Kikkerten

Ein kikkert er ikkje berre ein kikkert. Før har eg skrive om kikkerten ombord i røysaskøyto i artikkelen "Sus og sommar på røysaskøyto".


Her er kva eg då skreiv om den heilage kikkerten:

"Værmeldinga og fiskerimeldinga på radioen var viktig. Sørens Toren hadde ansvaret for radio lyttinga. Han skrudde og skrudde til han fann fiskerikanalen, og me kunne høyra når dei andre båtane over radioen melde inn fangsten til oppsynsbåten. Også kikkerten var hans ansvar. Kikkerten var heilag, den måtte me ikkje røra. Me hadde altså eigen mann til å ta seg av kikringa, det var ikkje så nøye om han i styrehuset såg noko".


Nå er kikkerten kommen til rette i Røyso og lever sitt mystiske liv videre i trygg forvaring hos Kristin og Oddvar.


Ein nærare kikk på kikkerten avslører ei historie ingen har visst noko om, og den heile og fulle historien får meg nok heller aldri vita.

Saka er at kikkert-taska har tydeleg merker etter det tyske nazi riksvåpenet.


Merket er prøvd fjerna, men ein kan fortsatt tydeleg sjå det. Dette er ukjent historie, og ingen kan sikkert sei korleis kikkerten havna hos Røyserane. Det er ein skikkeleg god kikkert, og det var nok ei kobling her som ingen ville snakka om i etterkrigstida. Ein eller annan "forretning" har det nok vore, og nå forstår me kvifor ingen andre enn Tor fekk leggje handa på kikkerten.

Eg anar å ha høyrt eit eller anna om at Øvstegaard Trevarefabrikk i Sæbøvik som produderte vindauga og dørar hadde noko med kikkerten å gjere. Øvstegård som dreiv der før og under krigen hadde visst slike sympatiar. Han la ned verksemda og flytta tilbake til Bergen etter krigen. Men dette er vage minner frå eit barneøyre.

Uansett, kikkerten lever videre og fortel om ei anna tid som me aldri får vite alt om.

Tuberkolose i vår nære historie

Gudmundshuset oppe til høgre


Gudmundshuset, den gløymde historia

Gudmund Andersson Sjo fødd i Røyso i Sæbøvik i 1863 busette seg i det såkalla Gudmundshuset på Larsstø. Dette huset låg på eigedommen til Sjo-garden, litt nordafor der Jon Sjo budde.

Gudmund var nest eldste son til Anders Gudmundsson fødd 1832 frå Beito på Eide som busette seg i Røyso. Han var som brødrene sine Johannes på Røysaneset, og Ola som budde i Røyso, skyttar og fiskar.

Ved folketeljinga i 1900 er han strandsitjar og noteigar i Nedre Sæbø. Han var gift med Brita Karianna Anfinnsdotter. Dei fekk 7 born. Sønene Anton Andreas, Gustav, Ola Johan, Georg Bernhard, Peder Alsten, og døtrene Ingeborg Gurine og Petra Alette.

Familien blei ramma av tuberkulose, og av borna levde kun eldstedottera Ingeborg Gurine fødd 1893 opp.

To små brev frå Gudmund stila til distriktslegen i Skånvik fortel om ulukka som ramma familen. Sommaren 1930 fekk «Hrr Distriktslægen» i Skånevik» to korte brev som gjev eit godt innsyn i korleis livet deira var då tuberkulosen ramma dei. I breva fortel han heilt nøkternt at han hadde mista både kona og fem vaksne søner i tuberkulose, og at han ville brenna ned huset sitt.

Gudmund var fiskar, og var saman med sine brødre medeigar i ei fiskenot. På grunn av stor smittefrykt hadde han ikkje fått væra med brødrene sine på fiske dei siste 13 åra.

Sjølv var han ikkje smitta av tuberkulose, men sidan smitten kunne følgja med klærne hans frå huset, var det ingen som ville besøkja han eller ha særleg mykje kontakt med ham.

Gudmund hadde også tapt mykje pengar. Det var sjølvsagt eit økonomisk spørsmål for ein som hadde stått utanfor arbeidslivet så lenge å få brent ned huset og skaffet seg eit nytt. Hvis han fekk dette gjort så kunne han få bli med sine brødre på fiske igjen, og såleis vera i stand å forsørge seg sjølv.

Kva distriktslegen svarte på brevet er ikkje kjent, men i sitt neste brev fortel Gudmund at nedbrenninga av huset fekk venta til våren, altså i 1931.

Nå skulle han reise til dotter si Ingeborg Gurina som var gift og budde i Bømlo kommune. Dei hadde nemleg bedt han om å komma i lang tid. Når han kom attende til Halsnøy ville han ha ein ny samtale med legen.

Folketellingafra 1910 viser at den eldste dattera Ingeborg Gurine er i teneste hos slektningar, og dei andre bur heime hos foreldrene. Den yngste dattera Petra Alette var nesten ett år då ho døde av skarlagensfeber i 1911. I åra 1920, 1921, 1923 døde tre av sønene av tuberkulose henholdsvis 18, 23 og 28 år gamle.

I 1924 blei den nest yngste sonen Georg Bernhard innlagt på Ekely tuberkulosehjem ved Valen. Han var då 17 år gamal. I grunngjevinga for å legge han inn der, kan ein lesa at foreldrene sitt hus var lite og med få rom. Mor skulle både stella den sjuke og ta seg av heimen, derfor var smittefaren stor. I huset budde då både mor og far, samt den sjuke og hans 12 år gamle bror Peder Alsten. Den sistnevnte vart sett i fosterheim hos slektningar på grunn av smittefare.

Georg Bernhard døde i 1927 på Ekely tuberkulosehjem 21 år gamal. Seinare samme år døde hans mor, Gudmund si kone, av tuberkulose. Tre år seinare døde også den yngste sonen Peder Alsten av tuberkulose, 18 år gamal.

I 1930 sat altså Gudmund igjen med eit gamalt tomt hus og den eldste dottera Ingeborg Gurina og hennar barn. Desse budde på Foldrøyhamn i Bømlo kommune.

Anton Andreas med tilnavnet Sterke Anton var eldste son til Gudmund. Han budde på Nygård ned med bekken der som dei gamle tuftene var før, omtrent midt i bakken ned mot sjøen. Soga seier at Anton var så sterk at når dei var på nisejakt, svinga han nisene over hovudet med ein arm. Ryktet sa at han hadde dobbelt sett med musklar. Han drog opp store notabåtar åleine som om det var ingenting. Og var det slåssing eller knuffing i festleg lag, var det nok at han viste seg, så tørka uromakerane vekk som dugg for sola. Styrke til tross, vart også han råka av tuberkulose og døde tidleg.

Dattera Ingeborg Gurina døyde i 1936, men ikkje av tuberkulose. Gudmund overlevde kone og sju barn. Seinare samme år døyde også Gudmund sjølv som fattigunderstøtta i ein nabokommune.

Dottera Ingeborg Gurina har etterslekt i Bømlo og Etne. Ingen kom attende til Halsnøy. Det såkalla Gudmundshuset på Larsstø vart ikkje brent, men var aldri seinare bebudd av folk. Huset blei ei tid seinare nytta som hønsehus på Sjo-garden.


Brev til distriktslægen Skånevig 1930
Brev nr. 2 til distrikslægen i Skånevig

Brev nr. 2 til distrikslægen i Skånevig

Røyso, Sæbøvik i kvardag og fest.

Små kår, fiske og fangst. Ei historie om Røyso og dei som levde der.

Livet i Røysastovo

Røysastovo :  foto Frode Sæbø

Røysastovo :  foto Frode Sæbø

Anders Gudmundson Eide f. 1832 frå Beito på Eide, gift med Ingeborg Johannesdotter var husmann i Røyso. Ingeborg vart foreldrelaus som liten og ho vart fostra av Herborg og Lars Eide som hadde mista dotter si i ein brann. Ingeborg var såleis mor til bestemor Gidske Elisabeth Gjeven Sjo. Dette uvanlege navnet fekk ho fordi Ingeborg kalla ho opp etter barnet som Herborg og Lars Eide hadde mista.

Anders og Ingeborg fekk borna

• Johannes f. 1860

• Gudmund f.1863

• Søren f. 1866

• Gyri Serine f. 1869

• Gidske Elisabeth Gjeven f. 1869

• Ola (Røys Ola) f. 1872

• Ingeborg Sofie ( Soffio) f. 1878

Johannes kjøpte Kobbabogeneset (Røysaneset) i 1895 av Nils Jonsson Tofte. Røys Ola og Johannes dreiv begge fiske, og var viden kjent for å vera dyktige fiskarar. Røys Ola vart buande i Røyso saman med søstera Ingeborg Sofie eller Soffio som ho vart kalla. Johannes busett på Røysaneset og Røys Ola budde såleis på kvar si side av Eidsvika. Det seiest at dei utvikla ein særeigen form for kommunikasjon for å kalla på den andre viss det var fisk å sjå i fjorden. Dei kommuniserte med å hengja ut sengkleda i vindauga og i flaggstanga slik at broren skulle forstå at nå måtte han komma.

Desse karane som kunne lesa og forstå sjøen betre enn nokon andre vart nøye følgt av andre fiskarar fordi dei visste dei sat på skjeldan kompetanse til å sjå brislingstimar utan at andre fatta det.

Av den grunn utvikla dei eit eige språk når dei var på sjøen og lurte etter brisling.

Nei, eg tenkjer det er tida å reisa heim tydde såleis - vær klar

Og nå reiser me heim betydde -not la gå

Slik klarte dei å kasta før dei andre skjøna kva som føregjekk.

Tekst: Frode Sæbø

----------------------------------------------------

Soffio

Ingeborg Sofie, f 1878 , død 1963, levde alle sine dager i den gamla Røysastovo. Stovo hadde gamle tømmervegger, grua på kjøkken, og svart vedkomfyr i stova. Soffio som ho vart kalla budde saman med bror sin, Røys Ola. Dei to var søsken til mi bestemor Gidske. Huset stod tett ved vår stova,og det var ikkje mange dager i min oppvekst at eg ikkje var oppom dørene der.

Har derfor mange fine minner om deira enkle liv i Røysa stova, mest om Soffio.

Ho var ei snill dame, som heile livet sleit med sine helseplager. Ho låg mykje til sengs med eit svart plagg over augo. Sa ho ikkje tålte lyset og hadde vondt i hovudet.

Ho hadde sine faste vanar og turar. Kvar kveld i skumringa gjekk ho turen sin til Larstø, eg kan ikkje minnast at ho gjekk til Sæbøvik. Ho sydde sine enkle klær på den gamle symaskinen, heimelaga mønster, alt i same fasong

Eg huskar at eg gjekk til «Hanna Christophersen «sin butikk og fekk låna heim heile tøyruller slik at Soffio fekk velja stoff til søndagsblusen sin, ho var så glad i ruter og blomar.

Trur eg berre var 12-13 år når eg byrja skura det gamle golvetdeira med grønsåpe med sand i. Soffio ville ha det reint. Eg kjenner endå den gode angen av grønsåpa og kaffien som kokte på svartovnen.

Var eg heldig fekk eg duppa ein sukkerbete i kaffikoppen til Olaen, den var stor og hadde mange hakk, men helst drakk han på det djupe tefatet. Han sat alltid i den gamle slagbenken i kroa mot vindauga og såg ut det vesle og einaste glaset i stova.

Eg fekk mi første lønn hos Røys Olaen for arbeidet, og for første gong hadde eg penger til å kjøpa julegåver for.

I eldre dagar sat Olaen ofte ute på trappa med staven i handa, venta på at nokon skulle koma forbi og slå av ein prat. Mange fine historier frå sjø og land på øya er fortalde på Røys Olaen si trapp.

På sine gamle dager viste Soffio meg eit halvferdig sy arbeid av ørsmå lappar, ho sa det var minst 60 år og at ho hadde «putla» med det heile livet. Eg fekk dette gamle teppe i betar, ikke reint lenger etter mange års arbeidslit . Eg la det i ein pose og tenkte vel at dette tåler ikkje vask og vøla, men det gjorde det. Og her finn eg att mange bitar av heila livet deira. Kjolane, blusane,skjortene, dynetrekka mm. sikkert frå bestemor og alle dei andre syskena i Røyso. Heila livet deira er i det teppet. Kvar lapp har ein historie.

Tenk alle timane ho har sete i lampaljos i den gamle stova, tross alle plagene sine hadde ho gleda av slikt enestående handarbeid.

Mest kvar einaste laurdag fram til mor fekk elektrisk hedla,fyrte ho opp i grua i kjellaren i huset vårt for å steika potet kaker, nordlandlefser og anna,

Det var den beste stunda på heile veka når varmen og bakesteeimen breidde seg i kjellaren. Den gode bakstestunda med mor. Så sant Soffio klarte det, kom ho i kjellaren til oss på bakstedagen.

Men ho ville kun sitja på ein gamal eplekasse, ho hadde sine meiningar om slikt, Var ho i strok som ho sa, var ho med å laga emner til kakene. Etterpå tusla ho heim med ei lita budda med kaker til seg og Ola'en.

Kvar julafta pynta me eit lite furu juletre som dei skulle ha på bordet sitt, pappa snekra korsfot av tre, og når klokko ringde inn jula gjekk me i Røysa stovo.

Dei hadde taus i røyso. Det var fordi Røys Ola var mykje vekke på fiske, og Soffio var mykje sjuk, og kunne ikkje vera åleine. Tauso budde på skråkammerset oppe heima hos oss, på det rommet som seinare vart vetle bror Frode sitt. Sista tauso var frå Baugstrando, eg trur det var Johanne Furdal som var svigermor til Magnhild Meyer Eide frå Eidsvik.

Røysastovo står der den dag i dag. Eg trur ikkje dei ville bytt livet sitt med vår tid.

Nå er det Kristin Fjelberg og Oddvar Grønseth som fører tradisjonane og slekta videre, og har Røysastovo som fritidsbustad i Sæbøvik.


Av Frode Sæbø og Gudveig Sæbø Ringheim

----------------------------------------------------

Soffio i Røyso sin draum

Foto: Frode Sæbø

Foto: Frode Sæbø

 Soffio hadde ein draum om å gifta seg ein dag. Ho var veldig flink til å sy, og sydde seg nattskjorte , sengeteppe og putevar som ho skulle ha til brydlaupsnatta. 

Men slik skulle det ikkje gå. Ho vart sjuk med permanent migrene og låg mykje til sengs. Soffio vart aldri gift, men budde med bror sin Ola i Røyso all sin dag. 

Men draumen hennes lever videre med desse bildene av det ho laga til sin store dag som aldri vart noko av.

Av Frode Sæbø

Sengeteppe
Sengeteppe
foto : Gudveig Sæbø Ringhein
Nattskjorte
Nattskjorte
Foto: Frode Sæbø
Pute
Pute
Foto: Frode Sæbø
Pute
Pute
Foto: Frode Sæbø
Dotter mi Ida Matilde Sæbø som Røysataus i  Ingeborg Sofie Andersdotter Sjo (Soffio) si nattskjorte.

Dotter mi Ida Matilde Sæbø som Røysataus i  Ingeborg Sofie Andersdotter Sjo (Soffio) si nattskjorte.

Røysatovo og tunet heima
Røysatovo og tunet heima
foto Frode Sæbø
Røysastovo
Røysastovo
Foto: Gudveig Sæbø Ringheim
Gidske Elisabeth Gjeven Sjo
Gidske Elisabeth Gjeven Sjo
Foto: Frode Sæbø
Røys Ola
Røys Ola
Foto: Frode Sæbø
Gidsko og Soffio
Gidsko og Soffio
Foto Frode Sæbø
Soffio og Gidske
Soffio og Gidske
Foto: K.B. Røssland
Ingeborg Sofie (Soffio)
Ingeborg Sofie (Soffio)
Foto: Frode Sæbø
Gruvo der mamma og Soffio bakte mest kvar laurdag
Gruvo der mamma og Soffio bakte mest kvar laurdag
Foto: Frode Sæbø
Anders Sæbø, Arne Sæbø og Arnt Sæbø
Anders Sæbø, Arne Sæbø og Arnt Sæbø
Søren Sjo
Søren Sjo
Anders Sæbø
Anders Sæbø
Røysarane kastar på Bastavikjo
Røysarane kastar på Bastavikjo
Sørens Andersen
Sørens Andersen

RØYSABRUKET

Ternen I

Ternen I

Røysarane har fått navnet sitt etter som dei budde budde i Røyso, og navnet blei også brukt om etterslekta deira så lenge dei dreiv fiske.

Røysarane var tidleg ute med ekkolodd og snurpenot, og var rekna for å vera dugande fiskarar.

Det var bommullsnot som rådde grunnen på mine første turar på brislingfiske. På den tida var det vanleg at nota var plassert midtskips framafor styrehuset. Til vanleg var den dekka med presenning for det var ikkje bra med hverken regn eller mykje sol på bommullen. År om anna måtte nota barkast, det vil sei setjast inn med impregnering. Viss eg huskar rett, måtte ein til Bekkjarvik for å få gjort dette.

Røysarane var blant dei første på Halsnøy som fekk ekkolodd og snurpenot. Ekkoloddet var av merket Kelvin Hughes med papir og pennar som skreiv. Papiret var veldig dyrt, og når papir rullen var oppbrukt la ein det i vatn og vaska det, tørka det, og rulla det sirleg tilbake for gjenbruk.

Kaffifløyten var på slike Viking boksar som ein slo to små hol i lokket på. Då kunne ein både få passe mengde fløyte i kaffien, og dei små hola gjorde at dei flaut når dei vart kasta på sjøen.. For dei tomme boksane vart også brukt som markeringsboksar. Når basen hadde funne brisling på ekkoloddet heiv han ein boks på sjøen der brislingen var. Då vart det lettare for han i styrehuset å setje nota rett.

Sidan ikkje alle hadde ekkolodd var det vanleg at basane som ikkje hadde slikt lodd følgde med på loddebåten til Røysarane. For å få arbeidsfred kasta ein av og til boksar ut på feil plass uten å ha funne noko, og fekk dei andre til å kasta bom. Då kunne dei i ro og mak kaste sjølv der brislingen stod. Røysarane hadde ord på seg for å vera både dyktige og lure, og var i si tid blant dei som fiska best.

Arbeidsfordelinga var fast under kast. Det var pappa, Anders Sæbø som var bas, og Sørens Andersen var i styrehuset (skipper). Når nota vart tatt inn la Andersen flåno, Toren og ein til la bussen, og pappa la grunnen. Ikkje ein brisling slapp forbi Toren, men vart plukka vekk så den ikkje rotna og ødela nota. Det var jo ikkje kraftblokk den gongen. Nota vart kava ombord med mekanisk rull. Ein hadde to skøyter, og det var Olaen i Hagen eller Sørens Olaen som han også vert kalla som førde følgjaren.

I helga når dei var heima måtte nota tørkast i galgen i Sjoøyo..

Sus og sommar på Røysaskøyto

FØRSTEREIS PÅ RØYSASKØYTO.

Eg var ikkje så gamle karen første sommaren eg fekk vera med på brislingfiske.

Dei fleste minnene knytter seg meir til livet ombord enn til sjølve fisket. Tenk å få dela lugar med pappa, Sørens Andersen, Sørens Toren, Hans Nygård og Sigve Fjelberg. Sørens Olaen og Per Fjelberg losjerte i følgjaren.Joda, eg husker fisket og, men det som set sterkast i minnet, er desse snille gode karane, praten, historiane, måltida..  Ikkje det at det var så flotte måltid, men nypoter og kokebrisling.. du verden, ein kunne ikkje få det bedre. Me fiska ofte i Matre og Åkrafjorden, og eg mistenkjer den dag i dag at det hadde samanheng med Skånevik. Det var høgtid når karane for til slaktaren i Skånevik for å kjøpa syltelabbar. Derfrå gjekk turen til bakaren.  På vegen videre inn fjorden vart det festmåltid på dekk. Syltelabbar og poteter, servert på ein avreven papirflik av ein mjølsekk frå bakaren. Då slapp me å vaska opp. Og etterpå var det tebrød. Eg trur alle skikkelige brislingfiskarar elskar tebrød.

Kveldsmaten var helst lyst brød med sirup eller sukker, og så notakaffi, kokt fleire gonger på samme gruten, men vetle meg fekk gul kjøpe saft. Huska de dei små flaskene med gult saft konsentrat. Var det Simpsons saft dei heite ?Ekslusive greier for meg som var vane med heimalaga ripssaft.

Eg delte køy med pappa for der var det plass. Når me hadde lagt oss, gjekk praten i lugaren, historiane hang laust, og eg fekk kvar kveld servert dei mest spennande jakt og fiskehistoriane det gjekk an å tenkja seg.

Hansen på Nygård var med ombord, og han hadde fått ansvar for å passa litt på meg. Eg fekk styra skøyto, men rakk ikkje opp til å sjå ut. Då henta Hansen "Sirio" dobøtto vår, snudde den opp ned så eg kunne stå på den og sjå ut.. Så var det bare å styra den veg karane som sat frampå baugen peika. Dei peika ikkje alltid same vegen, då tok eg for sikkerhets skuld alltid den vegen pappa peikte.

Hansen på Nygård forklara meg at det var viktig eg sov like mykje på begge sider. Derfor fekk han meg til å tru han hadde ein stor krok som han kom og snudde meg med i køya kvar natt. Eg låg våken kvar natt og venta på han, men klarte aldri å få med meg snuinga.. Men trudde på det , det gjorde eg..

Værmeldinga og fiskerimeldinga på radioen var viktig. Sørens Toren hadde ansvaret for radio lyttinga. Han skrudde og skrudde, fann fiskerikanalen, og me kunne høyra når dei andre båtane over radioen melde inn fangsten til oppsynsbåten. Også kikkerten var hans ansvar. Kikkerten var heilag, den måtte eg ikkje tukla med. Me hadde altså eigen mann til å ta seg av kikringa, det var ikkje så nøye om han i styrehuset såg noko.

Eit lite stykke inn i Åkrafjorden var det ei fyrlykt. Sus fyrlykt. Eg hadde aldri sett ei fyrlykt før, eg vart så fasinert av denne lykta at dei gav meg navnet Susen. Sigve Fjelberg brukte det navnet på meg heile livet sidan. Kos e da med Susen bruka han å sei når eg traff han.

Skimlebas, ein viktig jobb

Notahengje eller galge som dei vart kalla og skimle.

Notahengje eller galge som dei vart kalla og skimle.

Skimle er ei kvit fjøl, med jernlodd i eine enden og tau i den andre, forma omlag som ein fisk. 

Den vart brukt til å skrema brislingen vekk frå opningen i nota. 

I ei snurpenot kan fisken stikka både ned, og ut i opningen ved båten før ein har fått snurpa. Det vil sei dradd sammen nota i botnen med wire som går gjennom ringar i botnen av nota.

Her er det skimla blir brukt. Ein sender den i full fart ned i opningen, dreg den opp, igjen og igjen for å halda brislingen unna opningen. Her er det skimlebasen som gjer jobben. Oftast var det yngste mann ombord som fekk denne jobben, med tilhøyrande heiderstittel skimlebas.

Per, Sigve og Sindre Fjelberg på linefiske

Per, Sigve og Sindre Fjelberg på linefiske