskilde for den lille verkstaden på Borgondo. Det enda imidlerid dårleg, dei måtte betala gebyr til Rapp som hadde patentet. Så det vart nok ingen god forretning, men dei hadde arbeid..

På Fortuna I hadde vi slik førstegenerasjons kraftblokk, dreven av garnspelet med overføring til kraftblokka med tau som vart stramt opp med talje. Ofte slira det, og me måtte koka opp bek og smørja på tauet for å auka friksjonen. Men eg kan ikkje huska at me nokon gong ikkje fekk inn nota. Seinare kom det direkte mekanisk overføring, og så hydraulikk.

Tekst: Hans Helge Vik og Frode Sæbø

Laksefiske

På 60 og 70 tallet var det mange som fiska laks på Halsnøy om sommaren.. Både kilenot og garn vart nytta. På Sæbøvik var det Naustvikjo,  Liarevågen og Bastavikjo som var dei beste plassene. Her var det krok garn som vart nytta.

Ein måtte sjå om nota og garna fleire gonger om dagen. Ofte sat ein og venta og kunne sjå når laksen gjekk  på.  Eit begrep var laksa bris.. Når det var pålandsvind var det godt fiske når solgangsbrisen frå vest gjorde at laksen trakk mot land for å finna mat. Pålandsvind betydde såleis godt fiske for garn og kilenotfiskarane.

Gode kilenot plasser var det på Arnaviksneset, Sætersnes og  Ungholm ved Klosterneset

Det blei tatt mykje laks som vart lagt inn i våte jutesekker, pakka i trekassar  og sendt til byn med nattbåten. 

Såg du noko

Ørneblikk på fjorden

Ørneblikk på fjorden

Om ein hadde hatt seg ein tur på fjorden, spurde ikkje dei gamle om været når ein kom inn, for det såg dei. Men Sørens Andersen spurte alltid,  såg du nåko utpå ? Såg du nåko? Dette kom eg til å tenkja på her ein dag då ein nymotens plast skapning sneia nedpå grunna på innsida av Kvednaflu staken. Joda, han gjekk på feil sida, og ingenting hadde han sett.

Nå er me på fjorden, og er så opptatt av å tolka alt me les på skjermane at me vert blinde for det som er rundt oss.  Kartplotter, gps, ekkolodd, radar. You name it.. Men ser me noko. Kor mange av oss hadde kunna svart Andersen på det han spurde om ? Såg du noko spurte han.

Nei, Andersen ville veta om det var liv på fjorden. Var det fiskevak, niser, sjøfugl. Var der åter og fugl som kunne tyda på fisk.. Og me hadde ikkje kunna svart, for me hadde kun kikka på skjermen..

Neste gong du er på fjorden, ta deg tid til å sjå. Bli kjent med fjorden. Han både gjer og tar, men jo meir du ser, jo meir gir han. Grei kar denne fjorden vår.

Tekst og foto: Frode Sæbø

Del denne siden