Julaminne frå Bråtet, Sæbøvik og Stølshaug

Kvar julafta rundt kl 15- 16 etter at mamma hadde tatt på seg julekjolen gjekk ho åleine.. til Bråte for å seia god jul til sine.  Då skulle me .. passa mat og gå i Røysahuset m Pappa med et pittelite Furetre og julemat . Eg gløymer ikkje julaselskapo .. i Bråte , med alle forteljingar av karane .. mest onkel Nils. Og dei gode Bråtalefsene til mormor . Kjenner stemningen inn i sjela . Kl 17 kom mamma heim .. då stod me alle ute i vegen og høyrte kjyrkjeklokkene !! God jul 🎄💫🎄💫 (Gudveig Ringheim)

Den kjekkaste julo når eg va liten hadde jo med julepresang og snø å gjera. 1962, når Laila kom heim te jul va da stor stas. Og så hadde ho med seg ein long pakke...Den va te meg! Ser den enno for meg det Laila hadde sett den opp etter veggen uti gongen. Ikkje nåko mjuk pakke dette nei. I pakken va da altså to raude treski. Du verdo!! Ute va da snø på julekvelden og snødn lava ned. Eg måtte bare prøva di med ein gong, i veien ned forbi Serino. Ingen bindinga, men med syltestrikk hong skino fast på ein måte. Trur ikkje da glei så godt men kjekt va da. Og et gyllent minne. Eg ønskje dåko alle ei riktig god jul! 🎅🏼☃️🌲 (Ragna Sjo Hjelleflaten)

Eg feirte jul i Bråte berre ein gong då eg var lita. Då var eg 6-7 år. Far hadde fått fri og vi skulle reise veslejulafta. Det var et uver utan like og då vi stod og venta på bussen, kom dei ein kar bort til oss og sa vi måtte gå heim. Det var meldt snøstorm. Skuffa tusla vi heim att. Men neste dag snøa det berre litt, så vi prøvde på nytt. Vinden hadde løya noko, men vi fekk gynga oss!! På veg frå Leirvik måtte far ut på dekk og vere med mannskapet og redde varer og koffertar. Sjø slo innover dekk. Gitt kven som var lykkeleg då vi kom i varm Bråtastova til mat og parafilampen tent! På sjenken stod eit fint juletre. Varme hender og glade smil tok imot oss! Det blei ei gog jul!!🎄 (Solgunn Lillejord Håheim)

Og der på sjenken stod da ein sånn karusell av gyldne engla, som sveiv i ring av varmen frå talgalys og laga plingelyd. 🌟 (Ragna Sjo Hjelleflaten)

Og der på sjenken stod da ein sånn karusell av gyldne engla, som sveiv i ring av varmen frå talgalys og laga plingelyd. 🌟 (Ragna Sjo Hjelleflaten)

Julaselskap , folkens, da var kjekke greie`. Da kjekkaste var hos Gudveig og dei, Dei konne, og hadde så mange kjekke "julamoro,"Og så hadde dei nåko ingjen andre hadde. Onkel Anders! Han var "kjeringjo med staven", Han stilte først , og eg trur da var ein kost han hadde i høgra håndo,Me ongane haldt kvarandre på akslene og så song adle "kjeringjo med staven", og me fòr som Åsgardsreio gjøno adle rommo, nåken gonge`før me heilt ned til posten.Hjelpe meg kor kjekt!!!! Ingjen andre onlar var med på nåko sånt... og iallfall ikkje Bråtagutane! Da va roligare leikar og. "Ta den ring", "Mitt skip er lasta med", "Min venn", Kom,kom inn.."  (Frøydis Fjellhaugen)

Del denne siden